Nedtur for norskfaget
Eg les Læreplan 2020 på jakt etter grammatikk, språkhistorie, eldre språk og litteratur. Leitinga er til fånyttes. Kva ligg bak prioriteringa?
Grammatikkundervisninga vert lagd til barnesteget i Læreplan 2020, skriv Ingvil Brügger Budal.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Læreplan 2020 er på høyring. Planen og den tilhøyrande fagfornyinga bestemmer kva skuleelevane skal læra i mange år framover. Det er inga lita sak. No gjer lærarar og lærarutdannarar det Utdanningsdirektoratet oppmodar oss om: Les gjennom planen for å sjå om me meiner at prioriteringane er rette.
Relevans
Direktør for Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, gjev tre viktige grunnar til denne fagfornyinga (Dagsavisen 9. mars 2018): 1) Det elevane lærer, skal vera relevant. 2) Dei skal få meir tid til djupnelæring. 3) Det skal bli betre samanheng i og mellom faga. Det er særleg første og tredje grunn me skal sjå på her, nemleg relevans og samanheng.
Korleis kan ein vurdera om noko er relevant? Relevant er det «som kjem saka ved, er av interesse; viktig, sentral (i ein viss samanheng)» ifølgje Nynorskordboka. Er ikkje eldre kulturhistorie, norrønt, språkhistorie og eldre litteratur viktig i norskfaget? Kva tid blir noko «eldre» og dermed irrelevant? Er til dømes Ibsen eldre litteratur? Om det eldste forsvinn, forsvinn Heimskringla og Egil Skallagrimsson, Edda-dikta og Håvamål. Då vert elevane kjende med norrøne gudar frå Marvel-filmar, men ikkje frå Snorre.
Arbeidsgruppa bak planen gjev klart uttrykk for at dei ikkje ser dette eldre som relevant, og nyttar ord som «redusert», «nedprioritert» og «tonet ned» om denne delen av faget. Det er omskrivingar. Rett ord er «fjerna». Me argumenterer for at kulturmøte i språk og litteratur gjer oss klokare og gjev oss ei ny forståing for oss sjølve og dei rundt oss. Kulturmøte er også å møta eiga fortid gjennom språk og litteratur.
I dag får elevane ein liten smakebit av kulturhistorie, norrønt, eldre språk og litteratur. Det vil dei ikkje gjera i framtida. Det felles arvegodset vårt, storverka i verdslitteraturen, er i Læreplan 2020 kategorisert som irrelevant kunnskap. Dei delane av språk- og litteraturhistoria vår som er mest kjende internasjonalt, vert dermed ukjende nasjonalt. Ein læreplan vert gjerne ståande i 15 år. Kven skal ta vare på og føra vidare denne arven om ikkje skulen gjer det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.