Noreg er best i klassa

LO og NHO er samde om at Noreg er ei eksportsinke. Det er rett berre om vi utelèt Oljefondet.

Illustrasjonen syner det nye, undersjøiske gassanlegget som Aker Solutions skal levera i Australia.
Illustrasjonen syner det nye, undersjøiske gassanlegget som Aker Solutions skal levera i Australia.
Publisert Sist oppdatert

Dei siste to–tre åra har det oppstått ein ny eller kan henda gamal debatt i Noreg. Vi har byrja å snakka om noko som Einar Gerhardsen var særs oppteken av, nemleg eksport. Gerhardsen ville ha mest mogleg eksport og minst mogleg import.

Det var difor vi hadde rasjonering etter krigen, nordmenn fekk ikkje kjøpa så mange bananar og bilar som dei ville. Særleg bilar var ei heilag ku. Skulle vi få kjøpa oss ein bil, var det helst etter ein avtale med Sovjetunionen om at dei skulle kjøpa minst like mykje fisk som vi kjøpte bilar frå dei.

Få hugsar i dag at Stalin flytta Opel-fabrikken i Brandenburg til Sovjetunionen, at Opel Kadett vart til Moskvitch, og at slike bilar rulla rundt i norske bygder. Bilrasjoneringa vart oppheva, og i dag nektar ungdom å eta brune bananar. Næringslivet får halda på med sitt. Men det ser stadig fleire ut til ikkje å lika. Noreg er visst vorte ein eksporttapar og dei tilsette i eksportindustrien for få.

Sist ute med desse påstandane er ein rapport frå det økonomiske analyseselskapet Menon. «Norge dårligst i klassen. Skrekkrapport: Sist i verden» kunne vi for eit par veker sidan lesa på nettstaden til Dagbladet. «Norge ender på en soleklar sisteplass når det gjelder å handle med andre land, viser en fersk rapport fra Menon Economics. Rapporten er bestilt av arbeidslivets tungvektere, LO og NHO, i samarbeid med det statlige selskapet Eksportkreditt. LO-leder Peggy Hessen Følsvik er urolig over konklusjonene: – Dette er en brutalt ærlig og viktig rapport. Den tegner et bilde av en dyster situasjon.»

Ting og tang

Rapporten syner visstnok at få er dårlegare i verda enn Noreg til å eksportera ting og tang: «Menon avdekker og dokumenterer et dramatisk fall i norsk eksport de siste åra. Norges eksportgap – altså forskjellen i verdier på det vi selger og kjøper i handel med andre land ­– aldri har vært større enn nå. Videre påpekes det at Norge har en svakere utvikling de siste åra enn alle land det er naturlig å sammenlikne seg med», skriv Dagbladet òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement