Miljø

Noreg kan få traktattrøbbel

Dei høge kostnadene ved å ta miljøsaker til retten i Noreg kan vere brot på ein internasjonal miljøkonvensjon.

Noah, som her demonstrerer i Oslo, er blant organisasjonane som meiner kostnaden ved å gå til sak for miljøet er for høge i Noreg. I ei sak om lisensfelling av ulv vart organisasjonen dømd til å betale sakskostnader for både staten og tredjeparten i saka.
Noah, som her demonstrerer i Oslo, er blant organisasjonane som meiner kostnaden ved å gå til sak for miljøet er for høge i Noreg. I ei sak om lisensfelling av ulv vart organisasjonen dømd til å betale sakskostnader for både staten og tredjeparten i saka.

Noreg har sidan 2003 vore del av Århuskonvensjonen, ein internasjonale traktat som skal sikre borgarane i det som i dag er 46 medlemsland, rett til miljøinformasjon og deltaking i avgjerdsprosessar som har med miljø å gjere. I tillegg seier konvensjonen at borgarar skal ha tilgang til klage og domstolsprøving av avgjerder, handlingar og mangel på handlingar som har følgjer for miljøet, og at ei slik prøving må vere tilstrekkjeleg og effektiv, upartisk, rettvis og ikkje uoverkomeleg dyr.

Fleire juristmiljø og miljøorganisasjonar meiner no at Noreg ikkje oppfyller dette siste punktet i konvensjonen. Det går fram av høyringssvar Klima- og miljødepartementet fekk på utkastet til rapportering om norsk gjennomføring av konvensjonen i fjor haust.

«NIM er bekymret for at det høye sakskostnadsnivået i rettsapparatet generelt, og i klima- og miljøsaker spesielt, forhindrer gjennomføringen av bestemmelsen», skreiv til dømes Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).

Liknande innvendingar hadde Advokatforeningen, som er profesjons- og interesseorganisasjonen for over 90 prosent av alle norske advokatfullmektigar og advokatar, så vel som den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen (ICJ Norge), som er ein uavhengig organisasjon av juristar. Det same hadde Foreningen Grunnloven §112, som jobbar for å styrkje betydinga av den nye miljøparagrafen i Grunnloven, dyrerettsorganisasjonen Noah og miljøorganisasjonen Sabima.

Fleire feil

Den som vil ta ei miljøsak til retten i Noreg i dag, må, som Dag og Tid skreiv om førre veke, vere budd på å kunne betale både eigne og motparten sine sakskostnader om han taper. Samla kan det vere snakk om godt over ein halv million kroner berre i tingretten. Går saka fleire rundar i rettssystemet, kan summen verte fleire millionar kroner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement