Politikk
Noko har skjedd med Arbeidarpartiet
Eitt valnederlag. Éin historisk augneblink. To diagnosar.
Partileiar Jonas Gahr Støre på valvaka i Folkets hus i Oslo måndag kveld. Valresultatet gav ikkje grunn til å feire.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kommunevalet 2023 vart historisk: Dette var første gongen på 99 år at Arbeidarpartiet ikkje vart det største partiet i Noreg ved eit val. Ap fekk 21,6 prosent av røystene, medan valvinnar Høgre fekk 25,9 prosent. Dette er det førebelse lågmålet i ein lang, negativ trend for Ap. I 1950-åra fekk Arbeidarpartiet nærare 50 prosent av røystene i fleire val. Stortingsvalet i 1985 var siste gongen Ap fekk over 40 prosent av røystene, og kommunevalet i 2015 var siste gongen partiet fekk over 30 prosent.
I historiske augneblinkar er det naturleg å gå til historikarane. Først Finn Olstad, som sjølv er gammal Ap-mann og mellom anna har skrive bøkene En historie om Arbeiderpartiet (2021) og Einar Gerhardsen. En politisk biografi (1999). Noko av den lange tilbakegangen til Arbeidarpartiet følgde av store samfunnsendringar og var neppe til å unngå, slik Olstad ser det.
I skvis
– Samfunnet endra seg, og industrien gjekk attende. Det vart fleire funksjonærar, fleire kvinner kom ut i arbeidslivet, og Arbeidarpartiet måtte vende seg til nye grupper. Langt på veg slutta Arbeidarpartiet å vere eit arbeidarparti. Dette skiftet var mest tydeleg under Gro Harlem Brundtland (partileiar i 1981–1992, red.merk).
Ap klarte å rekruttere nye veljargrupper, men kom samstundes i ein slags skvis, meiner Olstad.
– Partiet stod med beina i to leirar. Somme heldt framleis fast ved det tradisjonelle sosialdemokratiet. Samtidig kom det nye politikarar som var marknadsorienterte og meir opptekne av globalisering og Noregs plass i verda enn av nasjonale løysingar. Jonas Gahr Støre er ein utprega verdipolitikar med europeisk orientering, og lite oppteken av interessepolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.