Sideblikk

Naudsynt demokratisk underskot

Feiringa av grunnlovsdagen blir utriveleg når EU-medlemskap kjem på dagsordenen.

Politikarar frå både Venstre og Høgre held EU-fana høgt, men Erna Solberg er skeptisk med tanke på framtidige regjeringssamarbeid.
Politikarar frå både Venstre og Høgre held EU-fana høgt, men Erna Solberg er skeptisk med tanke på framtidige regjeringssamarbeid.
Publisert

Årets 17. mai-lunsj med Hjelpeskrivarane tok ei uventa vending. Lenge gjekk det som normalt: eggedosis og champagne, ekte laks og blautkake før kongepjolteren. Det blei rive vennskapeleg kjeft, og det var tevling i å overgå kvarandre i spitord om lokale, regionale, nasjonale og internasjonale politikarar.

Det var ros av den dyktige og tapre skodespelarpresidenten i Ukraina, og fantasifulle spekulasjonar om den fysiske og psykiske helsa til Putin. Men også heimlege politikarar fekk sine pass påskrivne, sjølv om slagsmåla mellom dei som oftast går på tomgang og er repetisjonsøvingar.

Stemninga var altså høg og god, som det sømer seg på ein dag med takksemd for fred, fridom og frie ytringar.

MEN SÅ DUKKA EU OPP. Det har aldri vore eit problem før, for på tvers av alt som skil dei, har Byråsjefen, Vertinna og Spaltisten vore samla mot, både i 72, i 94 og etterpå.

Vertinna har kjent på gikta at noko er på gang etter det russiske åtaket på Ukraina. Det gamle og fredsvennlege nei-partiet Venstre har slått kollbøtte og blitt mest krigersk og EU-ihuga av alle. Høgre vil ikkje vera dårlegare; dei har løfta EU-fana høgt – mot Ernas vilje, for ho veit at det undergrev planen om comeback som samlande statsminister i ei såkalla borgarleg regjering.

Den mest EU-inkarnerte av alle, Jonas Gahr Støre, som kunne blitt ein perfekt EU-kommissær, held tann for tunge og seier at saka ikkje er aktuell. Han veit at dersom ho blir det, er det ein dødsdom for AS-regjeringa. Den politiske sjølvmordsparagrafen gjeld som før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement