Nominasjonen av den sinte kvite mannenDa Matt Damon gjorde Brett Kavanaugh-imitasjonen sin på «Saturday Night Live», kunne du slå fast at han råka spikaren på hovudet.
Da Matt Damon gjorde Brett Kavanaugh-imitasjonen sin på «Saturday Night Live», kunne du slå fast at han råka spikaren på hovudet.
Brett Kavanaugh høyrdest ikkje ut som ein høgsterettsdommar i høyringa; han makta ikkje eingong å sjå ut som ein, skriv Paul Krugman.
Foto: Joshua Roberts/Reuters/NTB scanpix
Det handla om andletet – den snerrande, rasande skulinga. Kavanaugh høyrdest ikkje ut som ein dommar under senathøyringa for to veker sidan, langt mindre som ein høgsterettsdommar; han makta ikkje eingong å sjå ut som ein.
Men Lindsey Graham, som stort sett hadde det same uttrykket i andletet under høyringa, såg heller ikkje mykje ut som ein senator.
Det har vore mange studiar om kreftene som driv støtta til Trump, og særleg raseriet som pregar MAGA-rørsla (Make America Great Again). Det høyringa denne torsdagen 27. september synte klart, var at kvitt mannleg raseri ikkje er avgrensa til menn frå underklassen på barar. Det finst òg blant folk som har gjort det godt i livets lotteri, og som ein normalt ville sjå på som del av eliten.
Med andre ord, hat kan gå hand i hand med høg inntekt, og gjer det altfor ofte.
No finst det overveldande prov mot «økonomisk uro»-hypotesen – tanken om at folk røysta på Trump fordi dei var råka av globaliseringa. Faktum er at folk med god råd var like tilbøyelege til å støtte Trump som folk med dårleg råd.
Det som kjenneteikna Trump-veljarar, var i staden rasebasert harme. Denne harmen var og er ikkje driven av reelle økonomiske tap overfor minoritetsgrupper, men av frykt for å miste status i eit land i endring, eit land der privilegiet å vere kvit ikkje lenger er det det var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.