Noreg har ikkje teke standpunktEU har opna tvistesak i og varsla straffetoll mot USA. Noreg har ikkje gjort nokon av delane.

EU har opna tvistesak i WTO og varsla straffetoll mot USA. Noreg har ikkje gjort nokon av delane.

– Noreg har ikkje innført vernetiltak dei siste 30–40 åra. Tollova gjev heimel til å innføre både vernetiltak og rebalanserande tiltak. Det er ikkje teke standpunkt til om Noreg skal innføre rebalanserande tiltak mot USA.

Det svarar næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i eit e-brev når Dag og Tid spør om Noreg òg vurderer mottiltak mot USAs toll på stål og aluminium.

Noreg har vore omfatta av tollsatsane sidan dei tredde i kraft 23. mars.

EU, som vart råka av tollen fyrst 1. juni, har alt klaga USA inn for Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og varsla direkte mottiltak mot USA som «vil spegle att skaden som følgjer av dei nye amerikanske handelsavgrensingane på EU-produkt», ifølgje EU-kommisjonen. Mottiltaka, som inkluderer 25 prosent ekstratoll på mellom anna ris, mais, whisky, sigarettar, fleire typar klede, motorsyklar og motorbåtar frå USA, er varsla å kunne tre i kraft frå juli. EU-kommisjonen har rekna ut at USAs toll på stål og aluminium råkar EU-eksport til ein verdi av 6,4 milliardar euro.

Den norske eksporten til USA for dei stål- og aluminiumsprodukta som er omfatta av dei nye tollsatsane, er ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet liten, 28,5 millionar kroner for stål og 71,5 millionar kroner for aluminium i 2017.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement