Nokre eksempel frå Nord-Syria i august:

Publisert

2. august: Aisha al-Hassan (40) og den fire år gamle sonen Hussein Salem blir alvorleg skadde da okkupasjonsstyrkar skyt mot landsbygda utanfor byen Tel Tamer. Styrkane bruker bombekastarar og tungt artilleri mot landsbyen Al-Dardara. Ein reporter frå Hawar rapporterer at befolkninga blir fordriven frå denne og andre landsbyar i området.

4. august: Tyrkiske styrkar og leigesoldatar skyt med tungt artilleri mot Tal al-Ward, Rabiat, Umm al-Kif og andre landsbyar i Zrgan-distriktet. Utpå kvelden skyt dei mot den assyriske landsbyen Tel Shanan.

I eit angrep med tanks klokka halv tre om natta drep soldatane fire personar i ein familie som bur i landsbyen Safavid, ikkje langt frå byen Ain Issa. 54 år gamle Zidan Khalaf al-Asa og borna Ziad, Mona og Hoda mistar livet. Borna er mellom åtte og ti år gamle. Mora og ei eldre dotter vert alvorleg skadde.

7. august: Tyrkiske soldatar set enda ein gong fyr på fleire skogkledde område i Afrin.

Leigesoldatar bortfører 30 år gamle Shukri Ahmad Kendy frå landsbyen Hammam-al-Turkmen, ikkje langt frå den tyrkiske grensa. Han har levd som flyktning i Aleppo. Etter at far hans betaler 20.000 dollar til leigesoldatane, får han kome heim. Dei lovar at ingen vil angripe han.

11. august: Leigesoldatar bortfører Aziz, med kallenamnet Abu Nidal, i landsbyen Arende i den okkuperte Afrin-provinsen. Dei krev 7000 dollar i løysepengar for å sleppe han fri og la han få tilbake eigedommen sin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement