Utanriks
– Naudsynt å støtte opp om russiske eksilredaksjonar
Etter invasjonen i 2022 har vi fått ein heil liten skog av slike eksilrussiske redaksjonar i Europa, seier russlandsforskar Kari Aga Myklebost ved Universitetet i Tromsø.
Russlandforskar Kari Aga Myklebost.
Foto: UiT Norges arktiske universitet
– Slik Russland har vorte, med eit svært repressivt system, er samarbeid med russiske eksiljournalistar ein mogleg veg for vestlege medium. Fleire europeiske redaksjonar gjer dette i aukande grad, til dømes Barents Observer i Kirkenes, seier Kari Aga Myklebost.
I fjor skreiv ho om eksilrussiske redaksjonar og proxy reporting – diskret informasjonsinnsamling – i artikkelen «Krigsmotstand og uavhengig journalistikk: Russiske journalistar i eksil».
– Dei har omfattande erfaring med å dobbeltsjekke historier. Norske redaksjonar har mykje å lære av dei, seier Myklebost.
Ho peikar på at det vert stadig vanskelegare for norske medium å ha korrespondentar i Russland, slik Aftenposten og NRK framleis har.
– Dei balanserer på ei stram line når det gjeld kva dei faktisk kan rapportere om utan å risikere å miste akkrediteringa og dermed måtte forlate landet, seier Myklebost.
Ho meiner styrken til eksilrussiske redaksjonar ligg i nettverk dei har i Russland. På grunn av russisk repressiv lovgiving blir stadig meir av dette arbeidet gjennomført som proxy reporting, der både journalistar og kjelder er anonyme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.