Noko må stå på spel
Ideen om ein europeisk superliga var eit åtak på sjølve ånda til fotballen, meiner Josimar-redaktør Håvard Melnæs.
Florentino Pérez, presidenten i Real Madrid, har vore førande i forsøka på å lage ein europeisk superliga. Biletet er frå 2018 og er altså ikkje knytt til lanseringa av superligaen. Til høgre Real-trenar Zinedine Zidane.
Foto: Borja B. Hojas / AP / NTB
Planane om å lage ein eigen liga for tolv av dei største fotballklubbane i Europa kollapsa denne veka. Dei fem engelske klubbane som skulle vere med, har alle trekt seg. Håvard Melnæs er redaktør i fotballbladet Josimar.
– Forsøket på å starte ein superliga mislukkast, men ønsket om å lage ein slik liga forsvinn neppe. Kva drivkrefter ligg bak?
–?Hovudmotivasjonen var at dei store klubbane ville ha ein større del av inntektskaka, men eigarane hadde litt ulike motiv. For dei amerikanske eigarane handlar det om å maksimere inntektene. Eigarar frå Dei arabiske emirata er ikkje så opptekne av å tene pengar, for dei handlar det om glamour og å skape eit positivt image av seg sjølve. Og Roman Abramovitsj i Chelsea har politiske motiv for eigarskapen. Men det alle eigarane har sams, er ein total mangel på forståing for fotballkulturen.
– Eigarane ønskjer seg sikrare inntekter. Det er vanskeleg å lage budsjett når du ikkje veit om klubben din kjem med i Champions League.
– Ja. Men ei lukka turnering ville ha brote heilt med ånda til fotballen. Om du og eg startar ein fotballklubb i Oslo, kan den klubben i teorien kome seg til Champions League om 15 år. Draumen om at litlebror kan slå storebror, er noko av magien i fotballen. Og superligaen ville blitt ein blåkopi av seriane til dei amerikanske lagidrettane på toppnivå: eit lukka system, der dei same klubbane spelar mot kvarandre år etter år.
– Fotballen konkurrerer òg mot andre typar underhaldning. Superligaen skulle maksimere underhaldningsverdien ved at dei beste laga spela mot kvarandre heile tida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.