Nei til marknad, ja til meir pengar
Det finst to SV: eitt som er i regjering og eitt som er på landsmøte. Dei to er neppe i slekt.
Del godene! heiter SVs vedtekne program. Det er kan henda difor programmet, med sine 134 tettskrivne A4-sider, er dobbelt så langt som dei fleste andre partiprogram. Så er då også akademikarar ei yrkesgruppe som nyttar to gonger så mange ord som vanlege folk. Men jamvel om programmet på visse felt er noko utflytande, skal partiet ha ros for å vera tydeleg om kven fienden er – legg elles merke til den nydelege m-alliterasjonen: «I dag er mannlige, middelaldrende menn med majoritetsbakgrunn over-representerte i folkvalgte forsamlinger», og det har SV tenkt å gjera noko med. Ja ja, at demokrati gjev folk høve til å velja feil folk, kan vel dei fleste vera rause nok til å vedgå.
Eit langt program gjev òg høve til gode prinsipielle drøftingar. SV har nokre slike, særleg er dei kritiske til rentefrådraget: «Dagens rentefradragsordning gir mer skattelette til dem som tjener best, og dermed har råd til gjeld, og ingenting til dem uten gjeld.» Så enkelt og godt kan det seiast. Det vert lånt for mykje her til lands. Her ser SV noko ingen andre parti vil sjå.
Men så byrjar det å verta forvirrande. Lat oss sjå på bustadmarknaden, det er vel der det er tydelegast at SV ikkje forstår økonomi: SV går inn for ein massiv auke i bustadbyggjinga og vil tvinga kommunane til å leggja til rettes for utbyggjing i takt med folketalsauken, men samstundes vil dei at «boligspekulanter og kommersielle aktører må bremses og styres». SV vil altså ha massivt meir bustadbyggjing og massivt mindre forteneste ved å «gjøre boligmarkedet mindre lukrativt for investorer».
Ja, det er rett å taka bort rentefrådraget for å redusera låneopptaka og auka sparinga. Men når folk fyrst har spart desse peng-ane, kvifor er det viktig å hindra dei i å investera i bustadmarknaden? Og er det ikkje nett investorar som har pengane? Det er i alle fall ikkje kommunane som SV vil gje det meste av ansvaret, kommunar som også slit med statlege reguleringar.
Byggkostnader?
Sjå berre på Oslo: Grunna folketalsveksten vil politikarane der utvikla det dei kallar Furuset-byen. Dei vil òg ha kommersielle aktørar med på laget sidan dei sjølve er blakke grunna folketalsveksten. Byggjekostnadene per kvadratmeter for slike prosjekt er 30.000 kroner. Slik er det mellom anna fordi staten har så mange krav, krav som SV stør og vil ha meir av, seier dei i programmet sitt. Men heis, isolasjon og store bad til funksjonshemma kjem med ein prislapp, og sidan marknadsprisen på Furuset er 25.000 kroner, vil ikkje Selvaag og andre vera med. Då vert det ikkje nye bygg der oppe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.