NH90

Kor mange fleire milliardar skal Noreg bruke på bomkjøpet NH90?

?Noreg planla å bruke NH90 både i Kystvakta, på fregattane og i den norske redningstenesta. Soga om dette helikopteret har blitt ei lang rekkje vonbrot og utsetjingar. Biletet syner ein tidleg versjon, fotografert i 2002.
?Noreg planla å bruke NH90 både i Kystvakta, på fregattane og i den norske redningstenesta. Soga om dette helikopteret har blitt ei lang rekkje vonbrot og utsetjingar. Biletet syner ein tidleg versjon, fotografert i 2002.
Publisert

I april 2004 sende NTB ut ei gladsak med tittelen «Forsvarets nye stolthet». Slik opna artikkelen: «Helikopteret stryker lavt over flyplassen, gjør noen halsbrekkende manøvrer i luften og lander med hvinende rotorblader. En prototype av Forsvarets nye stolthet, med navnet NH90, er på norgesbesøk og blir møtt med brede glis av Luftforsvarets folk på Kjeller flystasjon.»

Smila har stivna for lengst, og i dag er det få som er stolte over valet av NH90. Kontrakten med det europeiske helikopterkonsernet NHIndustries vart inngått i 2001, medan maskinene framleis var under utvikling. Noreg skulle kjøpe inn åtte helikopter til Kystvakta og seks til dei komande fregattane til Marinen. Dei første helikoptera skulle leverast i 2005, dei siste i 2008.

17 år seinare er ikkje eitt einaste NH90 fullt operativt i Noreg, og truleg kjem Kystvakta aldri til å få ta desse helikoptera i bruk for alvor. Dei norske kystvaktskipa må klare seg i mange år utan helikopter om bord. Denne tragiske soga kan i verste fall koste menneskeliv på havet, og dei einaste som kan gle seg over situasjonen, er tjuvfiskarane.

Utan tryggleik

I 2014 vart dei gamle Lynx-helikoptera til Kystvakta pensjonerte, etter over 30 års tru teneste, og i fire år har kystvaktskipa operert utan helikopter. Det er ein alvorleg mangel av fleire grunnar: Fiskerioppsynet blir langt mindre effektivt når det er umogleg å få folk over til fiskebåtane i dårleg vêr. Medan Lynx-maskinene var i bruk, vart helikoptera ofte sende ut med inspektørar fleire gonger dagleg. Helikoptera gjorde det dessutan mogleg å kome overraskande på fiskebåtane ute på havet. Mangelen på helikopter har opna langt større spelerom for tjuvfiske, utkast og annan kriminalitet til sjøs.

I tillegg har helikoptermangelen gjort arbeidet til folk på havet farlegare. I Barentshavet er eit tusental menneske ute på fiske til kvar tid. Med helikopter om bord kunne kystvaktskipa der yte legehjelp i all slags vêr og stå for effektive søk- og bergingsoperasjonar utanfor rekkjevidda til helikoptera i redningstenesta på land. Den tryggleiken er no borte, og kjem truleg ikkje attende på mange år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement