Noko for dei fleste Ideen om karbonavgift til fordeling har appell langs mykje av den politiske høgre- og venstreaksen.

Ideen om karbonavgift til fordeling har appell langs mykje av den politiske høgre- og venstreaksen.

Publisert

Ønske om høgare avgifter er noko ein vanlegvis forbind med den politiske venstresida. Men kva med ei karbonavgift som blir delt ut att til folket? Det er ikkje så opplagt kor den ideen høyrer heime. I Noreg er det så langt berre Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som har gått inn for karbonavgift til fordeling (KAF). MDG har ei slik karbonavgift i det alternative statsbudsjettet sitt, og i 2016 foreslo partiet i Stortinget å be regjeringa om å greie ut ein modell for å introdusere KAF i Noreg. Forslaget vart møtt med ei viss interesse i Energi- og miljøkomiteen, men ingen andre parti slutta seg til.

– Oppløftande

– Karbonavgifta i Canada er svært oppløftande. Det er strålande at statsministeren i eit så stort land prøver å bli populær på ei klimaavgift. Vi meiner den kanadiske modellen er svært relevant for Noreg, seier talsperson Arild Hermstad i MDG.

– Om vi øyremerker karbonavgiftene til miljøtiltak, eller deler dei ut til folket, kan det gje meir folkeleg oppslutnad for klimatiltak. Og om det er noko vi treng, er det slik oppslutnad. Dette er noko vi bør prøve, for det går forferdeleg sakte med utsleppskutt i Noreg.

Også i SV er det ei positiv haldning til KAF. Partiet har ikkje programfesta eit slikt tiltak, men vil «gradvis øke CO2-avgiften og vurdere å erstatte denne med en karbonavgift til fordeling». For venstresida har omfordelingseffekten av KAF naturleg nok appell: Dei som har høg inntekt, skaper større klimagassutslepp enn dei med låg inntekt, og må betale meir med ei slik avgift.

Enkelt og effektivt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement