Natur
Katastrofen kunne vore avgrensa
Pakistan har gjort lite for å hindre og førebyggje flaumkatastrofen som no har råka landet, seier Elisabeth Eide, som er professor ved OsloMet.
33 millionar personar er direkte råka av storflaumen i Pakistan dei siste månadene. Biletet er frå ei evakuering i Baluchistan-provinsen sørvest i landet.
Foto: Hamdan Khan / AP / NTB
Pakistan er råka av det som er omtalt som den verste flaumen i landets historie. Kraftig monsunregn kombinert med smeltevatn frå isbrear på grunn av ei hetebølgje har lagt ein tredjedel av landet under vatn. 1500 personar har så langt mista livet, og rundt 33 millionar er direkte råka av vassmassane som har øydelagt bustader, infrastruktur og avlingar. Nyleg åtvara Verdas helseorganisasjon om at sjukdomar som denguefeber, malaria og hudinfeksjonar no spreier seg i dei flaumråka områda. Dag og Tid har snakka med Elisabeth Eide, som er professor i journalistikk ved OsloMet og har skrive boka Pakistan midt i verden saman med Terje Skaufjord.
– Kjem landet til å kome seg att etter dette?
– Det får vi håpe, men det kjem til å ta tid. Det er mykje som må byggjast opp att, og det kjem til å krevje store midlar og støtte utanfrå. Eg trur ikkje dei politiske leiarane i Pakistan har oversikt over kor store øydeleggingane er enno, eller kva som trengst av gjenoppbygging, reparasjonar og kompensasjonar.
– Korleis er flaumen og skadane handterte så langt?
– Det vert jobba for å gje folk mellombelse leirar å bu i og få ut mat og medisinar til leirane, men det er framleis folk som oppheld seg på vegar og i vegkantar som ikkje står under vatn. Det går òg framleis føre seg redningsarbeid for å få folk ut av områda som ligg under vatn, og det finst inga oversikt over kor mange som er døde enno, men vi veit at det er mange barn blant dei som er råka. Vatnet trekkjer seg ikkje så fort tilbake, så det er ikkje lett å vite kva tid det går å starte gjenoppbygging heller. Det kan verte ein guffen vinter, og det kjem nok til å gå med fleire menneskeliv.
– Det har vore flaum i Pakistan med jamne mellomrom, og det var storflaum der sist i 2010. Kva har styresmaktene gjort for å hindre og førebyggje store øydeleggingar som følgje av flaum?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.