JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Naturvern på vent

Noreg var pådrivar for å få på plass ein global naturavtale. Eitt år seinare lurar naturvernarar og opposisjonspolitikarar på kvar dei norske tiltaka vert av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei hytte på 100 kvadratmeter kan  påverke 15 gonger så mykje natur, ifølgje utrekningar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA). Regjeringa forventar at ny hyttebygging framover skjer i  tilknyting til eksisterande byggeområde og ikkje i urørt natur, men har ikkje kome med krav til kommunane.

Foto: Geir Olsen / NTB

14344
20240112

Bakgrunn

Global naturavtale

Dei 196 partane i FNs biomangfaldskonvensjon vart like før jul samde om ein global naturavtale.

Avtalen har 23 handlingsmål og seier mellom anna at minst 30 prosent av land- og havarealet på jorda skal vernast eller takast vare på på annan måte innan 2030.

Det overordna målet er å stoppe og reversere tapet av natur innan 2030.

Naturvern

eva@dagogtid.no

Ei god julegåve til barna på kloden, kalla tidlegare klima- og miljøminister Espen Barth Eide det då 196 land like før jul i forfjor vart samde om ein felles naturavtale. Avtalen seier at minst 30 prosent av land- og havareala på jorda – og særleg dei som er viktige for naturmangfald – skal vernast eller takast vare på på andre måtar, at minst 30 prosent av øydelagde naturområde skal restaurerast, og at subsidiar som er til skade for biologisk mangfald, skal kartleggjast og reduserast. Og tidsfristen for alt dette og meir til er innan 2030, altså seinast 2029.

Noreg var pådrivar for å få på plass avtalen, og Eide sa like etterpå at styresmakter, næringsliv og befolkning over heile verda ville «forholde seg til og strekke seg etter» måla i avtalen.

I året som har gått sidan, har den norske regjeringa overprøvd Miljødirektoratet og opna for bygging av ny firefelts E6 gjennom naturreservatet Lågendeltaet i Lillehammer. Regjeringa har òg vorte samd med Høgre, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti om ein vindkraftskatt som skal gjere det meir attraktivt for kommunar å seie ja til nye vindkraftparkar på land, og regjeringa har godkjent nyutbyggingar og opna for meir leiting etter olje og gass på norsk sokkel. Denne veka vedtok regjeringa saman med Høgre og Frp å opne for gruvedrift på havbotnen – noko både Miljødirektoratet, forskarar, miljøorganisasjonar og opposisjonsparti har åtvara kraftig mot.

Samstundes byggjer kommunane òg ned bit for bit av norsk natur, noko NRK dokumenterte grundig i ein artikkel publisert førre helg. Artikkelen syner i tillegg at det har vorte daglegdags å gjere inngrep i spesielt verdifulle område, som raudlista naturtypar, inngrepsfri natur, myr, strandsone, vassdrag og villreinområde.

Så kvar vart det av julegåva til barna? Kva er gjort for å ta vare på, verne eller restaurere meir natur etter at naturavtalen vart signert?

Under utvikling

Ifølgje klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen jobbar regjeringa «for fullt» med å følgje opp avtalen. Det forsikra han om i innlegg i Aftenposten i november, men døma hans avgrensa seg først og fremst til tiltak og verktøy som er under utvikling:

Regjeringa er i gang med å lage ei stortingsmelding om oppfølginga av avtalen som etter planen skal leggjast fram for Stortinget til hausten, og ho jobbar med ein «meny av tiltak» som skal bidra til «å opprettholde økosystemer i god tilstand». I tillegg er det sett ned eit naturrisikoutval som skal sjå korleis næringsliv og økonomi vert påverka av natur som forsvinn. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å etablere ein naturrekneskap som skal syne kor mykje og kva slags natur vi har. Naturrekneskapen er ikkje venta å vere ferdig før i 2026, tre år før måla i naturavtalen skal vere nådde.

Naturvernforbundsleiar Truls Gulowsen er ikkje imponert.

– Vi har høyrt ein del om oppfølginga av avtalen, men sett lite i praksis. I sum er eg ganske forundra over at regjeringa kunne inngå ein slik avtale og feire han så mykje, men gjere så lite på heimebane, seier han.

Signal og styrking

Nokre konkrete tiltak har regjeringa derimot kome med: I e-post til Dag og Tid syner Eriksen til at regjeringa i fjor verna 69 nye skogområde som del av eit samarbeid om friviljug vern av privateigd skog, og at dei etablerte Noregs første nasjonalpark for skog i låglandet, Østmarka nasjonalpark. Han trekkjer òg fram at det vert jobba med eit forbod mot nedbygging av myr, at det i ny nasjonal transportplan vert lagt vekt på å ta vare på og utnytte eksisterande infrastruktur heller enn å byggje nytt, at vegnormalane er endra for å stimulere bygging av to- og trefeltsvegar framfor firefeltsveg, og at regjeringa har tydeleggjort forventningane overfor kommunane når det gjeld kvar det bør byggjast hytter og ikkje. Men klare krav er ikkje innførte.

Marianne Sivertsen Næss i Ap, som leier energi- og miljøkomiteen på Stortinget, legg til at det òg er vedteke eit nasjonalparkløft som skal styrkje forvaltinga av nasjonalparkane, og at løyvingane til friviljug skogvern no er auka til 800 millionar kroner, noko som er eit historisk høgt nivå.

Dei to Ap-politikarane peikar òg på at tilskotsordninga til kommunar for å ta vare på naturmangfaldet er styrkt med 50 millionar kroner, og at det er etablert ei ny tilskotsordning på 10 millionar kroner til naturrestaurering.

239 km2 nytt verneareal

Ifølgje Miljødirektoratet vert det gjennomført ein god del restaureringstiltak i Noreg alt i dag – frå privatpersonar som ryddar gjengrodde tidlegare slåttemarker, til miljøforvaltinga som restaurerer vassdrag og drenert myr. Forsvarsbygg sanerer og restaurerer nedlagde skytefelt.

Ifølgje seksjonsleiar Terje Qvam i direktoratet er naturrestaurering som arbeidsfelt derimot relativt nytt i Noreg, og både planar og verkemiddel for ei oppskalering ligg framover i tid.

– Vi jobbar med å få ei god oversikt over forringa natur og korleis arbeidet bør organiserast når vi må oppskalere restaureringsinnsatsen framover. Vi treng at fleire tek ansvar for naturøydelegginga og bidreg i arbeidet, skriv han i e-post til Dag og Tid.

Kor mykje natur som er vedteke restaurert sidan naturavtalen vart signert, har ikkje direktoratet svar på, men når det gjeld vern, kom det til 239 kvadratkilometer med nytt verneareal i løpet av 2023 – det meste skog.

Til saman er såleis 5,3 prosent av skogsarealet i Noreg no verna. Ser vi på landareal samla, er om lag 17,6 prosent av Fastlands-Noreg i dag verna.

– I motsett retning

Forskarar og nokre av opposisjonspartia på Stortinget meiner til liks med Gulowsen i Naturvernforbundet at det kunne vore gjort langt meir for å verne og ta vare på natur i året som har gått.

– Førebels har ikkje regjeringa sett i gang nye initiativ som følgje av naturavtalen, seier Venstres stortingsrepresentant Ola Elvestuen til Dag og Tid.

Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne er av same oppfatning. Det einaste lyspunktet ho ser, er styrkinga av det friviljuge skogvernet, og det påpeikar ho var noko regjeringa motviljug måtte gå med på for å få statsbudsjettet vedteke i Stortinget.

Gulowsen omtalar 2023 som eit år med tapte moglegheiter. Han meiner det ikkje var nokon ny arealpolitikk å spore i dei nye nasjonale planleggingsretningslinene, og legg til at statsbudsjettet for i år vart kutta på fleire naturområde.

– Vi føreslo til dømes ei Natursats-ordning (ei nasjonal støtteordning for naturtiltak i kommunane, journ. merk.), ein kopi av det vi har på klima, men det vart det ikkje noko av i år heller. I staden føreslo regjeringa å fjerne Klimasats-ordninga, men det vart det heldigvis ikkje noko av. Så det har vore fleire gode høve til å byrje å innføre naturavtalepolitikk, sjølv om stortingsmeldinga ikkje er klar, men desse høva har regjeringa late gå frå seg, seier han til Dag og Tid.

Mest kritisk meiner Gulowsen likevel avgjerda om vegbygging gjennom Lågendeltaet og semja om å opne for mineralutvinning på havbotnen er: Det er «typiske døme på utvikling i heilt feil retning», slik han ser det, og her er han ikkje åleine.

Dag O. Hessen, som er biolog og professor ved Universitetet i Oslo, seier at inngrepa i Lågendeltaet truleg vert noko mindre enn først tenkt, men presiserer at det er prinsipielt uheldig at ein har valt å føre ein veg gjennom det som var eit verna område.

– Saka syner òg at samferdsleprosjekt bokstavleg talt får overkøyre naturen berre fordi det skal sparast nokre minutt køyreveg, seier han.

Subsidiering

Professor Vigdis Vandvik ved Universitetet i Bergen seier regjeringa heller ikkje har gjort noko for å redusere subsidiar som er til skade for biologisk mangfald. Ho syner til at oljeskattepakken, som bidreg til å frigjere meir pengar til å setje i gang nye oljeprosjekt, tvert om er halden fram, og at det i det heile vert brukt mykje offentlege pengar på å øydeleggje natur.

– Vi driv med utbygging og nedbygging som ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt – ikkje eingong før naturen er teken med i reknestykket. Det inneber òg ei subsidiering av naturøydeleggingar, seier ho.

Ifølgje statsråden har regjeringa gjort ein gjennomgang av støtteordningar som kan ha ikkje ubetydelege negative konsekvensar for naturmangfald, men denne er ikkje følgd opp enno.

– Vi kjem til å vurdere og følgje opp dette temaet i arbeidet med stortingsmeldinga om oppfølging av naturavtalen, seier han.

– Har nok informasjon

Naturavtalen er ikkje juridisk bindande, og han seier heller ikkje kvar vernetiltaka og restaureringstiltaka skal gjennomførast. Såleis er det opp til kvart land å utarbeide nasjonale planar for korleis dei skal nå dei felles målsetnadene i avtalen.

Det avtalen derimot er tydeleg på, er kva som er utfordringane for naturmangfaldet, og kva som må gjerast. Ifølgje Vandvik har regjeringa såleis hatt nok av både informasjon og data til å setje i gang med tiltak før stortingsmeldinga og naturrekneskapen er på plass.

– Rett nok veit vi for lite om omfanget av inngrep og nedbygging, men vi veit at rundt 21 prosent av norske artar er raudlista, noko som er eit svært høgt tal i internasjonal samanheng. Vi veit òg at arealomlegging er ei hovudårsak til tap av biologisk mangfald på land. Så her kunne vi sett i gang med heilt opplagde ting med det same – som å syte for at vi ikkje byggjer ned endå meir natur medan vi venter på ei stortingsmelding, til dømes, seier ho.

Miljøpolitikar Sofie Marhaug frå Raudt meiner nedbygging av natur burde vore sett på vent fram til det er bestemt korleis Noreg skal følgje opp naturavtalen.

– Det finst gode argument for å ta seg god tid med ei stortingsmelding. Problemet er at naturen vert bygd ned bit for bit i mellomtida, og den bit for bit-nedbygginga må stoppast, seier ho.

Delt om definisjonar

At stortingsmeldinga om oppfølginga av naturavtalen skal løyse opp i alt, er heller ikkje gjeve.

For det første kan det verte diskusjon om kor mykje natur Noreg skal verne og ta vare på under naturavtalen. Målet om 30 prosent gjeld globalt, ikkje for kvart land, og Eriksen seier via e-post at han ikkje kan forskotera kva det norske målet skal vere. Det han derimot gjer tydeleg, er at han inkluderer dei verna områda på Svalbard og Jan Mayen i reknestykket, og med dei er Noreg alt oppe i snart 27 prosent vern på land.

Både Raudt, SV, MDG og Venstre meiner Noreg sjølv bør verne minst 30 prosent, og MDG presiserer at vernet må vere representativt for dei ulike naturtypane i Noreg. I dag er det først og fremst høgfjellsområde som er verna, medan det er relativt lite vern av både kyst- og fjordstrøk og skog.

– Det held ikkje å verne 30 prosent av fjell, vidder og isbrear. Vi må også ha eit like omfattande vern i låglandet, anten det er snakk om lauvskog, våtmarker eller granskog, seier Une Bastholm i MDG.

Det er heller ikkje sjølvsagt kva for type vern oppfølginga av naturavtalen kjem til å handle om. Ut frå ordlyden i avtalen skal 30 prosent av arealet vernast eller takast vare på på andre måtar, og miljøpolitikar Gro-Anita Mykjåland i Sp understrekar at sistnemnde kategori ikkje er det same som formelt vern.

– Ein systemfeil

Kva verkemiddel som må til for å ta betre vare på naturen framover, er det delte meiningar om. Sjølv om det no er dokumentert at kommunane byggjer ned bit for bit av spesielt verdifulle naturområde, avviser klima- og miljøministeren å innskrenke makta til kommunane i arealsaker.

– Vi bergar ikkje naturen ved å ta makt frå kommunane. Vi må heller lage verktøy som gjer at vi kan vareta naturen i fellesskap, både i lokal, regional og statleg planlegging, seier han.

Bastholm meiner på si side det må setjast raude liner for kommunane si avgjerdsmakt. Ho vil òg innføre reglar om arealnøytralitet, som vil seie at kommunane må verne om den mest verdifulle naturen og forplikte seg til å restaurere like mykje natur som dei byggjer ned.

Marhaug i Raudt er samd i at kommunane bør strammast opp, men meiner det er viktigare med ordningar som løner dei som ønskjer å ta vare på naturen, framfor å byggje ut.

Vigdis Vandvik er av same oppfatning og meiner heile inntektssystemet for kommunane må riggast annleis for å få kontroll på den kommunale arealbruken.

– Det å byggje ut er i dag ein av dei viktigaste måtane ein kommune kan sikre eigen økonomi på. Dei har ingenting å tene på å vere med og oppfylle eit globalt mål om å ta vare på natur heller enn å byggje ut. Det er ein systemfeil som det må ryddast opp i.

– Ikkje heilt realistisk

Slik Vandvik ser det, er det heva over tvil at Noreg bør gå inn for å verne minst 30 prosent av eige areal.

– Det meiner eg både fordi Noreg er eit stort land med få folk og relativt mykje natur igjen, men òg fordi naturen vår er svært verdifull i global målestokk. Vi har viktige økosystem, mykje naturgode, og norsk natur lagrar tre gonger så mykje karbon som det globale snittet. Om vi ikkje skal verne 30 prosent, kva land skal då gjere det? spør ho.

Dag O. Hessen meiner Noreg bør feie for eiga dør.

– Det er viktig for norsk natur òg. Den mest utbyggingstruga naturen er dei artsrike områda i låglandet – elvesletter, deltaområde og produktiv skog, seier han.

– Stortingsmeldinga om Noregs oppfølging av naturavtalen kjem først til hausten, og naturrekneskapen, som skal bidra til meir opplyste avgjerder om bruk av natur og naturressursar, er ikkje ferdig før i 2026. Kan vi framleis nå måla i naturavtalen innan 2030?

– Det vert nok ekstremt vanskeleg, men det spørst kva som vert definert som verna natur, kor intakt han skal vere, og om ein inkluderer vern i polare område eller ikkje. Når det gjeld målet om restaurering av 30 prosent natur, er nok det som 1,5-gradersmålet i klimapolitikken: fint å ha og eit mål vi støttar, men som ikkje er heilt realistisk innanfor tidsperspektivet som er sett, seier Hessen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis