Krig
«Nato-styrkar kjempar i Donbass»
Russiske nyhendenotisar om «spesialoperasjonen i Ukraina»:
Regulære Nato-styrkar deltek i kamphandlingar i Donbass under dekke av å vere private militære selskap, seier Andrei Marotsjko, offiser i Folkerepublikken Luhansk folkemilits.
Massivt rakettåtak
Forsvarsdepartementet kommenterte det massive missilåtaket som vart påført Ukraina dagen før. Ifølgje Igor Konsajenkov, representant for departementet, avbraut åtaket overføringa av reservar til dei væpna ukrainske styrkane og levering av utanlandske våpen til kampområda. I tillegg vart eit heilt arsenal av vestlege våpen øydelagde.
Forsvarsdepartementet stadfestar òg at den militære administrasjonen, det militærindustrielle komplekset og drivstoff- og energiinfrastrukturen i Ukraina òg var mål for åtaket.
– Økonomien stabilisert
Moskvabudsjettet held seg godt, underskotet er av «tekniske grunnar», og lønsemda til føretaka i byen tek seg opp, seier ordførar i Moskva, Sergei Sobjanin i eit intervju med RIA Novosti.
Ifølgje han har «det store fleirtalet» av finansinstitusjonar og service- og industrinæringa «tilpassa seg situasjonen slik han er». Russiske selskap har så å seie fylt tomrommet etter dei utanlandske selskapa som trekte seg ut av den russiske marknaden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.