JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Noreg har fått eit godt rykte

No kjem det fleire ukrainske flyktningar til Noreg enn til Sverige, Danmark og Finland til saman. Kvifor?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Over seks millionar ukrainarar har flykta frå heimlandet sidan Russland gjekk til fullskalakrig i februar i fjor. No aukar talet ukrainske fordrivne som kjem til Noreg.

Foto: Bernat Armangue / AP Photo

13425
20231124

Ukrainarar
til Noreg

Nær 65 000 ukrainske flyktningar har kome til Noreg sidan februar 2022.

Kommunane har busett 50 000 ukrainarar så langt, og ifølgje regjeringa er det behov for å busetje 33 000 fleire neste år.

Ukrainarane gav i fjor folketalsvekst i heile 102 kommunar, som ville hatt nedgang utan dei.

Kjelde: Kommunal- og distrikts-
departementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og Utlendingsdirektoratet

Migrasjon

eva@dagogtid.no

– Vi har vorte tekne godt imot og er svært nøgde med å vere her. Og vi er nøgde med huset. Dei tre barna våre har alle fått eige rom, seier Volodymyr Dobryvetsjir.

Familien hans på fem har nyleg vorte busette som flyktningar i Klepp kommune i Rogaland og tek imot i tomannsbustaden dei har budd i i halvannan månad. Dei må seiast å vere vane med å flytte. Heimen deira i Donbas aust i Ukraina vart okkupert av russarar i 2014, og sidan har dei vore fordrivne.

Fyrst busette dei seg i Kyiv, men då Russland starta storkrig 24. februar i fjor, pakka dei bilen og køyrde lenger vest. Flukta gjekk opp i fjella i Karpatane, der dei fyrst budde hjå nokre vener, seinare drog dei inn i nabolandet Polen. I august i år kom familien med buss via Tyskland, Danmark og Sverige til Noreg.

Stort skifte

Dimed er Volodymyr Dobryvetsjir, kona Jevhenija og borna Olha, Sofija og Danyil del av statistikken som vart omtalt i ei pressemelding frå Arbeids- og integreringsdepartementet for to veker sidan. Den seier at Noreg dei siste månadene har teke imot rundt 1000 fordrivne frå Ukraina per veke, og no tek imot fleire enn Sverige, Danmark og Finland til saman.

Rett nok har det samla sett ikkje kome særleg mange fleire ukrainarar til Noreg enn til Sverige og Finland – alle tre landa har teke imot litt over 60.000 kvar – men det kjem av at både Sverige og Finland fekk langt fleire enn Noreg dei fyrste månadene etter krigen. Over 27.000 av dei 62.000 ukrainarane som har søkt vern i Sverige sidan den russiske storinvasjonen, søkte i mars i fjor. Sidan juli i år har Noreg derimot teke imot flest, ifølgje tal frå Utlendingsdirektoratet.

Så kva er det som gjer at ukrainarane no i større grad kjem til Noreg enn til dei andre nordiske landa?

God mottaking

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ikkje noko klart svar.

– Det kan vere at vi har eit godt rykte for måten vi tek imot ukrainarar på, og at Noreg er eit velfungerande samfunn, men vi veit ikkje kvifor fleire vel å kome hit, skriv statssekretær Kjetil Vevle i e-post til Dag og Tid.

Guri Tyldum, som er forskar ved migrasjonsavdelinga hjå forskingsstiftinga Fafo, har derimot eit svar: Gode mottaksordningar og utsikter til jobb gjer Noreg meir attraktivt for ukrainarar enn mange andre land.

– Vi har eit godt mottakssystem og gode integreringsordningar, og vi har behov for arbeidskraft. Alle dei tre tinga gjer at det er både rasjonelt og fornuftig å kome hit, seier Tyldum.

Ho har særleg sett på korleis ukrainske flyktningar vert tekne imot i Noreg og i Sverige, og mellom dei to landa er skilnaden nokså stor: Noreg gjev ukrainarane rettar tilsvarande andre flyktninggrupper, medan Sverige gjev dei rettar som asylsøkjarar.

Ulike rettar

Konkret inneber det at ukrainarane i Sverige verken har rett på språkkurs eller andre integreringstiltak. Dei får heller ikkje tilgang til velferdsordningar som barnetrygd, sosialhjelp eller dagpengar, eller helsetenester utover akutthjelp, infeksjonsførebygging og hjelp knytt til graviditet og fødsel. Unntaket er personar under 18 år, som har fulle helserettar. Dette går fram av ein studie Tyldum publiserte i august i år, saman med kollegaene Ida Kjeøy og Ragna Lillevik i Fafo.

Ifølgje studien må ukrainarar i Sverige såleis i stor grad forsørgje seg sjølve. Dei som ikkje er i stand til det, kan få økonomisk støtte som utgjer rundt 61 svenske kroner per dag. I løpet av ein månad svarar den støtta til berre 5,4 prosent av månadleg medianinntekt i Sverige i 2022. Svenske Migrationsverket syter også for gratis bustad til dei utan inntekt, men berre dersom dei er busette i ein kommune utpeikt av Migrationsverket, og berre så lenge dei ikkje har anna inntekt, ifølgje studien.

I Noreg har ukrainske fordrivne tilgang til helsetenester på lik line med andre innbyggjarar og same behovsbaserte velferdsgode som andre, inkludert sosialhjelp. Etter eitt års opphald kan dei også få barnetrygd og anna støtte etter folketrygdloven. I tillegg får alle mellom 18 og 55 år tilbod om eit introduksjonsprogram som mellom anna inkluderer språkopplæring, arbeidsrelatert utdanning og praksis, og foreldrerettleiing for dei med barn under 18 år.

Programmet er på inntil seks månader, men kan forlengjast med inntil seks månader, og det inneber også løn som vert utbetalt via kommunen dei er busette i. I dag utgjer løna 19.770 kroner per månad for ein vaksen deltakar. Summen er skattepliktig og skal dekkje alle utgifter inkludert bustad så lenge kurset varer.

Land å starte på nytt i

Tyldum ser to forklaringar til den svenske tilnærminga. Den eine er at Sverige har eit meir omfattande integrasjonsprogram enn Noreg for flyktningar med vidaregåande utdanning frå heimlandet. Såleis ville svenskane fått langt større kostnader ved å tilby dette til ukrainarane òg. Den andre er at svenske politikarar eksplisitt har ønskt å unngå at Sverige igjen står fram som meir attraktivt enn andre europeiske land, slik tilfellet var under flyktningkrisa i 2015 og 2016.

Samstundes er det fyrst og fremst dei svenske ordningane for ukrainarar som skil seg ut i Norden, ikkje dei norske. Det går fram av ein studie Nordisk ministerråd og FNs høgkommissær for flyktningar, UNHCR, laga i fjor. Den syner at Sverige er det einaste nordiske landet som ikkje gjev ukrainarane same rett til helsetenester som eigne borgarar. Sverige gjev òg mindre økonomisk støtte enn dei andre landa til å dekkje grunnleggjande behov for ukrainske fordrivne utan eiga inntekt. Og landet som gjev den høgste økonomiske støtta, er ikkje Noreg, men Island, der ukrainske fordrivne dei fyrste åtte vekene får 235 euro per vaksen per månad. Etter busetjing i ein kommune kan dei få mellom 1046 og 2428 euro per månad, altså opp til rundt 28.000 norske kroner.

Ifølgje studien tilbyr Island også ukrainske fordrivne offentleg finansiert språkkurs, medan både Finland og Danmark òg tilbyr introduksjons- eller integrasjonskurs, slik som i Noreg.

Dansk skepsis

Kva kan då forklare at Noreg tek imot langt fleire enn til dømes Danmark?

– I praksis gjer dei to landa ting nokså likt, men Danmark signaliserer mykje tydelegare at tilboda til ukrainarane er mellombels. Det er ein sterkare skepsis mot flyktningar i Danmark, og det kan ha noko å seie for dei som er på jakt etter meir langsiktige løysingar, seier Tyldum.

Ho syner til at det no også er ei lita endring blant ukrainarane som forlèt heimlandet: I starten, då folk flykta akutt, drog dei i hovudsak til land der dei hadde vener og nettverk frå før, medan dei som dreg no, i større grad både har hatt meir tid til å tenkje seg om og tek med i vurderinga at det kan ta tid før krigen er over.

– Dei ser at det ikkje vert fred i morgon, og tenkjer at dei må starte på nytt ein annan stad, og det er ein av grunnane til at det kjem uforholdsmessig mange til Noreg no. For det er gode høve til å starte eit nytt liv her, seier ho.

Fleire frå krigen

At det no skjer endringar i kven som kjem, kan også Bjørner Snilsberg, seksjonsleiar for operativ utlendingskontroll hjå Sør-Vest politidistrikt, stadfeste.

Eininga hans har ansvar for det som er ein av seks registreringsstader for ukrainarane som kjem til Noreg, og dei siste 10–12 vekene har dei registrert opp mot 130 nye flyktningar i veka. Det er ein markant auke frå tidlegare, seier han.

I tillegg er det til dels andre slag flyktningar som kjem no.

– Det har òg vore ei dreiing mot at det no kjem fleire og fleire frå dei områda som er direkte råka av krigen, aust i Ukraina, altså folk som har opplevd meir krigshandlingar enn dei som kom i starten. Tidlegare var det også stort sett kvinner og barn og nokre eldre som kom, men no ser vi ein liten auke av menn som kjem, seier han.

– Menn mellom 18 og 60 år har i utgangspunktet plikt til å vere att og forsvare landet?

– Det finst fritakskriterium. I starten var det stort sett berre menn med tre barn eller meir som var fritekne frå å delta, men det har kanskje vore endringar der òg, seier Snilsberg.

Han legg til at dei fleste som kjem, har vore innom eit anna land fyrst, nokre få endåtil innom andre nordiske land, og at det nett no er særleg mange som kjem frå Polen.

– Kva den utløysande årsaka til det er, veit vi ikkje, men Polen har innført ein del endringar i opphaldskravet nyleg, så det kan vere litt av forklaringa, seier Snilsberg.

Volodymyr Dobryvetsjir, kona Jevhenija og borna Sofija (f.v.), Olha og Danyil kom til Noreg i august og er no busette i Klepp kommune i Rogaland.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Uviss retur

Volodymyr Dobryvetsjir fortel at han og familien forlét Polen av økonomiske grunnar. Han jobba for IT-firmaet Netcracker då krigen braut ut, og heldt fram i jobben frå Polen medan dei budde der.

Familiefaren seier dei likte seg godt i Polen, men at tilhøva vart vanskelegare etter eit års tid. Løna hans strekte ikkje til når husleiga auka og alt anna også vart dyrare og dyrare. Kona, som er logoped og lærar for barn med særskilde behov, prøvde òg å jobbe, men fekk ikkje nok jobb til at det gjekk rundt.

Då dei kom til at dei skulle flytte, vurderte dei òg land som USA og Canada, men dei landa på Noreg fordi dei har gode vener som vart busette her like etter at krigen starta.

– Dei bur i Skien, og vi spurde fyrst om å få kome dit, seier Volodymyr.

– Var det aldri eit alternativ for dykk å flytte tilbake til Kyiv?

– Nei, det er ikkje trygt nok å flytte tilbake. Det er roleg i Kyiv i periodar, men ikkje heile tida, og no er det uvisse for korleis vinteren vert, seier han.

Familien ser føre seg å verte verande i Noreg ei stund. Både Volodymyr og Jevhenija ventar på å få byrje introduksjonskurs i desember, men dei er alt i gang med å lære norsk. Yngstedottera, Olha på 15 år, introduserer seg endåtil på norsk, og fortel om skulen ho går på, kvar ho trenar fotball, og at ho spelar gitar på fritida. 17 år gamle Sofija spelar bratsj og har delteke på ein fyrste konsert i Stavanger med orkesteret ho har vorte invitert inn i.

Okkupert

I Ukraina er huset deira i Donbas framleis okkupert av russarar, og i fjor vart òg sommarhuset deira i Kherson, som var heimen deira under det meste av pandemien, okkupert.

– Vi trur vi vil returnere til Ukraina når krigen er over, men det er ikkje sikkert det vert med det same. Startar vi jobbprosjekt og utdanning her, er det viktig å avslutte det vi har starta. Men planen er å returnere på eit tidspunkt, seier Volodymyr.

No får familien mellombels støtte frå Nav til å dekkje utgiftene til mat og bustad fram til Volodymyr og Jevhenija byrjar på introduksjonskurset, og etter kurset håpar dei begge å kunne jobbe. Volodymyr seier han alt har byrja følgje med på jobbannonsar og oppdatere seg på fagkunnskap.

Få i jobb

Flyktningar frå Ukraina har rett til å jobbe i alle dei nordiske landa. I Sverige, der dei i stor grad må forsørgje seg sjølve, var òg fleirtalet av ukrainarane i arbeidsfør alder i ei eller annan form for lønt arbeid våren 2023. Ifølgje den omtalte Fafo-studien frå august i år var det derimot stort sett snakk om deltidsjobbar av mellombels karakter og med låg løn – fyrst og fremst innan reinhald og i byggjebransjen.

I Noreg er så langt berre éin av fem ukrainske flyktningar i alderen 20–66 år i jobb, ifølgje tal frå SSB.

Noko av forklaringa kan liggje i at dei aller fleste ønskjer å ta introduksjonsprogrammet. Men talet er likevel lågare enn venta, og regjeringa har no sendt på høyring forslag om å spisse introduksjonsprogrammet for å få fleire raskare i jobb.

Også lokalt er det eit ønske at fleire enn i dag skal kunne kome ut i arbeid. Det seier Janne Berit Nese, som leier den felles flyktningtenesta i Klepp kommune og nabokommunen Time.

Av dei nær 520 ukrainske flyktningane som er busette i dei to kommunane så langt, har Nav Rogaland per oktober registrert 87 som var i jobb, medan 31 er registrerte med sosialhjelp som viktigaste kjelde til livsopphald.

Bustadutfordringar

Det neste året er norske kommunar bedne om å busetje nye 37.000 flyktningar, noko som er det høgste talet nokon gong.

Kommunane Klepp og Time er bedne om å busetje 185 nye flyktningar kvar. Om dei klarar det, står att å sjå. I fjor busette dei 85 prosent av kvoten dei var bedne om å ta, og i år vil dei klare å busetje 65 prosent av kvoten. Etter kvart har det vorte utfordrande å få tak i nok bustader, seier Nese.

– Dei vi busette i fjor, var i stor grad folk som alt jobba her på gardar og gartneri før krigen, altså sjølvbusette. Då var det lettare å fylle kvoten. Dette året kjem nesten alle utanfrå eller via mottak, og svært få er sjølvbusette, seier ho.

Også ho har registrert endringar i kven som kjem, og kvar dei kjem frå.

– Det kjem fleire flyktningar med traume no enn i starten, seier ho.

Og:

– No ser vi òg at ukrainske flyktningar kjem hit frå andre nordiske land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er både rasjonelt og fornuftig å velje å kome hit.

Guri Tyldum, migrasjonsforskar ved Fafo

– No ser vi òg at ukrainske flyktningar kjem hit frå andre nordiske land.

Janne Berit Nese, leiar av flyktningtenesta i Klepp og Time

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis