JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Gråbein frå Løvebakken til Høgsterett

Norsk ulvepolitikk har nett fått ståkarakter i Høgsterett. Om kort tid skal staten opp til ein ny eksamen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter fleire år i rettssystemet tapte WWF saka mot staten, som vart frikjend for å ha tillate lisensfelling av ulv i 2016–2017 i strid med lova. I slutten av mai møter staten og Noah i Oslo tingrett. Biletet er frå ein demonstrasjon for rovdyr i regi av Noah i 2019. Leiar Siri Martinsen heldt appell.

Foto: Heiko Junge / NTB

12834
20210416

Ulv i Noreg

Noreg og Sverige har felles ulvebestand.

Vinteren 2019–2020 var han på om lag 450 individ.

56 av dei har påvist tilhald i Noreg, og 47–50 har tilhald på tvers av riksgrensa.

Fordi det finst færre enn 50 vaksne reproduserande ulvar i Noreg, vert arten rekna som kritisk truga på den norske raudlista.

Kjelde: Store norske leksikon

ROVDYR

christiane@dagogtid.no

Hugsar du ulvestriden under klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H)? Den politiske konflikten som utspelte seg for fire år sidan, inneheldt fleire av dei mest sentrale punkta i ei rettssak mellom WWF Verdsnaturfondet og staten som gjekk i Høgsterett 5.–9. mars i år. Det kjem vi tilbake til.

WWF stemna staten i november 2017, for å få den vedtekne lisensjakta vinteren 2017–2018 stoppa og erklært ugyldig. Organisasjonen hevda at ulveforvaltninga braut med Grunnlova, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen. Dermed var det ikkje berre dei konkrete jaktvedtaka dette året som hamna i retten, men bruken av dei viktigaste verktøya i den norske ulveforvaltninga, bestandsmålet og ulvesona.

Årelang rettsstrid

Saka har vore gjennom tre rettsinstansar. Dommane i saka viser at dette ikkje er enkel juss. Staten har fått medhald i to, medan WWF vann fram på eit sentralt punkt i lagmannsretten. Høgsterett frikjende altså staten på alle punkt – politikarane har ikkje brote lova i ulvepolitikken.

WWF har kalla høgsterettsdommen ein naturtragedie. Det juridiske sporet har ikkje ført fram for ulveforkjemparane. Berebjelkane politikarane har vedteke i ulveforvaltninga, vil verte ståande.

Men enno er det ikkje ulven ferdig i domstolane. Den 31. mai startar ei ny sak i Oslo tingrett. Denne gongen er det dyrevernorganisasjonen Noah som har stemna staten for eit lisensjaktvedtak frå 2019. Denne gongen er det også eit nytt prinsipp som vert prøvd. Høgsterettsdommen vurderte lisensfelling av både streifulvar og ulvar som lever i familiegrupper utanfor ulvesona. Det den komande saka i Oslo tingrett vil gjelde, er om det også er i tråd med lova å tillate lisensfelling av ulv innanfor ulvesona.

Politisk spel

Ein artikkel om korleis ulven har hamna i rettssystemet, kan ta utgangspunkt i mykje forskjellig. Han kan ta utgangspunkt i den biologiske kunnskapen om ulv, i ein innavla bestand og i spørsmålet om han er levedyktig eller ikkje. Han kunne ha handla om distriktsinteressene som vert råka eller om internasjonal vernepolitikk. Denne artikkelen skal handle om det politiske spelet på Stortinget som førte politikken til domstolane. Og då er vi attende til ulvestriden under Vidar Helgesen.

Det vekte oppsikt langt utanfor landegrensa då dei regionale rovviltnemndene her i landet hausten 2016 vedtok at jegerar kunne skyte opptil 47 ulvar, dyr som er strengt verna, under lisensfelling vinteren 2016–2017. Ein stor del av ulvane levde i flokkar i etablerte revir, både innanfor og utanfor ulvesona.

«Norway plans to cull more than two thirds of its wolf population», skreiv The Guardian. Stiftinga WWF Verdsnaturfondet samla inn 60.000 underskrifter mot den rekordstore jakta og overleverte dei til regjeringa.

Så gjekk det jo ikkje slik. Vedtaka frå rovviltnemndene vart påklaga, og fire dagar før julekvelden sa Klima- og miljødepartementet nei til felling av alle ulvane i revir. Berre vedtaka om å tillate lisensfelling av 15 streifulvar utanfor ulvesona vart haldne oppe.

Politikk møter juss

Vedtaka frå rovviltnemndene hadde uroa miljørørsla. No var det rovdyrskeptikarane som vart sterkt provoserte. For Helgesen grunngav ikkje avgjerda politisk, men juridisk.

Her kjem ei kort innføring i norsk ulveforvaltning: Politisk kviler ulveforvaltninga på eit mål om å ta vare på både ulv og beitedyr. I ulvesona, som ligg i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo og utgjer om lag 5 prosent av det norske landarealet, har ulven forrang framfor beitedyr, og det skal vere høg terskel for jakt. Utanfor har beitedyra forrang, og her skal det vere låg terskel for felling. I tillegg har politikarane vedteke eit bestandsmål, som i dag er fire–seks ungekull per år, og tre av dei skal vere heilnorske. Ungekull i revir som kryssar grensa til Sverige, vert rekna som halve kull.

Rettsleg er hovudregelen at det er forbode å felle ulv, med visse unntak. Bakgrunnen for det er at Noreg i 1986 underteikna Bernkonvensjonen og i 2009 nedfelte det same innhaldet i naturmangfaldlova.

Tre vilkår må vere oppfylte for at det skal vere høve til å felle ulv. For det første må det ikkje finnast noka anna tilfredsstillande løysing enn felling. For det andre må ikkje uttaket truge overlevinga til bestanden. For det tredje krevst det at fellinga skjer for å sikre allmenne helse- og tryggleiksomsyn eller andre offentlege interesser av vesentleg betyding.

Ifølgje Helgesen var det ikkje dokumentert at ulvane det var snakk om, utgjorde eit stort nok skadepotensial overfor husdyr og tamrein til at dei kunne fellast utan at ein samstundes braut naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen. Kravet om at det ikkje fanst andre tilfredsstillande løysingar enn felling, var heller ikkje oppfylt, meinte Helgesen.

Og det var ikkje berre departe­mentet hans som meinte det. Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet kom til same konklusjon, og det kunne ein ansvarleg statsråd ikkje oversjå.

Opprør

Helgesen skapte stor ståhei. Alle medlemmene av rovviltnemnda i Hedmark trekte seg frå verva sine. Kva skulle dei gjere der om vedtaka deira berre vart oppheva? Hedmark Høgre rapporterte om protestutmeldingar. Jegerar i seks kommunale fellingslag, sette til å utføre skadefelling, sa opp avtalane sine. Statsminister Erna Solberg forsikra på Facebook at dei i regjeringa gjorde alt dei kunne for å følgje bestandsmålet, men dei hadde ikkje noko val. Dei måtte følgje lova.

Detaljstyring

Det er mykje psykologi i den politiske dynamikken. Når fellingsvedtaka i 2016 skaka så hardt, var det på bakgrunn av at Stortinget nett hadde vedteke eit nytt bestandsmål. Våren 2016 inngjekk Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti eit nytt forlik om både bestandsmålet og ulvesona. Endringane var ikkje store, men forhandlingane var krevjande. Fleire sentrale forslag frå regjeringa vart kasserte, og dei partia som set ulvesaka høgast, trekte seg etter kvart frå forhandlingane.

Til slutt vedtok Stortinget eit bestandsmål som inneber at regjering og forvaltning vert detaljstyrt. Bestandsmålet vart sett til fire–seks ynglingar per år, tre av dei skal vere heilnorske, og ynglingar i grenserevir skal telje som eit halvt kull. Viktigare: Stortinget understreka at bestandsmålet skal oppfattast som både eit minimums- og eit maksimumsmål, slik at målet er nådd når fire ungekull er passert, og slik at ein ikkje skal overstige seks kull: «Da skal det iverksettes uttak.»

Det nye bestandsmålet skapte meir misnøye enn glede i dei fleste miljøa, men dei som ville ha færre rovdyr, fekk ei forventning om at bestandsmålet var til for å følgjast.

Tolking på Løvebakken

Dei regionale rovviltnemndene, som gjer lisensfellingsvedtak når bestandsmålet er nådd, følgde opp signala frå Stortinget hausten 2016. Det gjorde ikkje Helgesen, som hadde siste ord etter klager på vedtak. I staden retta han altså blikket mot Bernkonvensjonen og naturmangfaldlova. Han meinte vedtaka frå rovviltnemndene var i strid med lova.

At politikken stod i eit spenningsforhold til jussen, kunne ikkje ha komme overraskande på han. Helgesen hadde fleire gonger gjort det klart overfor Stortinget at ulvebestanden kan vekse seg større enn bestandsmålet utan at dei rettslege vilkåra for å tillate ulvefelling av den grunn er oppfylte.

No oppstod det politisk strid på Stortinget om korleis lova skulle tolkast. Opposisjonspolitikarar meinte Helgesen såg bort frå handlingsrommet i lova. For det var éin ting Helgesen ikkje hadde vurdert, og det var om fellinga kunne tillatast på bakgrunn av «andre offentlige interesser av vesentlig betydning», som det står i lova. Han meinte at det skulle svært mykje til for å bruke denne paragrafen, og at han dermed ikkje var relevant. Denne ordlyden var heller ikkje teken inn i rovviltforskrifta, som styrer arbeidet i rovviltnemndene.

For å gjere ei lang og høglydt historie litt kortare: Helgesen måtte stå skulerett på Stortinget og finne ein måte å styre etter Stortingets vilje på utan å bryte lova.

Offentlege interesser

Helgesen foreslo etter kvart å endre naturmangfaldlova, men fleirtalet på Stortinget var langt frå nøgd. Dei meinte at lova, slik ho alt var, kunne nyttast til å tillate jakt, om ein berre ville peike på omsynet til offentlege interesser av vesentleg betyding.

Stortinget instruerte i staden statsråden til å endre rovviltforskrifta slik at omsynet til offentlege interesser av vesentleg betyding kom inn der. Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, fremja mistillitsforslag mot Helgesen, men berre Senterpartiet røysta for.

Fleire verktøy

Endringa av rovviltforskrifta fekk konsekvensar. Då neste lisensfelling, altså for vintersesongen 2017–2018, skulle avgjerast, følgde Helgesen i større grad dei politiske føringane Stortinget hadde lagt, i tillegg til vedtaka i rovviltnemndene, og tillét lisensfelling av 42 ulvar utanfor ulvesona, mellom dei to heile ulveflokkar i revira Julussa og Osdalen.

Departementet meinte også denne gongen at ulveflokkane hadde eit avgrensa skadepotensial, men no var den politiske verktøykassa større enn året før. No vart det oppfatta som ei offentleg interesse av vesentleg betyding å ha minst mogleg ulv utanfor ulvesona. Helgesen sa derimot nei til å felle ein grenseflokk innanfor ulvesona, slik rovviltnemndene hadde gått inn for.

Staten stemna

I november 2017 stemna altså stiftinga WWF Verdsnaturfondet staten for å stoppe jakta og få ein rettsleg gjennomgang av den norske ulvepolitikken og -forvaltninga. Kunne ein verkeleg skyte heile familiegrupper av eit sterkt verna dyr, oppført som kritisk truga på den norske raudlista, med utgangspunkt i interesser som langt frå alle vil oppfatte korkje som offentlege eller av vesentleg betyding?

Også politikarar frykta at regjeringsvedtaka var i strid med lova. Dåverande Venstre-nestleiar Ola Elvestuen sa til NTB at regjeringa utvilsamt utfordra lova, og at han vanskeleg kunne sjå at vedtaket kunne verte ståande etter handsaming i retten. Eit par månader seinare gjekk Venstre inn i regjeringa, og Elvestuen vart statsråd med ansvar for norsk ulvepolitikk. Vinteren 2019 gjorde han sjølv fellingsvedtaket som skal opp i retten i mai.

Komplisert sak

Tvisten som gjekk heilt til Høgsterett, har stått om revirvedtaka og streifvedtaket frå lisensjakta 2017–2018 bryt med vilkåra lova set til felling av ulv. WWF har altså meint at vedtaka er i strid med både Grunnlova, Bernkonvensjonen og naturmangfaldlova.

For å ta stilling til det har retten måtta kunne svare på følgjande spørsmål: Trugar uttaket bestanden? Kunne andre tiltak enn felling vore nytta? Kan jakta grunngjevast i skadepotensial eller i andre offentlege interesser av vesentleg betyding? WWF og staten svarer ulikt på alle desse spørsmåla.

Ein dom mot staten ville kunne krevje omfattande politiske endringar.

Ulike dommar

Den 18. mai 2018 fall første dom i Oslo tingrett. Staten vart frikjend på alle punkt. WWF anka, og den 29. januar 2020 sa dommen frå Borgarting lagmannsrett at revirvedtaket er ugyldig. WWF fekk dermed ein for dei viktig delsiger. Han smakte kanskje godt for statsråden som var detaljstyrt av Stortinget, Vidar Helgesen, også? I alle fall skreiv han på Twitter: «Ikke noe man skal si ofte, men av og til må det være lov: Hva. Var. Det. Jeg. Sa.»

Dommen frå lagmannsretten var prega av dissens på fleire punkt, men fleirtalet meinte at staten ikkje hadde klart å påvise at uttaket av ulvane var gjort av omsyn til «andre offentlige interesser av vesentlig betydning». Både WWF og staten anka saka.

Den 26. mars i år fall dommen i Høgsterett, som frikjenner staten på alle punkt. Han slår fast at korkje sonepolitikken eller bestandsmålet bryt med Bernkonvensjonen. Dommen legg ikkje føringar på kor langt forpliktinga til å ta vare på ulven rekk, men slår fast at Noreg ikkje bryt Bernkonvensjonen så lenge den norske delbestanden er så stor at bestandsmålet vert nådd. Både distriktspolitikk og omsynet til å auke tilliten til rovviltforvaltninga vert oppfatta som offentlege interesser av vesentleg betyding.

Ny rettssak

I vår blir det skrive nok eit kapittel om ulv, lov og rett i Oslo tingrett. Det kan vere det siste høvet for dyrevernrørsla til å styre ulvepolitikken via domstolane. Elles lyt ulveforkjemparar, og motstandarar, for den del, gå vegen om politikken.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein dom mot staten ville kunne krevje
omfattande politiske endringar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis