Noreg følgjer med på EU
– Vi har gode erfaringar med utanlandske investeringar i Noreg, også dei frå Kina, seier statssekretær Magnus Thue (H).
KINORSK? Solcelleselskapet REC er stifta og har hovudkontor i Noreg, men produserer i Singapore for ein internasjonal marknad og har kinesiske eigarar.
Norske styresmakter har ikkje sett nokon grunn til å innføre tiltak mot kinesiske aktørar i den norske marknaden, sjølv om Noreg etter alt å døme har fått sin del av auken i kinesiske utanlandsinvesteringar dei siste åra.
Dag og Tid har spurt Nærings- og fiskeridepartementet kva EU-kommisjonens nye tiltak overfor Kina får å seie for Noreg, og om det er behov for same typen tiltak i Noreg.
Statssekretær Magnus Thue (H) svarar at Noreg ikkje er omfatta av EUs handelspolitikk, men at norske styresmakter følgjer med på utviklinga i EU.
– Vi ønskjer ein meir balansert handel med Kina i den forstand at vi ønskjer at norske bedrifter skal ha betre tilgang til den store kinesiske marknaden. Difor ønskjer vi å få på plass ein frihandelsavtale for å leggje til rette for auka samarbeid innan handel og investering, seier han.
– EU-kommisjonen ønskjer å opne for å kunne hindre utanlandske selskap å levere anbod på offentlege kontraktar. Kan det vere aktuelt for Noreg?
– Noreg har plikt til å la utanlandske verksemder delta i innkjøpsprosessar om dei kjem frå EØS-land, land som er tilslutta WTO-avtalen om offentlege anbod, eller land som Noreg har frihandelsavtalar med som inkluderer offentlege anbod. Kina er ikkje omfatta av dette. Offentlege styresmakter kan likevel tillate kinesiske selskap å delta for å få betre konkurranse om innkjøpet, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.