Nokre råd til Frp
Framstegspartiet er vinnaren. På nokre felt kan dei endra Noreg til det betre.
Kjolen var stygg, og talen var dårleg, men kvelden vart likevel bra for Frp. Siv Jensen talar til folket.
Sidan journalistar ikkje likar Frp, og eg ikkje likar journalistar, fann eg ut at den beste valvaka måtte vera Frps på baren Ballroom. Det starta i grunnen nokså dårleg, ikkje for journalistane, men for Frparane. Straks etter valdagsmålingane klokka ni spurde ein ung innvandrartilsett meg nervøst: «Vert alt endra no?» «Nei», svara eg, «dei må ha stønad frå KrF, du kan slappa av.»
Eg har framleis litt dårleg samvit for det svaret, for Frp treng ikkje KrF, og med det er posisjonen til Frp styrkt og KrFs svekt, og det same kor mykje Trine Skei Grande insisterer på at KrF skal med. Frp har vore det evige toget i natta, no er dei endeleg inne på stasjonen. Spelar dei korta rett, kan dei verta ei kraft for eit betre Noreg.
To krav gjekk att hjå Frp-arane eg tala med måndagskvelden: mindre innvandring og meir veg. Båe krava er vituge, og båe krava bør dei lett få gjennomslag for. Dei andre sentrale elementa i politikken til Frp, meir til helse, lovfest eldreomsorg og mindre skatt, rekna dei med at partiet i alle høve ville få gjennomslag for sidan dei andre borgarlege partia, med unnatak av KrF i skattespørsmålet, har liknande krav og ynske.
Men, var det òg brei semje om, Frp må vera det siste partiet som går inn i regjering. «Vi må vera dei tøffaste forhandlarane og gje veljarane våre eit klårt inntrykk av at vi står på krava», som ein sentral politikarar sa det. Så lat meg freista å tenkja som ein Frp-ar og gå gjennom kravlista.
Nei til bompengar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.