Nasjonalt og demokratisk grums
Norsk nasjonalisme kan vera stor i ord, men sosialt inkluderande og fredeleg på jord.
I 17. mai-toget på Stabekk i 1957 var det korpsmusikantar, speidarar og skuleborn med norske flagg.
Foto: Aktuell / NTB scanpix
hompland@online.no
Attande mai er i år ein inneklemd dagen derpå, etter at folket har feira Dagen på ymist vis. Ein skribent i det intellektuelt elitære Morgenbladet meiner at «17. mai får frem det bruneste grumset i oss». Nettroll hissar seg opp over utanlandske flagg i 17. mai-tog – eit problem av same omfang som muslimske bønnerop frå minaretar.
Sylvi Listhaug meiner det er ein nasjonal verdi å eta svinepølse og drikka alkohol. Muslimske russejenter balar med ramadan. Byråsjefen tok seg ein akevitt til frukost, kledde seg i bunad og såg på barnetoget. Vertinna heiste flagget og høgtida dagen med eggedosis – kraftig tynna ut i konjakk. Spaltisten, som er pollenallergikar, er glad for at han er fri frå sekkeløp og andre obligatoriske leikar på skuleplassen, slik at han kan halda seg innandørs.
DAGEN ER MARKERT sidan Torgslaget i 1829, då Henrik Wergeland ropte «Leve Constitutionen» og den svenske statthaldaren sette inn kavaleriet mot borgarane på Stortorget i Christiania. Kongen og dei norske kumpanane hans slost for unionsdagen 4. november.
Sidan har det gått slag i slag om nasjonen og det nasjonale. Like sikkert som at bjørka sprett i dalom, er det at 17. mai-feiringa er i stadig transformasjon. Nå har også det rette namnet fått feste: grunnlovsdagen.
VINJIANARAR STYGGEST ved somt av det A.O. Vinje stod for i fasar av sitt mangslungne skriveliv: At han var hardbarka mot å fjerna jødeparagrafen, at han meinte den kvite rasen var overlegen alle andre folkeætter – «sosom Negrar og Koparraude og dei gule», at han var kongesmeikjande unionist, at han var mot allmenn røysterett fordi han vanvyrde «herkemugen». Men verst er tredje vers i «Fedraminne», mest kjend som «At far min kunde gjera»:
Han Fransmann lærde fikta
og finna Riddar-Værd,
og Engelsmannen dikta
og hava Sjøen kjær.
Og fremst han stod i Lina,
og rett han stelte den.
Fraa Skotland til Messina
han skapte Styresmenn.
DEI SKAMFULLE bortforklarer teksten med at Vinje var utan fast inntekt og overlevde som høvesdiktar. «Fedraminne» var eit bestillingsverk til ein kraftpatriotisk fest i Det Norske Studentersamfund for «Fædrenes Minde». Og Studentersamfunnet var eit fritt forum der dei retorisk dyrka både alvor og parodi, som då dei innstifta «Griseordenen» som parodi på St. Olavs Orden. Ingen andre enn den gullforgylte trefiguren kunne titulerast «Deres Majestet».
Derfor vona dei brydde vinjianarane at Vinje berre hadde skrive for honoraret og dreiv med ironi («skalkeherming»), men slik var det ikkje. Han pussa på diktet, stemna på og trykte det i Dølen, der han var seg sjølv.
VINJE VAR OMTYKT og etterspurd som talar, ikkje minst på nasjonaldagen. Eit år heldt han fire 17. mai-talar – på Eidsvoll.
Den språklege mentoren hans, Ivar Aasen, stod aldri på ein talarstol 17. mai. Han dreiv det ikkje lenger enn til å skriva ein fiktiv tale for tom sal om «at suga på gamle minne».
Men Aasen skreiv også nasjonale songar. Elias Blix henta inspirasjon til «No livnar det i lundar», frå «Gamle Norig, nørdst i Grendom, er vaart eiget Ættarland»:
Born av deim, som bygde Landet,
er paa Tuftom endaa til;
Garden stend i gamle Standet,
bygd og bøtt som Bonden vil.
Giv han sitje med Sømd og Sæla
trutt paa Tuftom i Trygd og Ro!
IVAR AASENS ekte nordmenn hadde røter i viker, vatn og øyar, tusen fjordar og tusen fjell. Og Vinje var læresveinen hans. Deira «vi» kom frå og høyrde til ein stad; dei var somewheres, for å bruka omgrepet til den for tida mykje omtala David Goodhart i The Road to Somewhere: The Populist Revolt and the Future of Politics.
Vinje var høgstemd nasjonalist og hadde sterke meiningar om «dei». Men han hadde også føter og var eit tvisynt medlem av fleire kulturar; han var òg ein lausriven anywhere. Slik lyder diktet «Nationalitet», som heitte «Nordmannskap» første gong det stod i Dølen:
Vi meina og tru, det gjævaste er,
at vera ein Noregs Mann.
Ja, denne Heimen os fyrst er kjær,
men vita vi maa, at den store Verd
er berre vaart store Fedreland.
Dei største Tankar vi altid faa
av Verdsens det store Vit;
men desse Tankar dei brjotast maa,
lik Straalar av Soli, som allid faa
i kver si Bylgje ein annan Lit.
DENNE VINJE hadde eit opnare syn på «vårt» og «deira» og kva som kunne hentast utanfrå. Det fall saman med den liberal-demokratiske nasjonsbygginga der kampsakene var allmenn røysterett, folkestyre og unionsoppløysing. Gamal stordom og Snorres kongesaga bleikna etter kvart. I staden fekk me ein innvandra dansk prins med engelsk kone. Dei fekk sonen Alexander Edward Christian Frederik, fødd i utlandet av to utanlandsfødde foreldre, som blei kronprins Olav og hoppa i Holmenkollen.
Nasjonsbygginga frå 1800-talet og framover har vore sosialt inkluderande. Norsk identitet er blitt mindre ekskluderande knytt til opphav og stamme, klasse og stand. Det velsigna grumset i raudt, kvitt og blått har skapt meir likeverd, deltaking og tillit til system og land. Når demos er viktigare enn etnos, kan me også framover leva saman i eit demokratisk usemjefellesskap.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei fekk ein son, fødd i utlandet
av to utanlandsfødde foreldre.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»