Nedgraderte dokument kastar eit nytt og grelt lys over politiets arbeid for å finne ut kven som skaut William Nygaard i 1993.

Tabbane er så mange at det knapt er til å fatte, skriv Odd Isungset om terrorsaka som no i haust er tatt opp att for andre gong.

Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien. Her held politiet pressekonferanse med ein dyster etterforskingsleiar Leif A. Lier (frå venstre), kriminalsjef Truls Fyhn, informasjonssjef Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.
Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien. Her held politiet pressekonferanse med ein dyster etterforskingsleiar Leif A. Lier (frå venstre), kriminalsjef Truls Fyhn, informasjonssjef Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.
Publisert

29. juli beordra Riksadvokaten Kripos til å etterforske Nygaard-saka på nytt. Politiet blir pålagt å gjere alt dei kan for å få avhøyrt og eventuelt arrestert ein iransk diplomat og ein libanesisk statsborgar som blei sikta i 2018. Kripos blir òg pålagt å gjere nye forsøk på å avhøyre ein norskpakistansk våpeneigar som drog til Iran dagen etter drapsforsøket.

Riksadvokaten kjem med beordringa fordi saka er mangelfullt etterforska, og fordi det er ein grunnleggande hovudregel i alle kriminalsaker at det blir gjort forsøk på å avhøyre dei som er sikta.

I omgjeringsvedtaket står det òg at det er heilt nødvendig å avhøyre den norskpakistanske våpeneigaren, Ali, som reiste til Iran, før saka kan bli avslutta.

Kva Kripos kan få til no, er høgst uvisst. I løpet av dei siste månadene har det ikkje akkurat blitt enklare å få til avhøyr i Teheran eller Beirut. Politiet kan heller ikkje bruke maktmiddel i håp om å få til eit avhøyr av Ali, ettersom saka mot han er forelda.

Urovekkande innblikk

Drapsforsøket i Dagaliveien for 30 år sidan skaka det norske samfunnet. Men kven var det som låg i krattet ovanfor huset til forleggaren med revolver 11. oktober 1993? Og ikkje minst, kven hjelpte til? Var det verkeleg sant at den iranske ambassaden i Oslo medverka til eit drapsforsøk på norsk jord?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement