Nasjonalt og demokratisk grumsNorsk nasjonalisme kan vera stor i ord, men sosialt inkluderande og fredeleg på jord.
Norsk nasjonalisme kan vera stor i ord, men sosialt inkluderande og fredeleg på jord.
I 17. mai-toget på Stabekk i 1957 var det korpsmusikantar, speidarar og skuleborn med norske flagg.
Foto: Aktuell / NTB scanpix
Attande mai er i år ein inneklemd dagen derpå, etter at folket har feira Dagen på ymist vis. Ein skribent i det intellektuelt elitære Morgenbladet meiner at «17. mai får frem det bruneste grumset i oss». Nettroll hissar seg opp over utanlandske flagg i 17. mai-tog – eit problem av same omfang som muslimske bønnerop frå minaretar.
Sylvi Listhaug meiner det er ein nasjonal verdi å eta svinepølse og drikka alkohol. Muslimske russejenter balar med ramadan. Byråsjefen tok seg ein akevitt til frukost, kledde seg i bunad og såg på barnetoget. Vertinna heiste flagget og høgtida dagen med eggedosis – kraftig tynna ut i konjakk. Spaltisten, som er pollenallergikar, er glad for at han er fri frå sekkeløp og andre obligatoriske leikar på skuleplassen, slik at han kan halda seg innandørs.
DAGEN ER MARKERT sidan Torgslaget i 1829, då Henrik Wergeland ropte «Leve Constitutionen» og den svenske statthaldaren sette inn kavaleriet mot borgarane på Stortorget i Christiania. Kongen og dei norske kumpanane hans slost for unionsdagen 4. november.
Sidan har det gått slag i slag om nasjonen og det nasjonale. Like sikkert som at bjørka sprett i dalom, er det at 17. mai-feiringa er i stadig transformasjon. Nå har også det rette namnet fått feste: grunnlovsdagen.
VINJIANARAR STYGGEST ved somt av det A.O. Vinje stod for i fasar av sitt mangslungne skriveliv: At han var hardbarka mot å fjerna jødeparagrafen, at han meinte den kvite rasen var overlegen alle andre folkeætter – «sosom Negrar og Koparraude og dei gule», at han var kongesmeikjande unionist, at han var mot allmenn røysterett fordi han vanvyrde «herkemugen». Men verst er tredje vers i «Fedraminne», mest kjend som «At far min kunde gjera»:
Han Fransmann lærde fikta
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.