Natur

Skrekkscenario frå vidda

2500 villrein på vidda skal skytast, på sikt kan hende fleire. – Det verste som kan skje, er at smitten spreier seg til andre bestandar, seier Julie Enebo Grimstad i Mattilsynet.

Villreinstammen i den nordlege delen av Nordfjella er slakta ned på grunn av skrantesjuke. No skal bestanden på Hardangervidda òg reduserast kraftig.
Villreinstammen i den nordlege delen av Nordfjella er slakta ned på grunn av skrantesjuke. No skal bestanden på Hardangervidda òg reduserast kraftig.
Publisert Sist oppdatert

I september i fjor vart det påvist at ein villreinbukk felt på Hardangervidda var smitta av skrantesjuke, ein smittsam sjukdom som fører til gradvis tap av nerveceller i hjernen, unormal oppførsel, sikling og død.

Nyleg vedtok regjeringa at opp mot 2500 villrein på Hardangervidda skal skytast for å prøve å utrydde sjukdomen. Avgjerda er teken etter faglege råd frå Miljødirektoratet og Mattilsynet. Dag og Tid har snakka med Julie Enebo Grimstad i seksjon for dyrehelse i Mattilsynet.

– Kvifor er det naudsynt å slakte så mange dyr?

– Skrantesjuke er ein alvorleg og smittsam sjukdom, og vi vil ikkje ha dette smittestoffet i norsk natur. For å avgrense og prøve å utrydde sjukdomen må vi redusere populasjonen sjukdomen er funnen i.

– Kva er følgjene for den samla bestanden på Hardangervidda?

– Vi skal ikkje ta ut heile stammen, men det er særs viktig å ta ut vaksne bukkar, for dei er mest utsette for smitte, og det er det vi set i gang med no. Det vil ikkje true den totale bestanden som er på om lag 6500 dyr. Det vert fødd mange nye dyr kvar vår også.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement