JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Noko for dei fleste

Ideen om karbonavgift til fordeling har appell langs mykje av den politiske høgre- og venstreaksen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3191
20181116
3191
20181116

Ønske om høgare avgifter er noko ein vanlegvis forbind med den politiske venstresida. Men kva med ei karbonavgift som blir delt ut att til folket? Det er ikkje så opplagt kor den ideen høyrer heime. I Noreg er det så langt berre Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som har gått inn for karbonavgift til fordeling (KAF). MDG har ei slik karbonavgift i det alternative statsbudsjettet sitt, og i 2016 foreslo partiet i Stortinget å be regjeringa om å greie ut ein modell for å introdusere KAF i Noreg. Forslaget vart møtt med ei viss interesse i Energi- og miljøkomiteen, men ingen andre parti slutta seg til.

– Oppløftande

– Karbonavgifta i Canada er svært oppløftande. Det er strålande at statsministeren i eit så stort land prøver å bli populær på ei klimaavgift. Vi meiner den kanadiske modellen er svært relevant for Noreg, seier talsperson Arild Hermstad i MDG.

– Om vi øyremerker karbonavgiftene til miljøtiltak, eller deler dei ut til folket, kan det gje meir folkeleg oppslutnad for klimatiltak. Og om det er noko vi treng, er det slik oppslutnad. Dette er noko vi bør prøve, for det går forferdeleg sakte med utsleppskutt i Noreg.

Også i SV er det ei positiv haldning til KAF. Partiet har ikkje programfesta eit slikt tiltak, men vil «gradvis øke CO2-avgiften og vurdere å erstatte denne med en karbonavgift til fordeling». For venstresida har omfordelingseffekten av KAF naturleg nok appell: Dei som har høg inntekt, skaper større klimagassutslepp enn dei med låg inntekt, og må betale meir med ei slik avgift.

Enkelt og effektivt

Men også høgresida burde vere interessert, meiner ingeniør og siviløkonom Håvard Saksvikrønning, som har skrive ein rapport om karbonavgift for tankesmia Civita. «Ei klimaavgift vil vere eit ubyråkratisk og kostnadseffektivt verkemiddel for å få ned norske utslepp», skreiv han i rapporten. Han meiner KAF er eit langt betre klimatiltak enn kvotehandel.

– Den kanadiske løysinga med å dele ut pengane til folk flest, har heilt klart auka aksepten for karbonavgifta, seier Saksvikrønning.

– Dette er ikkje noko som skal gjere staten større, det skal få folk og bedrifter til å redusere utsleppa sine. Når politikarane skal regulere og subsidiere, går det sjeldan bra. Å bruke prismekanismen er mykje enklare.

Saksvikrønning undrar seg over mangelen på interesse for KAF i Høgre.

– Eg veit ikkje kvifor dei er så lite interesserte. Tradisjonelt er folk i Høgre opptekne av at ting skal vere effektive.

I regjeringspartiet Venstre er det derimot interesse for tankegangen bak KAF, sjølv om partiet ikkje går inn for ei slik avgift. Det «grøne skatteskiftet» som Venstre ønskjer seg, inneber høgare skattar og avgifter på miljøfiendtleg åtferd, og tilsvarande lågare skattar og avgifter på miljøvenleg åtferd. Sommaren 2016 fekk Trine Skei Grande med seg finansminister Siv Jensen på studietur til British Columbia for å sjå på avgiftsmodellen der. «Poenget er ikke å øke den totale skatten folk må betale. Det var det jeg ville vise Siv», forklarte Grande. Så langt er det ingen teikn til at Siv Jensen vart særleg inspirert av turen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis