Nord-Korea og 1914Reven har alltid fleire utgangar frå hiet, noko dei europeiske stormaktene gløymde for 103 år sidan. Me bør ikkje gløyma det no.

Reven har alltid fleire utgangar frå hiet, noko dei europeiske stormaktene gløymde for 103 år sidan. Me bør ikkje gløyma det no.

Ein rakett av typen Hwasong-12 som gjekk til vêrs i Nord-Korea førre veke.
Ein rakett av typen Hwasong-12 som gjekk til vêrs i Nord-Korea førre veke.
Publisert

Historia gjentek seg aldri. Det er aldri slik at me kan sjå ned i historiebøkene og ut ifrå dei finna ut korleis framtidige kriser kan utvikla seg. Likevel kan me læra av historia: Det me i vår tid kanskje kan læra mest av, er korleis dei europeiske stormaktene i 1914 styrte mot ein krig ingen ville ha, men som alle samtykte til.

Denne krigen blei sjølve urkatastrofen. Han blei den konflikten som la grunnlaget for størstedelen av all djevelskapen som fann stad i Europa og Asia i det 20. hundreåret. Det seier ikkje lite.

No raslar alle partane med atomvåpna på Korea-halvøya. Sjølv om krinsen rundt Kim Jong-un sikkert er i stand til det aller meste, må ein gå ut frå at dei ikkje har avtala seg i mellom at dei skal enda opp som Adolf Hitler i bunkeren under Berlin. Leiinga i Sør-Korea ynskjer på si side definitivt ikkje at alt frå nokre hundretusen til nokre millionar sørkoreanarar blir drepne. Den kinesiske presidenten Xi Jinping vil for sin del neppe ha ein atomkrig på terskelen til sin eigen stat. Heller ikkje Donald Trump ynskjer å gje ordre til eit åtak på Nord-Korea som kan føra til at allierte av USA, og kanskje også ein del amerikanske utpostar som Guam og Hawaii, blir bomba med atomvåpen.

Det er då det kan vere nyttig å studera kva som hende i 1914. Den gongen var det ikkje nokon som hadde tanke om å senda fleire årsklasser av unge menn i døden. Det var heller ikkje nokon som med overlegg la fleire store imperium i grus og som gjennom det la grunnlaget for at Adolf Hitler og Josef Stalin overtok dei to viktigaste statane på det europeiske kontinentet. Likevel kom den fyrste verdskrigen.

Uberekneleg spelar

Ser ein på den mest slåande likskapen mellom stoda i 1914 og i dag, oppdagar ein fort at det i båe tilfella eksisterer ein liten, farleg og uberekneleg spelar på scena: Kven som er denne spelaren no i 2017, skulle vere klårt. Nord-Korea liknar på Orwells Big Brother-regime. Regimet forstår nok at det på sikt er dødsdømt, og tek – av alle ting – i bruk trugsmålet om atomkrig for å overleva.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement