JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Noko må stå på spel

Ideen om ein europeisk superliga var eit åtak på sjølve ånda til fotballen, meiner Josimar-redaktør Håvard Melnæs.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Florentino Pérez, presidenten i Real Madrid, har vore førande i forsøka på å lage ein europeisk superliga. Biletet er frå 2018 og er altså ikkje knytt til lanseringa av superligaen. Til høgre Real-trenar Zinedine Zidane.

Foto: Borja B. Hojas / AP / NTB

4764
20210423

Samtalen

Håvard Melnæs

Redaktør i Josimar

Aktuell

Superliga i fotball

4764
20210423

Samtalen

Håvard Melnæs

Redaktør i Josimar

Aktuell

Superliga i fotball

peranders@dagogtid.no

Planane om å lage ein eigen liga for tolv av dei største fotballklubbane i Europa kollapsa denne veka. Dei fem engelske klubbane som skulle vere med, har alle trekt seg. Håvard Melnæs er redaktør i fotballbladet Josimar.

– Forsøket på å starte ein superliga mislukkast, men ønsket om å lage ein slik liga forsvinn neppe. Kva drivkrefter ligg bak?

–?Hovudmotivasjonen var at dei store klubbane ville ha ein større del av inntektskaka, men eigarane hadde litt ulike motiv. For dei amerikanske eigarane handlar det om å maksimere inntektene. Eigarar frå Dei arabiske emirata er ikkje så opptekne av å tene pengar, for dei handlar det om glamour og å skape eit positivt image av seg sjølve. Og Roman Abramovitsj i Chelsea har politiske motiv for eigarskapen. Men det alle eigarane har sams, er ein total mangel på forståing for fotballkulturen.

– Eigarane ønskjer seg sikrare inntekter. Det er vanskeleg å lage budsjett når du ikkje veit om klubben din kjem med i Champions League.

– Ja. Men ei lukka turnering ville ha brote heilt med ånda til fotballen. Om du og eg startar ein fotballklubb i Oslo, kan den klubben i teorien kome seg til Champions League om 15 år. Draumen om at litlebror kan slå storebror, er noko av magien i fotballen. Og superligaen ville blitt ein blåkopi av seriane til dei amerikanske lagidrettane på toppnivå: eit lukka system, der dei same klubbane spelar mot kvarandre år etter år.

– Fotballen konkurrerer òg mot andre typar underhaldning. Superligaen skulle maksimere underhaldningsverdien ved at dei beste laga spela mot kvarandre heile tida?

– Men fotballen er alt i førarsetet. Fotballindustrien omset for tre gonger så mykje som Hollywood, og dei største fotballspelarane er større enn rocke- og filmstjernene. Det finst ikkje noko meir glamorøst i verda enn fotball.

– The Guardian har publisert eit internt dokument frå superligaen. Det syner uro over at «nye generasjonar søkjer underhaldning på nye måtar». Det er ei frykt for framtida her?

– Det er ingen tvil om at mange klubbar har ein skakkøyrd økonomi fordi dei har brukt pengar dei ikkje har. Men dei løyser ikkje problema ved å bryte med ånda til fotballen.

– Florentino Pérez, president i Real Madrid og pådrivar for superligaen, har sagt at fotballkampar kanskje er for lange til å interessere dei unge. Har han eit poeng?

– Eg har sett at han har brukt det argumentet, men eg har ikkje sett tal som tyder på at han har rett. Det høyrest ut som eit vikarierande argument. Poenget er at storklubbane vil ha ein garanti for at dei forblir storklubbane.

– Å vere fotballfan inneber liding. Å pine seg gjennom nitti minutt der laget ditt spelar ræva, er kanskje ikkje i tråd med det barn og unge ventar seg av moro no?

– Den kjensla kjenner alle fotballsupporterar. Og det er på grunn av den lidinga at oppturane smaker så godt. I superligaen ville det ikkje vere verkeleg spenning, for fotball handlar om at noko står på spel.

– Kan det likevel vere at fotballen på sikt vil slite med å konkurrere mot andre typar underhaldning?

– På tribunane i England har det nok blitt færre verkelege supporterar dei siste åra, og fleire forbrukarar som vil bli underhaldne. Det er sjeldan meir enn høfleg klapping når det skjer noko bra på banen. Men dei som stod bak ideen om superligaen, var meir opptekne av den enda større marknaden i Asia, og der er det mykje meir glamorøst med Manchester United mot Real Madrid enn Manchester United mot Burnley. Heldigvis har Europa framleis ein fotballkultur der du held med og lir med eit lag.

– Dei som stod bak superligaen, vurderte å endre spelereglane for å auke underhaldningsverdien. Ein kommentator i Wired foreslo å kaste fleire ballar inn på banen om det står uavgjort og er fem minutt att.

–?I superligaen kunne alt mogleg skje. Ein kunne gjere kampane kortare om folk slit med å konsentrere seg, eller innføre mikslag med både menn og kvinner. I ein lukka liga ville ein stå fritt til å lage reglane sjølv.

– Det har vore mange endringar for å gjere fotballen meir attraktiv før: tre poeng for siger, endra offsidereglar og så vidare?

– Ja, og eg trur dei fleste supporterar likte regelen om tilbakespel til keeperen da han kom: Du kunne ikkje lenger stå og sentre attende til keeper inn i æva. Men når nye grep er mislukka, må vi erkjenne det i staden for å tvihalde på dei. Den videoassisterte dømminga fungerer til dømes ikkje. Men i Australia blir VAR-pausane no sponsa av McDonald’s. Da blir det vanskeleg å slutte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det finst ikkje noko meir glamorøst i verda enn fotball.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis