JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Influensaen som flyg verda rundt

Fugleinfluensaen har blitt ein permanent epidemi, og viruset trugar ikkje berre fuglar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Jan Langhaug

Jan Langhaug

9176
20230804
9176
20230804

Kommentar

arve.nilsen@vetinst.no

Fugleinfluensaen herjar langs kysten denne sommaren, daude og døyande fuglar blir funne langs størsteparten av kysten, frå Karmøy til Vadsø. Krykkjekoloniane i Finnmark har vore særleg hardt råka, og berre i Vadsø har dei til no plukka opp 15.000 daude og døyande fuglar. Men den dødelege influensavarianten er ikkje berre funne hos ville fuglar her i Noreg, dei siste to åra har epidemien spreidd seg til alle delar av verda. Massedød av sjøfugl er rapportert frå Europa, Amerika, Afrika og Asia, og fuglevirus er funne ved fleire alvorlege sjukdomsutbrot hos pattedyr.

Virusangrep

Influensavirus er svært smittsame, dei kan smitte fleire dyreartar og til liks med andre RNA-virus (som koronavirus) har dei god evne til å mutere til stadig nye variantar og undervariantar. Influensavirus er delte inn i fire grupper, A til D, og alle dei vanlegaste influensatypane som kan smitte menneske, er i gruppe A eller B. Fugleinfluensavirus er i gruppe A, og virus i denne gruppa blir delte vidare inn i undergrupper ut frå variasjonen i dei proteinstrukturane virusa bruker for å binde seg til og angripe nye celler. Det er særleg stabiliteten i hemagglutinin-proteinet (H-proteinet) som avgjer kva organ viruset angrip, og om eit influensavirus blir låg- eller høgpatogent.

For å bli aktivert og kunne angripe cellene til verten må dette angrepsproteinet bli fanga opp og kløyvd av enzym som finst i vertens eige vev. Dei lågpatogene virusa har eit stabilt H-protein som berre kan bli aktivert i tarm og lungevev, og virusa gjev difor lokale infeksjonar i luftvegar og tarmkanal. Høgpatogene virus har farleg ustabile H-protein som kan bli spalta og aktiverte nær sagt kvar som helst i kroppen. Det gjev rask virusproduksjon og vevsskade i mange organ samstundes, noko som er årsaka til at fuglar smitta av HPAI blir så brått sjuke og kan døy før dei rekk å få nokon symptom på sjukdom.

Lågpatogen risiko

Reservoaret for fugleinfluensa finst hos villfugl, som ei blanding av mange lågpatogene variantar. Slike influensavirus har vore vanlege også her i Noreg dei siste åra. Sjølv om lågpatogene virus ofte kan gje få eller milde teikn på sjukdom, har dei evne til å mutere til høgpatogene variantar. Dei siste epidemiane av fugleinfluensa hos ville fuglar i Europa trur forskarane hadde opphav i blanding av smitte og mutasjon av virus under fugletrekket sørover på hausten, der store flokkar av mange ulike fugleartar samlar seg på faste kvilestader i Sentral-Europa. Store og kjølige våtmarksområde tettpakka med fugl frå alle delar av kontinentet gjev ideelle tilhøve for spreiing og mutasjon av influensavirus.

Dei siste åra med influensaalarm har fått ei samla fjørfenæring til å ta i bruk strenge smittetiltak for å unngå å få smitte inn i fuglefjøsa, og alle som har hobbyhøns i hagen, har fått krav om å halde dyra inne eller under forsvarleg tette tak for å unngå smitte frå villfugl. Ved funn av lågpatogene influensavirus i kommersielle fugleflokkar vil Mattilsynet påleggje full utslakting og desinfeksjon for å hindre moglege mutasjonar og vidare spreiing. Vaksinasjon skal vere i ferd med å bli testa ut i nokre land, men det er heller ikkje noko som kjem til å bli aktuelt her i Noreg med det første.

Høgpatogen spreiing

Spreiinga av høgpatogene influensavirus har gått raskt dei siste åra. I Noreg blei høgpatogent fugleinfluensa funne første gong hos villfugl i november 2020 og hos verpehøns eitt år seinare. Forskarar meiner at hausten 2021 endra situasjonen i Europa seg dramatisk, frå å vere eit sesongproblem til å bli ein permanent epidemi. I sesongen 2021–2022 kom eit nytt utbrot av høgpatogen fugleinfluensa blant ville fuglar i Noreg, no også så langt nord som Svalbard og Jan Mayen. I tillegg til daude sjøfuglar fann Veterinærinstituttet også influensavirus hos ørn og raudrev, hausten 2022 dukka det opp nye tilfelle i fjørfebesetningar i Rogaland.

Dødstala frå epidemien no i sommar er urovekkjande høge, og av alle sjøfuglane som døyr av influensaepidemien, er det truleg berre ein liten del som flyt i land eller blir liggjande slik at dei kan teljast og samlast inn. Bestanden av krykkje er dei siste 30 åra redusert med 50 til 80 prosent på fastlandet, 15 til 30 prosent på Svalbard, og det er uvisst kva verknad ein vedvarande influensaepidemi vil ha på den allereie sterkt truga bestanden.

Episenter

Det ser no ut til at det er ein spesiell høgpatogen virusvariant som ikkje berre drep krykkjene i Vadsø, men også fører til massedød av terner og hettemåker i Europa, som herjar i pelikanflokkane i Peru og Chile og i skarvekoloniar på kysten av Namibia. Denne varianten dukka første gong opp i eit utbrot hos gås i den vesle byen Sanshui i Guangdong-provinsen i 1996. Gjæsene blei avliva, men truleg var det allereie spreidd vidare med friske smitteberarar, sjukdommen dukka opp att i Hongkong kort tid seinare, og etter det har denne varianten spreidd seg til heile verda.

Det er ikkje utan grunn at det sørlege Kina blir kalla eit episenter for influensaepidemiar. Dei to store influensapandemiane hos menneske i 1957 og 1968 starta her, kanskje også spanskesjuka i 1918. Her finst det store våtmarksområde og mykje viltlevande fugl. Kombiner det med høgt folketal og ein eksplosiv vekst i husdyrhaldet, både fjørfe og gris, så får du tilnærma perfekte tilhøve for formeiring og spreiing av høgpatogene pandemivirus.

Ingen pandemi – enno

Folkehelseinstituttet vurderer førebels ikkje fugleinfluensa til å være særleg smittsamt for menneske, og om nokon skulle bli sjuke, er det ikkje grunn til å tru at sjukdommen kan spreie seg vidare til andre menneske, slik det skjer ved vanleg influensa. For å bli infisert av fugleinfluensavirus må vi få viruspartiklar langt ned i luftvegane. Dei som er mest utsette for å bli sjuke, er difor folk som jobbar i store fuglefjøs der det er utbrot av influensa. For dei som handterer smitta villfugl er det i røynda liten risiko for å bli smitta.

Men det er ein annan risiko som gjer det verdt å kle seg i vernedrakt, hanskar og ansiktsmaske for dei som skal samle inn daude fuglar. Dersom menneske blir smitta samstundes av vanleg influensa og eit fugleinfluensavirus kan dei to virusa kombinere dei genetiske kodane sin og bli eit nytt og farlegare fugleinfluensavirus med betre evne til å smitte menneske, og ikkje minst til å spreie seg direkte frå menneske til menneske. Dette er også grunnen til at det er fornuftig at folk vaksinerer seg mot vanleg sesonginfluensa. Vaksinen gjev ikkje noko vern mot fugleinfluensa, men kan redusere risikoen for denne typen farleg virusmutasjon.

Kva no?

Det som har vore spesielt med utbrotet av høgpatogent fugleinfluensavirus dei siste åra, er at det i større grad enn tidlegare fugleinfluensavirus kan smitte og gje sjukdom hos pattedyr. Når det tilpassar seg andre pattedyr, kan vegen vidare til å smitte menneske bli lettare, og dette er ei utvikling det er viktig å følgje godt med på. Til no er det ulike stader i Europa funne fugleinfluensa hos fleire ville pattedyr som raudrev, ilder og grevling. Risikoen for at kjæledyr som hund eller katt blir smitta, er generelt rekna som låg, men Mattilsynet oppmodar likevel alle dyreeigarar i Finnmark om å halde kjæledyra sine borte frå sjuke og daude sjøfuglar. Det er gjort få testar av influensavirus hos småfugl, og vi veit ikkje sikkert kva risiko kattar har for å bli smitta derfrå.

Sjukdom hos mink i pelsdyroppdrett blei oppdaga i Spania hausten 2022, og forskarane meinte at dei såg teikn på at virus kunne spreie seg direkte frå dyr til dyr. I Finland er fugleinfluensa no funne i 20 pelsfarmar, og styresmaktene gjev denne veka ordre om avliving av alle besetningar med mink fordi dei fryktar at sjukdom hos mink kan spreie seg vidare til menneske.

Kryssar grenser

Fugleinfluensavirus har i det heile liten respekt for grenser mellom artane. I New England, på austkysten av USA, hadde dei ein epidemi av HPAI hos måker, skarv og ærfugl i tida frå mars til juni 2022, i juli byrja dei å finne influensavirus hos sjuke og daude selar. Det er litt usikkert korleis dyra hadde blitt smitta sidan sel ikkje et sjøfugl, og det såg ikkje ut til at smitten gjekk frå sel til sel. Men også ved sjukdom hos sjøpattedyr kan det vere grunn til å vise aktsemd for å hindre overføring av smitte til menneske med mogleg muterte virus.

At influensavirus frå kinesiske gjæser no truger bestandar av krykkjene i Vardø, drep pelikanar i Peru og selar i New England, er nok ei påminning om at heile verda lir under menneska sin umettelege trong til vokster. Stadig fleire menneske, fleire husdyr og mindre plass til natur og dei ville dyra ser ut til å vere ei sikker oppskrift på meir sjukdom og raskare smittespreiing.

Arve Nilsen

Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i Dag og Tid.

Takk til Grim Rømo, fagansvarleg for fjørfe ved Veterinærinstituttet, for ei god faglig oppdatering om kampen mot fugleinfluensaen i Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til no er det ulike stader i Europa funne fugleinfluensa hos fleire ville pattedyr som raudrev, ilder og grevling.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis