JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nokre eksempel frå Nord-Syria i august:

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3567
20211008
3567
20211008

2. august: Aisha al-Hassan (40) og den fire år gamle sonen Hussein Salem blir alvorleg skadde da okkupasjonsstyrkar skyt mot landsbygda utanfor byen Tel Tamer. Styrkane bruker bombekastarar og tungt artilleri mot landsbyen Al-Dardara. Ein reporter frå Hawar rapporterer at befolkninga blir fordriven frå denne og andre landsbyar i området.

4. august: Tyrkiske styrkar og leigesoldatar skyt med tungt artilleri mot Tal al-Ward, Rabiat, Umm al-Kif og andre landsbyar i Zrgan-distriktet. Utpå kvelden skyt dei mot den assyriske landsbyen Tel Shanan.

I eit angrep med tanks klokka halv tre om natta drep soldatane fire personar i ein familie som bur i landsbyen Safavid, ikkje langt frå byen Ain Issa. 54 år gamle Zidan Khalaf al-Asa og borna Ziad, Mona og Hoda mistar livet. Borna er mellom åtte og ti år gamle. Mora og ei eldre dotter vert alvorleg skadde.

7. august: Tyrkiske soldatar set enda ein gong fyr på fleire skogkledde område i Afrin.

Leigesoldatar bortfører 30 år gamle Shukri Ahmad Kendy frå landsbyen Hammam-al-Turkmen, ikkje langt frå den tyrkiske grensa. Han har levd som flyktning i Aleppo. Etter at far hans betaler 20.000 dollar til leigesoldatane, får han kome heim. Dei lovar at ingen vil angripe han.

11. august: Leigesoldatar bortfører Aziz, med kallenamnet Abu Nidal, i landsbyen Arende i den okkuperte Afrin-provinsen. Dei krev 7000 dollar i løysepengar for å sleppe han fri og la han få tilbake eigedommen sin.

12. august: 15 år gamle Mohammed Mohammed og ein annan ungdom steller med husdyra ved landsbyen Miasa i Afrin-provinsen. Mohammed mistar livet da han går på ei mine som leigesoldatar har grave ned. Den andre blir alvorleg skadd.

Tyrkisk etterretning og leigesoldatar kidnappar to kvinner og eit spedbarn i landsbyen Hammam-al-Turkmen.

Leigesoldatar høgg ned 130 oliventre i to landsbyar i Afrin-provinsen.

29. juli stengte Tyrkia vasstilførsla til vassverket i Tel Tamer og dermed tilgangen på reint vatn for hundretusenar i byane Tel Tamer, Hasakah, Shaddadi, Hawl og landsbygda rundt. North Press melde i september at stenginga vara i ein månad.

14. august: Eigedomshandel i okkupert område: Ein leigesoldat i SNA (Syrias nasjonale hær), som Tyrkia finansierer, sel huset til kurdaren Juma Mohammed, som bur i landsbyen Khalnireh i Afrin-provinsen. Kjøparen, som betaler 2000 dollar, er ein innflyttar frå Aleppo.

Ein annan leigesoldat, frå Sham-legionen, betaler 1400 dollar for huset og 800 dollar for butikken til kurdaren Rami Ibrahim, som bur i landsbyen Deir Sawan. Seljaren er ein innflyttar frå Qalamoun-området nær Damaskus.

17. august: Hamad Haido, ein offentleg tilsett nord for byen Tel Tamer, seier til North Press at dei har stoppa all offentleg tenesteyting til 23 landsbyar. Han legg til at «livet til tilsette og bebuarane er i fare, ettersom granatar og rakettar fell tilfeldig og til ulike tider på dagen og natta».

18. august: Eit barn mistar livet og eit anna blir skadd mens befolkninga i landsbyane Bab al-Khair, Tal al-Ward og Rabiat flyktar frå tyrkiske angrep med rakettar og artilleri.

22. august: Tyrkia og leigesoldatar gjennomfører angrep mot tolv landsbyar fordelte over heile Nord- og Aust-Syria. Dei bruker stridsvogner, bombekastarar og artilleri.

26. august: Tyrkiske soldatar og leigesoldatar gjennomfører angrep mot ni landsbyar i Afrin-provinsen og Shehba-området. Dei skyt ein fire år gammal gut i landsbyen Burj Qas.

27. august: Leigesoldatar driv omfattande hogst i skogane mellom Junders og Sheh i Afrin-provinsen. Dei sel tømmer i Tyrkia.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis