JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nobelkomiteens åleinegang

Sverige trekte invitasjonen til den russiske ambassadøren til nobelprisutdelinga. I Noreg er russarane likevel inviterte til fredsprisutdeling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russlands ambassadør til Noreg valde å ikkje vere til stades under utdelinga av Nobels fredspris til menneskerettsforkjemparen Ales Bialiatski frå Belarus, den russiske organisasjonen Memorial og Senteret for sivile rettar i Ukraina, her representert ved Natallia Pintsjuk (andre person frå venstre), Jan  Ratsjinskij og Oleksandra Matvijtsjuk. Den Norske Nobelkomite, med leiar Berit Reiss-Andersen (t.v.), nestleiar Asle Toje (midten), medlemmene Anne Enger, Kristin Clemet og Jørgen Watne Frydnes og komitesekretær Olav Njølstad (t.h.) inviterer på nytt i år.

Foto: Rodrigo Freitas

11357
20230908

Nobelprisen

Nobelprisane er fem prisar som vart etablerte gjennom Alfred Nobels testament i 1895, og som dekkjer fysikk, kjemi, fysiologi eller medisin, litteratur og fred.

Prisane vart delte ut fyrste gong i 1901 og er sidan delte ut årleg.

Fredsprisen vert delt ut i Oslo av Den Norske Nobelkomite, som er sett saman av fem personar utnemnde av Stortinget.

Dei fire andre prisane vert delte ut i Stockholm av Kungliga Vetenskapsakademien, Nobelförsamlingen vid Karolinska Institutet og Svenska Akademien.

Formuen til Alfred Nobel, som finansierer nobelprisane, vert forvalta av den svenske nobelstiftinga.

Nobelpris

eva@dagogtid.no

Førre torsdag sende Nobelstiftinga i Stockholm ut ei pressemelding om at praksisen for invitasjonar til nobelprisutdelinga og banketten vart lagd om. Alle ambassadørar frå land som er representerte i Sverige, skulle frå no av verte inviterte.

Det innebar mellom anna at ambassadørane frå Russland og Belarus, som ikkje var ønskte under prisutdelinga i fjor etter invasjonen i Ukraina, no var inviterte.

Det vart bråk. Det er ingenting å feire saman med Russlands ambassadør, sa Miljöpartiet de grönas talsperson Märta Stenevi. Også partileiarane for Centerpartiet og Vänsterpartiet stadfesta at dei ikkje ønskte å delta på prisutdelinga, og statsminister Ulf Kristersson frå Moderaterna kalla det overraskande at den russiske ambassadøren var invitert.

Til og med kongehuset tok eit steg tilbake. «Kongehuset avventar no kva som hender i løpet av dei næraste dagane, før kongen tek stilling til om han skal vere til stades under prisutdelinga eller ikkje», vart hoffet sitert på i Aftonbladet.

Etter to dagar snudde Nobelstiftinga og trekte invitasjonane til Russland og Belarus tilbake. Argumentet om at det var viktig og rett å invitere alle og nå ut breitt med «å feire og forstå Nobelprisen og verdien av fri vitskap, fri kultur og frie, fredelege samfunn», måtte vike for «dei sterke reaksjonane i Sverige som fullstendig overskygga denne bodskapen», slik Nobelstiftinga forklarte det.

Den svenske snuoperasjonen er interessant i seg sjølv. Men like interessant er det at Den Norske Nobelkomite inviterer ambassadørane frå både Russland og Belarus til fredsprisutdelinga i Oslo, og ikkje eingong har vurdert å endre på praksisen, verken etter invasjonen i fjor, eller no når Russlands president Vladimir Putin vert skulda for krigsbrotsverk av den internasjonale straffedomstolen i Haag.

70 års praksis

Vestlege land har innført stadig nye rundar med sanksjonar mot det russiske regimet, handelen med Russland er redusert, russiske bankar er utestengde frå det internasjonale betalingssystemet Swift, Russland er uønskt som deltakarland i internasjonal idrett, og flyavgangar frå Europa til Russland er lagde ned. Kvifor er det samstundes ein god idé å invitere russarane til Nobel-fest i Oslo?

Svaret frå Nobelkomiteen sjølv er at det er eit viktig prinsipp å invitere alle. Til NRK sa komitéleiar Berit Reiss-Andersen nyleg at det å invitere ikkje inneber å gje støtte til desse landa.

Direktør for Det Norske Nobelinstitutt og sekretær for komiteen Olav Njølstad seier det er spesielt viktig at representantar for autoritære regime får høyre fredsbodskapen.

– Vi vil at flest mogleg skal verte kjende med bodskapen og innsatsen til prisvinnaren, og ein viktig måte å gjere det på, har vore å invitere alle lands ambassadørar i Oslo til prisutdelinga. Der held prisvinnaren nobelføredrag, som ofte har svært klare fredsbodskap, og som vi meiner det er viktig at diplomatiske representantar frå verdas land får med seg. Dette er motivasjonen for praksisen med å invitere alle, som vi no har følgt i meir enn 70 år, seier han.

Skulle Nobelkomiteen frå år til år bestemme kva for land som fortente å vere til stades, ville han hatt ei svært krevjande oppgåve, legg han til.

– Det er nesten alltid krig i verda og nesten alltid nokre undertrykkjande regime som ein ønskjer å ta avstand frå, ikkje minst utanfor Europa, seier Njølstad.

– Festtale

Standpunktet til Nobelkomiteen har ikkje møtt stor motstand offentleg i Noreg. Stortingsrepresentant Ola Elvestuen i Venstre har sagt til NRK at han meiner den norske komiteen bør gjere som den svenske Nobelstiftinga og avstå frå å invitere Russland så lenge det går føre seg ein åtakskrig. Ein talsperson for det ukrainske utanriksdepartementet har ifølgje Dagbladet meint det same.

Men få protestar betyr ikkje at invitasjonane ikkje er kontroversielle, skal vi tru Berit Lindeman, generalsekretær i menneskerettsorganisasjonen Den norske Helsingforskomité.

Ho ser ingen gode grunnar til å invitere Russland til fredsprisutdelinga i år og seier ho ikkje følgjer argumenta til Nobelkomiteen.

– Nobelbanketten og prisutdelinga er jo ikkje ein stad for dialog, det er ein stad for å feire dei som arbeider for fred, og det er ein stad det skal vere ei ære å kunne verte invitert til. Russarane ser ikkje dette som ein måte å verte belært på, verken om fred eller om menneskerettar. Dei kan tolke invitasjonane som støtte og som eit teikn på at dei er del av det gode selskap. Å argumentere med at dei vert inkluderte for at dei skal få med seg fredsbodskapen, er dimed litt for grunt. Det er festtale, det, seier ho.

Krig versus åtakskrig

Invitasjonen til fredsprisutdelinga står, slik Lindeman ser det, òg i kontrast til korleis Russland vert møtt, sanksjonert og utestengt frå andre arenaer. Landet er utestengt frå FNs menneskerettsråd og permanent ekskludert frå Europarådet.

– Dei einaste andre stadene russarane ikkje er kasta ut, er stader dei ikkje kan kastast ut frå, som FNs tryggingsråd. Nobelbanketten og prisutdelinga er ikkje ein slik stad. Nobelkomiteen er heller ikkje bunden av diplomatisk protokoll, så det er ikkje slik at ambassadørar som er akkrediterte til Noreg, må verte inviterte. Komiteen er, som dei sjølv likar å understreke, uavhengig, og han må ta sjølvstendige avgjerder, legg ho til.

– Men om Russland skulle vorte nekta invitasjon, burde ein ikkje også avstå frå å invitere andre land som krigar?

– Hadde Kina invadert Taiwan, burde ikkje kinesarane verte inviterte heller, nei, slik eg ser det. Men det er skilnad på å vere i krig og å gå til krig mot eit anna land. Krigen mellom Russland og Ukraina er den einaste åtakskrigen som går føre seg i verda nett no. Eg meiner ikkje at Russland aldri skal kunne inviterast igjen, men at landet ikkje burde inviterast medan landet driv åtakskrig.

At to av dei siste fredsprisvinnarane – avisa Novaja Gazetas sjefredaktør Dmitrij Muratov og menneskerettsorganisasjonen Memorial – sjølv er russiske og har fått prisen for arbeid for menneskerettar og ytringsfridom, meiner Lindeman er eit tilleggsargument mot russisk deltaking i år.

– Begge desse har vorte trakasserte på det grovaste av russiske styresmakter både før og etter at dei fekk prisen, og Muratov måtte tidlegare denne veka trekkje seg som redaktør etter å ha vorte stempla som utanlandsk agent av eigne styresmakter. Det er reint hykleri om Russland skal delta i fredsprisutdelinga no, seier ho.

Logikken

Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansens Institutt forskar på både diplomati og Russland. Også han meiner det finst gode grunnar til å ikkje invitere Russland til fredsprisutdelinga i år, og omtalar snuoperasjonen til den svenske Nobelstiftinga som «svært fornuftig». Samstundes seier han at det går an å forsvare praksisen og standpunktet til Den Norske Nobelkomite.

– På éi side er det freistande å ikkje invitere ein krigførande part til å feire fråvær av krig. Slik sett kunne ein kanskje vente at det vart meir snakk om dette i Noreg enn andre stader. På ei anna side har fredsprisen tidlegare vorte delt ut til personar som har vore sterkt knytt til krigføring, men som så har skapt fred. Det mest openberre dømet er Le Duc Tho (vietnamesisk politikar, journ. merk) og Henry Kissinger, som fekk prisen i 1973. Dei hadde begge påført verda mykje vondt, men så skapt fred. Ser ein på det å skape fred av ein krigssituasjon som viktig, vert det å samtale med den krigførande parten heilt sentralt, seier han.

– Men kor mykje samtale er det snakk om når det gjeld ein prisseremoni?

– Nei, ikkje så mykje, men det ville vere teit å seinare gje prisen til partar ein ikkje har vilja invitere.

– Resonnementet legg til grunn at Putin ein gong skulle kunne kome til å få fredsprisen.

– Gjeve historia kan vi ikkje sjå heilt vekk frå det. Når Kissinger og Le Duc Tho kunne få prisen, er det ingenting logisk i vegen for at også Putin kan få han.

– Han er skulda for krigsbrotsverk.

– Det var Le Duc Tho og Henry Kissinger òg. Når ein kan gje prisen til folk som sjølv har drive krigføring, følgjer det at dei har blod på hendene, seier han.

– Ei ideologisk spenning

– Det ligg altså ei ideologisk spenning her. På den eine sida finn du dei som ser fred som det å byggje samfunn utan å befatte seg med krig og det militære. På den andre sida har du dei som legg til grunn at krig og vald finst, men vil premiere den som får det til å verte mindre av det, oppsummerer Neumann.

– Samstundes meiner du det var fornuftig av svenskane å snu og ikkje invitere russarane. Kvifor?

– Ja, eg synest det har ein verdi å markere at samarbeid ikkje held fram som vanleg når eit land så til dei gradar går vekk frå det ein har trudd var felles europeiske standardar. Samstundes er det lettare å demonstrere når det er snakk om sport, idrett og andre ting, enn når det gjeld arbeid for fred.

– Men er det då skilnaden mellom prisane som vert delte ut, som gjer at svenskane avstår frå å invitere Russland, medan Nobelkomiteen i Noreg inviterer?

– Det forklarar nok litt. I tillegg trur eg Den Norske Nobelkomite har ryggen veldig fri etter fjorårets prisutdeling.

Det var menneskerettsforkjemparen Ales Bialiatski frå Belarus, den russiske organisasjonen Memorial og Senteret for sivile rettar i Ukraina som fekk fredsprisen i fjor.

– Vil komiteen derimot snu og trekke invitasjonen i år, er det grunngjeving god nok at russiske styresmakter nett har erklært sjefredaktør Murato som utanlandsk agent, seier Neumann.

Ikkje tause

At det kan verte aktuelt å snu, avviser derimot Olav Njølstad. Den russiske ambassadøren kjem til å vere invitert til fredsprisutdelinga i år, som i fjor – sjølv om russiske styresmakter no undergrev arbeidet til ein tidlegare fredsprisvinnar, og sjølv om den russiske ambassadøren valde å ikkje vere til stades på prisutdelinga i fjor.

– Vi skjønar at det kan oppfattast som eit paradoks å invitere likevel, men det er viktig å ha med at Den Norske Nobelkomite ikkje på noko vis er passiv overfor undertrykkinga av opposisjonelle eller systemkritikk i Russland. Komitéleiaren har vore ute med klare fråsegner om handsaminga både av Novaja Gazeta og no også av redaktøren. Vi er ikkje tause, men vi kan kombinere det å protestere mot urett med å invitere til prisutdeling, seier han.

At Putin sjølv skulle kunne få fredspris ein gong, om verda endra seg, går han likevel langt i å avvise.

– Eg trur vel at det er å strekke rommet for kva som er mogleg, svært, svært langt. Sjølv ein som er med på å skape fred, har med seg eit rulleblad som komiteen ikkje kan sjå vekk frå, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis