Nobelprisen i fysikk 2017: arven etter EinsteinTemaet for Nobelprisen i fysikk 2017 er den direkte målinga av gravitasjonsbølgjer som går føre seg ved
Temaet for Nobelprisen i fysikk 2017 er den direkte målinga av gravitasjonsbølgjer som går føre seg ved LIGO-observatoria i Washington og Louisiana.
Massive objekt bøyer mellomrom.
Foto: Wikipedia
For å forstå tydinga av denne oppdaginga må vi gå tilbake til 1905, da den 26 år gamle Albert Einstein publiserte ein vitskapeleg artikkel om «Den spesielle relativitetsteorien». Einstein studerte rørsler av ikkje-akselererande gjenstandar som er i konstant fart og som rører seg i ei rett linje nær lyshastigheita. Han hevda i publikasjonen at lekamar alltid bevegar seg relativt til kvarandre; det einaste som er absolutt, er lysets hastigheit, som ikkje kan overskridast. Desse argumenta krev at ein koplar rom og tid saman i det vi refererer til som «romtid». Med andre ord er rom og tid ikkje separate einingar, men ein samansmelta heilskap. Ein konsekvens av «Den spesielle relativitetsteorien» er Einsteins namngjetne energilikning
E = mc2 der energi «E» samsvarar til masse «m» og «c» som er lyshastigheita. Denne enkle likninga vart namngjeten meir enn tre tiår seinare fordi ho forklarte dei første forsøka med atomkjernesplitting og markerte starten på atomalderen.
Modig avgjerd
Berre få menneske var merksame på Einsteins resultat frå 1905, og han vart råda av eldre kollegaer til å konsentrere seg om studiar av andre greiner av teoretisk fysikk. Men Einstein heldt stand. Han ynskte å utvida relativitetsteorien sin til også å inkludere akselererande objekt. Dette var ei svært modig avgjerd, men det tok Einstein ti år i einsemd og motgang å utarbeide den nye teorien. I motsetnad til i arbeidet med «Den spesielle relativitetsteorien» møtte han no ekstremt kompliserte matematiske problem. Einstein løyste problema til slutt og kunne presentere ei forbetra forklaring på gravitasjon. Gravitasjon som ei tiltrekkingskraft vart skildra av Isaac Newton for over 300 år sidan. Newton forklarer korleis eple fell til bakken og korleis planetar rører seg i solsystemet. Men Einstein forstod at Newtons tilnærming til tyngdekrafta hadde manglar. Han klarte ikkje å forklare planeten Merkurs bane, som er sterkt påverka av Solas tyngdekraft. Newtons lover er baserte på ei empirisk tilnærming og forklarer ikkje opphavet til tyngdekrafta. I 1915 endra Einstein alt, og han oppsummerte ti år med intensive studiar av «Den generelle relativitetsteorien» i ei gravitasjonslikning:
Rab – 1/2Rgab = Tab
Likninga over erstattar ikkje berre Newtons gravitasjonslikning; ho skildrar nye fenomen som ikkje kunne forklarast av den newtonske fysikken. Likninga forklarer gravitasjonen som krumming av romtid.
Ekstremt komplisert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.