JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Noreg er Apples største fan

I norsk grunnskule er iPad den vanlegaste digitale eininga for elevane. I det meste av verda er bretta til Apple utkonkurrerte i skulemarknaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Apple-sjef Tim Cook under lanseringa av modellen iPad Air II i 2014. På det tidspunktet hadde iPad ein sterk posisjon i skulane i USA, men bretta vart snart utkonkurrerte av Chromebook frå Google.

Foto: Marcio Jose Sanchez / AP / NTB

11547
20240129
11547
20240129

Skule

peranders@dagogtid.no

På illustrasjonsfoto som skal syne digitaliseringa av norsk skule, ser vi ofte smilande barn som ser inn i nettbrett med Apple-logo på. Da den digitale bølgja for alvor byrja å rulle gjennom norske grunnskular kring 2017, erobra iPaden raskt storparten av marknaden. I dag har nesten alle norske grunnskuleelevar si eiga digitale eining. Av desse har 252.331 barn fått ein iPad frå skulen, medan 149.450 har fått ein Chromebook med operativsystem frå Google, syner tal frå Utdanningsdirektoratet. 188.337 har fått ein PC eller Macbook. Det er særleg i barneskulen at iPad er dominerande i Noreg, med 56 prosent av maskinparken.

Dette gjer Noreg til eit annleisland. I det meste av den rike verda er iPaden i stor grad utkonkurrert av Chromebook og andre digitale alternativ i skulen.

Eple på skulen

At Apple skulle miste grepet om skulemarknaden, kom som ei overrasking på dataindustrien. Utdanning har vore eit stort satsingsfelt for Apple heilt sidan 1980-talet, da selskapet donerte tusenvis av Apple II-maskiner til skular i USA. Grunnleggaren Steve Jobs ville at datamaskinene hans skulle bli assosierte med utdanning, og lukkast langt på veg.

Å satse på skulebarn og studentar gjev god meining: Om unge menneske blir vande med å bruke eit visst operativsystem, er det gode sjansar for at dei blir trufaste kundar av same leverandør også seinare i livet. I høgare utdanning vart Apple eit svært sterkt varemerke. Tidleg på 1990-talet var små Macintosh-maskiner frå Apple ofte den første datamaskina studentar kjøpte seg, også i Noreg.

Det er særleg i barneskulen at iPad er dominerande i Noreg, med 56 prosent av maskinparken.

Foto: Gorm Kallestad

Skandalen i L.A.

Ei stund såg det ut som Apple for alvor skulle erobre grunnskulane rundt i verda også. I dei første åra etter lanseringa av iPaden i 2010 var det stor interesse for å bruke nettbretta som digital plattform i utdanningssystemet i USA. I 2013 inngjekk skulestyresmaktene i Los Angeles ein gigantavtale om levering av 700.000 iPadar til bruk i grunnskulen, inkludert programvare, opplæring av lærarar og teknisk støtte. Den samla prislappen var nærare 14 milliardar kroner, og avtalen inkluderte ein pakke med nyutvikla digitale læremiddel frå forlaget Pearson.

Apple håpa at dette skulle bli den første av ei rekkje storavtalar om levering av iPadar til skulebruk. Men slik gjekk det ikkje. Læremiddelpakkane frå Pearson var uferdige og dårlege, og kostnadene vart større enn venta, mellom anna fordi iPadane ikkje hadde tastatur som standardutstyr. I tillegg kom ein skandale: Det viste seg at skulesjefen i Los Angeles hadde bestemt seg for å satse på pakken frå Apple og Pearson utan ein reell anbodsrunde. I tillegg hadde ei rekkje tilsette i skuleverket i L.A. blitt påspanderte hotellopphald og gratis iPadar som smørjing. I 2014 vart kontrakten kansellert av Los Angeles.

«Ei spelemaskin»

Også andre stader i USA var det misnøye med iPadane i skulen. «Sjølv Apple erkjenner at ’iPad i utdanning’-bølgja går mot slutten», skreiv nettmagasinet Quartz i 2016, og viste mellom anna til forsøka på å bruke iPad i vidaregåande i eit skuledistrikt i Maine. Ei spørjeundersøking viste at nesten 90 prosent av lærarane og 74 prosent av elevane føretrekte PC-ar framfor nettbrett. Dei fleste tilbakemeldingane frå lærarane var negative: «I hovudsak ei spelemaskin.» «Elevane brukar dei som leiker.» «Tekstbehandling er nesten umogleg.» «Vi treng PC-ar!»

Apple reagerte raskt, og tilbaud skulane i Maine å byte iPadane med nye MacBook Air-maskiner, utan ekstra kostnad. Det var med andre ord ikkje ein god deal for Apple.

Google tek over

Posisjonen til Apple i skulen i USA vart stadig svekt i desse åra. I 2014 leverte Apple 50 prosent av datamaskinene til skulemarknaden i USA (dei fleste av desse var iPadar), i 2017 var marknadsdelen berre 19 prosent.

I staden var det konkurrenten Google som overtok tetposisjonen med Chromebook, ei enklare og billegare løysing enn iPad – og med eit innebygd tastatur. Google leverte operativsystemet Chrome, medan dei fysiske maskinene i starten vart laga av selskap som Acer og Samsung. Chromebook vart lansert i 2011, og alt i 2016 hadde desse maskinene teke 58 prosent av den amerikanske skulemarknaden. Også salet av enkle, berbare maskiner frå Microsoft til skulebruk vart større enn iPad-salet. «Apple misser grepet om amerikanske klasserom», skreiv The New York Times i 2017.

I desse åra gjorde Apple fleire forsøk på å ta att det tapte terrenget, med nye og rimelegare iPad-modellar og ei rekkje nye appar laga for skulebruk. Men utan å lukkast.

«Apple har aldri heilt klart å forklare kva iPaden vart laga for.»

Michael Gartenberg, tidlegare marknadsførar for Apple

«Ikkje interessert»

Det ser ikkje lyst ut for iPaden i skulane i åra som kjem heller, om ein skal tru Michael Gartenberg, som tidlegare arbeidde med marknadsføring for Apple. «Google eig no grunnskulemarknaden fordi Apple ikkje ser ut til å vere interessert», skreiv Gartenberg i ein kommentarartikkel i magasinet Business Insider i august fjor.

Han peika på ei rekkje årsaker til at dei fleste skular har satsa på Chromebook: Løysinga til Google er billegare, og eit godt tastatur til iPad er dessutan kostbart ekstrautstyr. Chrome-systemet gjer det lettare å arbeide saman i nettverk og styre undervisninga i klasserommet, og sidan Chromebook er skybasert, er maskinene enklare å erstatte om dei blir øydelagde.

Uklar bodskap

Dag og Tid bad Gartenberg om å utdjupe synspunkta sine på e-post.

«Apple pushar framleis iPad hardt i utdanningssektoren. Men grensesnittet til iPaden er dårleg eigna for bruk i skulen. iPad er ikkje laga for nettverksbruk, og behovet for eit tastatur gjer han enda dyrare», skriv han.

Da Apple designa iPaden i si tid, var det ikkje særskilt med tanke på bruk i utdanning, skriv Michael Gartenberg. Det var ei teknisk avansert multimediemaskin som kunne brukast til mangt, men som ikkje var spesielt godt eigna som læringsreiskap.

«Tanken om bruk i utdanning har nok vore der ein stad sidan starten, men Apple har aldri heilt klart å forklare kva iPaden vart laga for. Om du ser på marknadsføringa av iPaden, har ho aldri hatt nokon klar bodskap», skriv Gartenberg.

Stor marknad

Om Apple ikkje vinn attende meir av skulemarknaden med iPadane sine, inneber det eit stort tap for selskapet. Anslaga som sirkulerer i fagpressa, er at den globale marknaden for utdanningsteknologi i dag er verd kring 1500 milliardar kroner. Og meir skal det bli: Dei fleste analysar av marknaden antydar ein vekst i såkalla edtech på kring 15 prosent årleg.

I fjor haust byrja det å gå rykte i bransjemedia i USA om at Apple vurderte å lage ein billegare variant av laptopen Macbook for å ta opp kampen med Chromebook i skulane. Om det viser seg å stemme, er det ei erkjenning av at iPad-konseptet verkeleg har tapt skulemarknaden til PC-liknande løysingar med innebygd tastatur.

Ein tilsett i Apple demonstrerer korleis ein kan bruke iPad Pro, som kom på marknaden i 2021.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

Store i Noreg

Apple kan i det minste trøyste seg med at iPaden framleis er ein gigant i norsk skule, som nemnt innleiingsvis. Kring 2017, nett på den tida da dei fleste skular i USA gav opp iPaden som plattform og satsa på Chromebook, byrja norske kommunar å investere stort i iPad. Ein av dei første var Bærum kommune, som utstyrte alle grunnskuleelevane sine med iPad frå 2017, etter å ha gjennomført eit pilotprosjekt ved fem skular i to år. Somme Bærum-skular heiv like godt ut alle bøkene da iPadane kom.

I fjor haust skreiv Asker og Bærums Budstikke at investeringane i nettbrett, infrastruktur og ekstrautstyr har kosta til saman 310 millionar kroner. Hundrevis av andre kommunar har følgt i fotspora til Bærum.

Uvisst svar

iPad rår slett ikkje grunnen åleine i Noreg heller. Mellom anna har skulane i Stavanger, Trondheim og Asker satsa på Chromebook. Men kva kan det kome av at elevane ved så mange norske skular har fått iPad i staden for alternativa? Det spørsmålet er så stort og komplekst at vi ikkje kan gje noko fullgodt svar på det her. Det vi kan slå fast, er at innkjøp av digitale løysingar i skulane stilte kommunane overfor problem av ein heilt annan storleiksorden enn innkjøp av skulebøker.

Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartement har ikkje gjeve nokon klare føringar, valet har vore opp til kommunane. Valet av digital plattform for elevane har langt større konsekvensar enn valet av nytt norskverk, og styrkeforholdet mellom kommunane som innkjøparar og Apple, Google og Microsoft som tilbydarar er mildt sagt ujamt.

Inn i klasserommet

Apple-hype, gode seljarar, leasing og nettverksbygging har styrkt iPaden i norsk skule, meiner skuleleiar og lærar Øystein Imsen.

– Etter at iPaden kom i 2010, var det mykje hype i heile verda for å bruke bretta i skulen. Den toppa seg vel globalt for ti år sidan, men har halde fram i Noreg, seier Imsen.

Han er undervisningsleiar i teknologi i Oslo kulturskole, og har bakgrunn både som lærar og konsulent i databransjen. Imsen brenn for gaming og koding, og er altså ingen motstandar av digitale hjelpemiddel i skulen. Men han meiner satsinga på iPad ikkje har vore godt gjennomtenkt.

– iPaden har i seg sjølv bra kvalitet, og er fin å lage video og musikk med. Men veldig få lærarar og elevar har eigentleg behov for iPad. Om du skal ha ei digital eining i skulen, treng du skrivereiskap. iPad har liten skjerm og dårleg tastatur, og er ikkje bra ergonomisk. Men ideen om at iPad skal gjere deg så kreativ, sit att.

«Veldig få lærarar og elevar har eigentleg behov for iPad.»

Øystein Imsen, undervisningsleiar i teknologi i Oslo kulturskole

Nettverk

Da kommunane skulle ut og handle datamaskiner så alle skulebarn skulle få kvar si digitale eining, var dei påverka av nettverket dei hadde frå før, meiner Imsen. Ein viktig aktør var IT-selskapet Atea, som før leverte PC-ar til mange norske skular, og i dag distribuerer iPadar og kursar lærarar i å bruke dei.

iPad er i utgangspunktet mykje dyrare enn Chromebook og PC. Men Atea og andre IT-selskap sel ikkje iPadane til skulane, dei leasar dei ut. Dermed blir ikkje maskinene så dyre for skulane, og kommunane kan enkelt bli kvitt dei gamle iPadane ved å levere dei attende til forhandlaren, som kan selje dei vidare, seier Imsen.

Etter det han kjenner til, er kostnaden med iPad per elev per år ikkje meir enn kring 1300 kroner i året for skulane, avhengig av modell. Dermed er ikkje prisen for sjølve maskina avskrekkande. (Lisensane til innhaldet, altså læremidla, kjem i tillegg.)

Skulefolk

Atea har bygd opp eit ganske stort nettverk rundt i Skule-Noreg, og hyrer også inn skulefolk, noko som igjen har vore med på å styrkje posisjonen til Apple, meiner Imsen. Leiaren for skuleavdelinga til Atea er til dømes Elisabeth Palmgren. Ho var før rektor ved Teglverket skole, som i 2017 fekk Innovasjonsprisen frå det statlege Senter for IKT i utdanninga for «sin tydelige strategi for digital kompetanse hos elever og lærere».

I tillegg til private IT-selskap som Atea har også offentlege aktørar som det nemnde Senter for IKT i utdanninga og Kommunesektorens organisasjon (KS) vore med på å styrkje posisjonen til Apple i norsk skulegjennom nettverk og konferansar, meiner Imsen.

–?Kommunane har låg kompetanse når dei skal gjere innkjøp. Dei kan ikkje mykje om verken IT eller skule, og har dermed vore avhengige av både formelle og uformelle nettverk. Slik har nok mange idear og løysingar kome inn i kommunane og blitt innførte i skulen, utan at lærarar, elevar og foreldre har hatt noko dei skulle ha sagt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis