Musikk
Kom mai, du skjønne mil
Dei går. Dei opnar vegar og står bak heile 17. mai-festen. Dei fell og reiser seg. Det finst ikkje maken i verda: 1600 korps.
Dagens skulekorps møtest for å battle. Lørenskog-dirigent Ante Skaug (i midten) og musikantane gir jernet mot motstandarane i ei nær to timar lang speleøkt på Aker Brygge i Oslo 6. mai.
Foto: Marita Liabø
Det er 17. mai, og Ranglebakk skulekorps skal marsjere til slottsplassen. I eit kryss tar dei til høgre – feil veg. Spelande går dei over fjell og hav og strand.
I staden for pølse med lompe får dei gresk salat.
– Ta det med ro, seier dirigenten.
Dei har berre gått ein omveg, rundt pyramidar, vulkanar og isbjørnar.
At vêret skiftar, må ein rekne med på 17. mai.
Korpset som tok til høyre i stedet for venstre av Fridtjof Stensæth Josefsen og Bård Sletvold Torkildsen nemner verken gnagsåra eller dugnadstimane fram mot 17. mai. Men vi skjøner teikninga: Det krev sitt å halde eit korps gåande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.