Kommentar
Navalnyj har ei lekse å lære verda
Den russiske opposisjonsleiaren Aleksej Navalnyj syner kva mot tyder.
Den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj då han stod for retten i Moskva 20. februar i år.
Foto: Alexander Zemlianichenko / AP / NTB
Da Aleksej Navalnyj sette seg på eit fly til Moskva 17. januar, gjorde han livet sitt til ein metafor. Han visste det, kona hans visste det, og alle dei andre i flyet visste det.
Det gjorde òg dei millionane av menneske som hadde sett dokumentarvideoane hans, som hadde sett dei slagferdige intervjua han gav på flyet, som seinare har slutta seg til demonstrasjonar i hans namn. Det gjorde dei russiske leiarane òg, inkludert landets diktator og president, Vladimir Putin. Slik, fortalde Navalny til dei alle, er det mot ser ut.
Drapsforsøk
Navalnyj er Russlands viktigaste opposisjonsleiar, og han flaug heim frå Berlin etter fleire veker på sjukehus der, etter det andre eller kan hende det tredje drapsforsøket på han. Han hadde overlevd fordi ein tysk frivillig organisasjon hadde sendt eit fly til Omsk for å hente han ut frå Russland, ettersom nervegifta novitsjok som var brukt for å forgifte han, ikkje alltid drep straks, og det russiske sjukehuset hadde gått med på å late han dra, truleg overtydd om at han aldri ville vende attende.
For å gjere det klart: Ein av legane som behandla han for forgifting, har seinare døydd under merkelege omstende, og ein talsperson for sjukehuset som nekta å knyte Navalnyjs sjukdom til forgifting, er forfremja til regional helseminister.
Uventa nok kom Navalnyj seg. Ikkje berre kom han seg, men framstod frisk nok til å vere frontfigur, enda ein gong, i ein av videoane som har gjort han og researchgruppa hans vidgjetne. Han har ofte gått til åtak på medlemer av den russiske eliten, nøsta opp dei sinnrike korrupsjonsnetta deira, gjort narr av pengane og smaken deira.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.