Nobel-komiteen under svensk kontroll
Det svenske Kammarkollegiet slår fast at den norske Nobel-komiteen står under tilsyn frå svenske tilsynsorgan.
Det har lenge stått strid om korleis den norske Nobel-komiteen opptrer, og i kva grad komiteen etterlever pliktene sine. No blir det slege ettertrykkeleg fast at komiteen skal kontrollerast frå Sverige. _ Fullstendig uakseptabelt. Det er ikkje til å leve med. Vi er heilt imot at eit svensk organ skal ha tilsyn med den norske Nobel-komiteen, seier Geir Lundestad, som er direktør ved Nobelinstituttet, til Dag og Tid.
–?No vil vi angripe saka politisk og gå til politikarane for å få endra den svenske stiftingslovgjevinga. Men det vil nok utstå til etter det svenske valet i haust, legg han til.
Realiteten er at Nobelstiftinga allereie har klaga på avgjerda frå Kammarkollegiet, som har oppretthalde avgjerda si og sendt saka vidare til regjeringa. Nobelstiftinga har bede om tre månadars utsett frist med å kome med ei grunngjeving.
Det er Nobel-komiteen sjølv som har initiert at saka vart behandla av Kammarkollegiet. Kammarkollegiet, som ligg under det svenske Finansdepartementet, er eit forvaltningsorgan som mellom anna behandlar juridiske spørsmål. Det er også det eldste av alle svenske statsorgan med historie tilbake til 1539, oppretta av Gustav Vasa.
Snakka vekk saka
Geir Lundestad freista først å snakke vekk heile saka då Dag og Tid kontakta han. Først sa han at det var ei gammal sak. Så forklarte han at det var Fredrik S. Heffermehl som hadde fremja saka. Begge deler er feil. Avgjerda frå Kammarkollegiet er datert 31. mars, men er først blitt kjent no i juni.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.