Den store buklandinga
Kor mange fleire milliardar skal Noreg bruke
på bomkjøpet NH90?
?Noreg planla å bruke NH90 både i Kystvakta, på fregattane og i den norske redningstenesta. Soga om dette helikopteret har blitt ei lang rekkje vonbrot og utsetjingar. Biletet syner ein tidleg versjon, fotografert i 2002.
Scanpix
NH90
Europeisk militærhelikopter utvikla for bruk i Nato-landa
Noreg vedtok i 2001 å kjøpe 14 NH90-maskiner
Åtte helikopter skulle gå til Kystvakta, seks til fregattane
Leveringa har blitt utsett gong på gong
NH90 er framleis ikkje operativt i Noreg

Kystvakt
peranders@dagogtid.no
I april 2004 sende NTB ut ei gladsak med tittelen «Forsvarets nye stolthet». Slik opna artikkelen: «Helikopteret stryker lavt over flyplassen, gjør noen halsbrekkende manøvrer i luften og lander med hvinende rotorblader. En prototype av Forsvarets nye stolthet, med navnet NH90, er på norgesbesøk og blir møtt med brede glis av Luftforsvarets folk på Kjeller flystasjon.»
Smila har stivna for lengst, og i dag er det få som er stolte over valet av NH90. Kontrakten med det europeiske helikopterkonsernet NHIndustries vart inngått i 2001, medan maskinene framleis var under utvikling. Noreg skulle kjøpe inn åtte helikopter til Kystvakta og seks til dei komande fregattane til Marinen. Dei første helikoptera skulle leverast i 2005, dei siste i 2008.
17 år seinare er ikkje eitt einaste NH90 fullt operativt i Noreg, og truleg kjem Kystvakta aldri til å få ta desse helikoptera i bruk for alvor. Dei norske kystvaktskipa må klare seg i mange år utan helikopter om bord. Denne tragiske soga kan i verste fall koste menneskeliv på havet, og dei einaste som kan gle seg over situasjonen, er tjuvfiskarane.
Utan tryggleik
I 2014 vart dei gamle Lynx-helikoptera til Kystvakta pensjonerte, etter over 30 års tru teneste, og i fire år har kystvaktskipa operert utan helikopter. Det er ein alvorleg mangel av fleire grunnar: Fiskerioppsynet blir langt mindre effektivt når det er umogleg å få folk over til fiskebåtane i dårleg vêr. Medan Lynx-maskinene var i bruk, vart helikoptera ofte sende ut med inspektørar fleire gonger dagleg. Helikoptera gjorde det dessutan mogleg å kome overraskande på fiskebåtane ute på havet. Mangelen på helikopter har opna langt større spelerom for tjuvfiske, utkast og annan kriminalitet til sjøs.
I tillegg har helikoptermangelen gjort arbeidet til folk på havet farlegare. I Barentshavet er eit tusental menneske ute på fiske til kvar tid. Med helikopter om bord kunne kystvaktskipa der yte legehjelp i all slags vêr og stå for effektive søk- og bergingsoperasjonar utanfor rekkjevidda til helikoptera i redningstenesta på land. Den tryggleiken er no borte, og kjem truleg ikkje attende på mange år.
Parodisk
Det første NH90-helikopteret vart levert i Noreg først i 2011, seks år seinare enn avtalt. Til no er seks helikopter leverte. Dei skal vere svært avanserte og ha mange flotte eigenskapar, ifølgje pilotane – men lista over feil og manglar har vist seg å vere umåteleg lang, og framleis er altså ikkje NH90 fullt operativt verken i Kystvakta eller på fregattane. «Vi planlegger å bruke NH90 til avgrensede kystvaktoperasjoner fra land tidlig i 2015, for fra midt i 2015 operere helikoptrene fra kystvaktfartøy», skreiv daverande forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i ei pressemelding i 2014. Slik vart det ikkje.
Nokre av dei avdekte manglane ved helikopteret er parodiske: I 2017 kom det fram at NH90 ikkje kunne brukast på eit skip som krenga meir enn 20 gradar – i så fall kunne helikopteret velte. «Det betyr enkelt og greit at vi ikke kan ta det med til havs», sa daverande kystvaktsjef Sverre Engeness til nettavisa Kyst og Fjord.
Ikkje overraskande har mange av pilotane som skulle flyge NH90, gått leie av å vente. Kring ein fjerdedel av dei har slutta i Forsvaret, melde NRK tidlegare i år.
Dyre timar
I februar i år vart det så kjent at Kystvakta neppe kjem til å få nytte dei nye helikoptera i det heile. NH90 treng så mykje vedlikehald at kvar maskin truleg berre gjev 150 flytimar i året – langt under halvparten av det som var lova. No vil forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen at fregattane skal få alle dei 14 helikoptera, mellom anna for å drive med ubåtjakt. I tillegg ligg kostnaden per flytime for NH90 an til å bli heile 174 000 kroner. Levetidskostnaden for NH90-maskinene er venta å vere på kring 30 milliardar kroner.
Ironisk nok har kapasiteten til NH90-helikoptera dei siste åra blitt brukt som argument for å redusere talet på farty i Kystvakta. Den kapasiteten kjem truleg aldri. Samstundes har ansvarsfeltet til Kystvakta berre blitt større dei siste åra: Cruisetrafikken aukar i nord, dermed aukar òg faren for ulukker. Den russiske aktiviteten har auka utanfor norskekysten, tvilsame aktørar driv eit omstridd snøkrabbefiske i Barentshavet, og Kystvakta har fått fleire eskorteoppdrag for Nato-farty enn før. Dette reknestykket går ikkje opp. Tryggleiken på havet går ned.
– Tragisk
Det er lett å vere etterpåklok, og ingen kunne vite at problema med NH90 skulle bli så enorme. Men det verkar merkeleg at denne 17 år lange farsen ikkje har blitt avbroten. I fjor vart det halde ei høyring i Stortinget om seinkingane i arbeidet med å få fregattane og NH90-helikoptera operative. Under utspørjinga av dei tidlegare forsvarssjefane Harald Sunde og Sverre Diesen utbraut møteleiar Martin Kolberg: «Vet dere hva dette høres ut som? Det høres ut som om vi ikke vet hva vi driver med.»
– Da eg fekk vite at NH90 ikkje dugde til bruk i Kystvakta, undra eg meg stort, seier Sunde til Dag og Tid. Han var forsvarssjef frå 2009 til 2013.
– Eg irriterte meg òg grenselaust over alle seinkingane med NH90, den eine etter den andre. Vi risikerte at både fregattane og Kystvakta kunne stå utan helikopter om få år. Til slutt bad eg Forsvarsdepartementet om å undersøkje om kontrakten kunne kansellerast, så vi kunne kjøpe eit velprøvd helikopter i staden. Svaret var at prosessen hadde kome for langt, det toget hadde gått, seier Sunde.
– Heile denne historia er ein tragedie. Lærdomen vi må trekkje av dette, er at ein liten nasjon som Noreg må kjøpe materiell som er vel utprøvd av andre.
Tøff tone
Daverande forsvarsminister Espen Barth Eide frå Ap fekk i si tid signala frå Sunde, og var sjølv uroa over dei stadige utsetjingane. I 2012 truga han med å kansellere NH90-kontrakten og bad Luftforsvaret om å vurdere alternative helikoptertypar. Men det vart med trugsmålet.
– Det kunne ha enda med kansellering, men vi valde å ikkje gjere det. Vi tok ein ganske tøff tone overfor produsenten, og vi fekk lovnader som gjorde at dei fekk ein sjanse til. Når Noreg alt hadde investert så mykje i NH90, vart avtalen vanskeleg å kome seg ut av, seier Barth Eide i dag.
– I ettertid kan ein seie at vi kanskje burde satsa på eit eksisterande helikopter. Når ein investerer i nye kampfly, er det annleis: Da må ein ha det beste som er å få kjøpt. Men for Kystvakta ville det ha halde med ein solid arbeidshest. Der ville det ha vore ei enorm oppgradering å få amerikanske Seahawk-helikopter i staden for dei gamle Lynx-maskinene.
Enkel matte
Kanskje er det enno ikkje for seint å rette opp dette store mistaket. I januar i år la redaktør Einar Holst Clausen i Offisersbladet fram eit reknestykke som synte at Noreg kunne spare 18 milliardar kroner og få dobbelt så mange flytimar ved å kansellere NH90-kontrakten og kjøpe amerikanske Seahawk-helikopter. Grunnen er at NH90 kostar meir enn fem gonger så mykje per flytime som Seahawk gjer. Ikkje nok med det: Sjølv om Noreg betaler heile innkjøpsprisen på sju milliardar for NH90-maskinene, men lèt vere å bruke dei og satsar på Seahawk i staden, kan Noreg spare 11 milliardar.
Reknestykket verkar opplagt, men av uvisse grunnar er det vanskeleg for regjeringa å snu i denne saka. I mai i fjor sa daverande forsvarsminister Ine Eriksen Søreide at regjeringa ikkje utelukka ei terminering av NH90-kontrakten, men sidan da har lite skjedd. Christian Tybring-Gjedde, forsvarspolitisk talsmann i regjeringspartiet Frp, seier rett ut at kontrakten bør seiast opp. På Stortinget har representantar frå Senterpartiet fleire gonger prøvd å få regjeringa til å opplyse kva som skal til for å kansellere dette bomkjøpet, utan hell. Truleg må vi vente på Riksrevisjonen for å få kasta skikkeleg lys over denne underlege saka: Rapporten om NH90-kjøpet har vore undervegs i snart eit år og skal kome i haust.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Levetidskostnaden for NH90-maskinene er venta å vere på kring 30 milliardar kroner.
– Heile denne historia er ein tragedie.
Harald Sunde, tidlegare forsvarssjef
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.