Nettet snører seg saman

Det er lite att av utopiane om det frie arbeidslivet i internettalderen.

Syklistar i matleveringstenesta Foodora gjekk ut i streik 9. august, etter at selskapet og Fellesforbundet ikkje vart samde om ein tariffavtale. Paul Olai-Olssen er sykkelbod for Foodora i Oslo.
Syklistar i matleveringstenesta Foodora gjekk ut i streik 9. august, etter at selskapet og Fellesforbundet ikkje vart samde om ein tariffavtale. Paul Olai-Olssen er sykkelbod for Foodora i Oslo.
Publisert

Kor billeg bør det vere å få restaurantmat levert på døra? Kva slag arbeidsliv skal vi ha i Noreg? Og kan den norske modellen stå seg mot presset frå dei multinasjonale, digitale plattformselskapa? Desse spørsmåla ligg innbakte i arbeidskonflikten i Foodora, eit selskap som leverer mat på døra i ei rekkje norske byar. 19. august gjekk 102 av dei kring 600 Foodora-syklistane i Noreg ut i streik. Boda til selskapet har ei snittlønn på 157,50 kroner timen på kvardagar. Krava deira er tariffavtale, åtte kroner meir i timen og dekning av kostnader til vedlikehald av syklane. Selskapsleiinga hevdar på si side at det er for dyrt å drive med tilsette bod i Noreg om Foodora skal oppfylle desse krava.

Streiken til Foodora-syklistane er ikkje av dei store i noregshistoria, men han er prinsipielt interessant, for han kan fortelje noko om framtida i norsk arbeidsliv.

Utan tariff

Foodora etablerte seg først i Tyskland, opererer no i seks land, og boda deira jobbar utan tariffavtale i alle seks landa. Men ulikt mange liknande selskap rundt i verda, har i det minste syklistane til Foodora status som tilsette. Dei fleste som arbeider for dei store digitale plattformselskapa, er dårlegare stilte. Dei er såkalla «kontraktørar» – eller lausarbeidarar, alt etter korleis ein ser det.

Striden mellom syklistane og Foodora går inn i eit større bilete. Rundt i verda arbeider mange millionar menneske i det mange kallar «delingsøkonomien». Dei er sjåførar, sykkelbod, reinhaldarar eller andre typar tenesteytarar, dei får oppdraga sine via digitale plattformer, dei er som regel lågtlønte, og som regel er dei avskorne frå dei goda og rettane som fast tilsette får.

Lyse visjonar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement