Noreg vert vanleg att
Dei gode tidene er over, seier sjeføkonom Elisabeth Holvik. Ho trur Finansdepartementet er for optimistisk.
Finansminister Siv Jensen meiner at veksten i Noreg vert på heile 2,5 prosent neste år. Elisabeth Holvik trur Jensen tek feil.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Vi menneske vil helst tru at framtida skal verta betre. Byråkratane i Finansdepartementet ser ut til å vera mellom dei. Neste år spår dei ein realvekst i norsk økonomi på heile 2,5 prosent, og det sjølv om veksten i produktiviteten har vore historisk låg i ti år no. Elisabeth Holvik er sjeføkonom i Sparebank1.
– Trur du på 2,5 prosent?
– Eg gjer nok ikkje det. Dei siste overslaga for oljeinvesteringar syner ein vekst på ni milliardar neste år. Det er ein klårt lægre vekst enn dei siste åra. Og dimed forsvinn draghjelpa frå den sektoren. Så eg trur på ein veikare vekst neste år enn Finansdepartementet.
– Kvifor opererer dei med så høg vekst?
– Dei gjer sitt beste, dei òg. Vi ser det same i prognosane til både Finansdepartementet, Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå. Dei vonar at dei låge rentene og den svake kronekursen skal få opp eksporten og fastlandsinvesteringane. Men den tendensen ser vi lite til. Den auken vi har sett i fastlandsinvesteringar, har gått til automatisering, digitalisering og investeringar i kraftsektoren, typisk sånne smartmålarar. Men vi ser ikkje ein auke i investeringar for auka eksport.
– Kvifor hjelper ikkje den svake kronekursen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.