Nominasjonen av den sinte kvite mannen
Da Matt Damon gjorde Brett Kavanaugh-imitasjonen sin på «Saturday Night Live», kunne du slå fast at han råka spikaren på hovudet.
Brett Kavanaugh høyrdest ikkje ut som ein høgsterettsdommar i høyringa; han makta ikkje eingong å sjå ut som ein, skriv Paul Krugman.
Foto: Joshua Roberts/Reuters/NTB scanpix
Paul Krugman og Niall Ferguson har annakvar veke kommentarar i Dag og Tid. Denne veka skreiv begge om same tema, men med ulikt utgangspunkt og tilnærming. Skilnaden i synpunkta er interessante. Vi trykkjer difor begge kommentarane.
Redaksjonen

Det handla om andletet – den snerrande, rasande skulinga. Kavanaugh høyrdest ikkje ut som ein dommar under senathøyringa for to veker sidan, langt mindre som ein høgsterettsdommar; han makta ikkje eingong å sjå ut som ein.
Men Lindsey Graham, som stort sett hadde det same uttrykket i andletet under høyringa, såg heller ikkje mykje ut som ein senator.
Det har vore mange studiar om kreftene som driv støtta til Trump, og særleg raseriet som pregar MAGA-rørsla (Make America Great Again). Det høyringa denne torsdagen 27. september synte klart, var at kvitt mannleg raseri ikkje er avgrensa til menn frå underklassen på barar. Det finst òg blant folk som har gjort det godt i livets lotteri, og som ein normalt ville sjå på som del av eliten.
Med andre ord, hat kan gå hand i hand med høg inntekt, og gjer det altfor ofte.
No finst det overveldande prov mot «økonomisk uro»-hypotesen – tanken om at folk røysta på Trump fordi dei var råka av globaliseringa. Faktum er at folk med god råd var like tilbøyelege til å støtte Trump som folk med dårleg råd.
Det som kjenneteikna Trump-veljarar, var i staden rasebasert harme. Denne harmen var og er ikkje driven av reelle økonomiske tap overfor minoritetsgrupper, men av frykt for å miste status i eit land i endring, eit land der privilegiet å vere kvit ikkje lenger er det det var.
Og her er poenget: Det er fullt mogleg for ein mann å leve eit komfortabelt, ja, eit misunningsverdig liv etter kva objektiv standard som helst, og likevel vere fylt av bitterheit på grunn av otte for statusen.
Du tenkjer kan hende at dette er umogleg, at det å ha ein god jobb og eit komfortabelt liv ville vaksinere mot misunning og hat. Det kan du tenkje om du ikkje veit noko om menneskenaturen og verda.
Eg har levd heile det vaksne livet mitt i akademiske sirklar der alle har god inntekt og framifrå arbeidstilhøve. Likevel kjenner eg mange i den verda som skummar av bitterheit over at dei ikkje er ved Harvard eller Yale, eller som faktisk er ved Harvard eller Yale, men skummar likevel fordi dei ikkje har fått ein nobelpris.
Og denne sorten eksklusivt nag, sinnet hos høgt privilegerte personar som likevel kjenner på at dei ikkje er privilegerte nok, eller at privilegia deira kan forvitre på grunn av sosiale endringar, gjennomsyrer den moderne konservative rørsla.
Det startar naturlegvis på toppen, med den vandrande, snakkande, golfande bunten av bitterheit som er Donald Trump. Ein skulle kanskje tru at ein mann som bur i Det kvite huset, ikkje lenger trong å lyge om skulekarakterane sine, til dømes. Men Trump får framleis ikkje den respekten han openbert traktar etter.
Det verkar tydeleg at den jihaden han sette i gang mot Barack Obama, fekk næring frå misunning: Obama var ein svart mann som det i høg grad var klasse over, med all den elegansen og verdigheita som Trump vantar. Og Trump tolte det ikkje.
Kavanaugh er klart ein alen av same stykket, og ikkje berre fordi han konkurrerer med Trump med sin hang til å lyge om stort og smått.
Som mange meldingar syner, var det sinte andletet Kavanaugh viste verda under høyringa, ikkje noko nytt som kom av påstandar om tidlegare klanderverdig framferd. Studiekameratar frå Yale-tida omtalar han òg som ein aggressiv stordrikkar. Notatet hans til Ken Starr då han hjelpte til med å trakassere Bill Clinton – der han erklærte at «det er vår jobb å gjere det opprørande åtferdsmønsteret hans tydeleg» – syner raseri så vel som kynisme.
Og Kavanaugh, til liks med Trump, driv framleis med å pynte på dei akademiske fortenestene sine etter alle desse åra ved å hevde at han kom inn på Yale trass i at han ikkje hadde noko «kontaktnett». I røynda var han ein «legacy student» (ein som kjem inn på eit college eller universitet fordi andre i familien har vore studentar same staden). Bestefar hans hadde studert ved Yale.
Mi gjetting er at det nettopp er dei privilegerte røtene hans som gjer han så rasande.
Eg var mykje i lag med nerdane i mi eiga tid ved Yale, men eg møtte òg folk som Kavanaugh – hardtfestande søner av privilegerte, som satsa på at kontaktane deira berga dei frå konsekvensar av det dei gjorde, om det så var trakasserande framferd mot kvinner. Slike eliteprivilegium eksisterer framleis.
Men privilegia til eliten er kringsette. Eit samfunn med aukande mangfald godtek ikkje lenger at kvite menn frå dei rette familiane har ein gudegjeven rett til å styre, og eit samfunn med mange sterke kvinner tek endeleg eit oppgjer med den «fyrsteretten» som ein gong var skjenkt mektige menn.
Og ingen ting gjer ein mann som er van med privilegium, meir rasande enn utsiktene til å miste nokre av dei privilegia, særleg om det samstundes blir ymta om at folk som han er underkasta dei same reglane som resten av oss.
Så det vi fekk for eit par veker sidan, var eit glimt inn i sjela til trumpisme0n. Det handlar ikkje om «populisme» – det skal godt gjerast å finne ein dommar som er meir anti-arbeidarklasse enn Brett Kavanaugh. I staden handlar det om raseriet til kvite menn, frå så vel overklasse som underklasse, som merkar eit trugsmål mot den privilegerte posisjonen sin. Og det raseriet kan øydeleggje USA slik vi kjenner det.
Paul Krugman
Einerett:
New York Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen ting gjer ein mann som er van med privilegium, meir rasande enn utsiktene til å miste nokre av dei privilegia.
Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement