JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nok eit ekstremt klimaår i 2021

Dei sju siste åra, frå 2015 til 2021, er dei varmaste åra som nokon gong er registrerte. – Vi har ikkje eit sekund å miste, seier generalsekretær i FN António Guterres.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ekstremvêr råka fleire stader i verda i 2021, til dømes Vest-Europa i fjor sommar. Biletet viser flaumen i Dresden.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

3143
20220520
3143
20220520

Klima

christiane.larsen@dagogtid.no

Året 2021 vil verte ståande som nok eit år då det vart sett nye rekordar i klimaendringar. Det viser ein rapport publisert onsdag denne veka, basert på dokumentasjon frå meteorologiske institusjonar verda rundt og sett saman av Verdsorganisasjonen for meteorologi (WMO).

Rapporten syner mellom anna at dei sju siste åra er dei varmaste som er registrerte nokon gong.

Fire rekordar

På fire konkrete område skilde 2021 seg ut med rekordnivå knytte til klimaendringar.

?Konsentrasjonen av klimagassar nådde eit globalt høgdepunkt i 2020, og data tyder på at utviklinga heldt fram i 2021.

?Havvarmen var rekordhøg. Dei øvste 200 metrane i havet vil halde fram med å verte varma opp – ei utvikling som vert skildra som irreversibel.

??Havet var rekordsurt. Havet tek opp i seg 23 prosent av dei årlege utsleppa av menneskeskapt karbondioksid til atmosfæren. Det forsurar havet og trugar organismar og økosystem.

? Havnivået var rekordhøgt. Havnivået auka meir enn dobbelt så raskt i perioden 2013–2021 som i perioden 1993–2003.

Store tap

Rapporten skildrar korleis klimaendringane gjer seg gjeldande gjennom ekstremvêr og fører til store tap, både økonomisk og i form av menneskeliv.

Blant tapa i 2021 kan nemnast:

? Flaum førte til eit tap på 17,7 milliardar dollar i Henan-provinsen i Kina. Berre i Tyskland førte flaumen som råka Vest-Europa i fjor sommar, til tap på over 20 milliardar dollar, i tillegg til tap av menneskeliv.

? Tørke råka Afrikas Horn, Canada, det vestlege USA, Iran, Afghanistan, Pakistan, Tyrkia og det subtropiske Sør-Amerika. Dersom nedbøren i Aust-Afrika ikkje aukar i år, inneber det at Etiopia, Kenya og Somalia vil oppleve den lengste tørkeperioden på 40 år.

? Orkanen Ida førte til tap anslått til 75 milliardar dollar i USA.

? Ekstremvêr vil, saman med verknadene av konflikt og økonomiske sjokk forsterka av covid-19-pandemien, undergrave framgangen i mattryggleik dei siste tiåra.

? Klimarelaterte farar fører til at folk forlèt heimen sin. I fjor omfatta det flest menneske i Kina, Filippinane og Vietnam.

?Økosystem vert truga på land, til havs, langs kysten og i ferskvatn.

Slår alarm

Klimarapporten vart lansert rett før det årlege møtet World Economic Forum 2022, der meir enn 2000 leiarar og ekspertar skal møtast.

Generalsekretær i FN António Guterres nytta sjansen til å be om handling og kutt i bruk av fossile brennstoff.

– Det globale energisystemet er øydelagt og bringar oss stadig nærare klimakatastrofe, sa Guterres i ein nypublisert video.

Han sa at Ukraina-krigen og verknadene den har hatt på energiprisane, må få folk til å vakne.

– Den einaste berekraftige framtida er fornybar. Vi må slutte med fossilt brennstoff og forureining og forsere overgangen til fornybar energi. Tida er knapp, sa han og la til at vi ikkje har eit sekund å miste.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den einaste berekraftige framtida er fornybar.

António Guterres, generalsekretær i FN

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis