Kommentar
Nasjonalstaten som trygg ramme
Førestilte fellesskap kan bli verkelege når det røyner på, dersom dei er folkeleg forankra.
Norske flagg i lufta utanfor Slottet i Oslo 17. mai 2017. Det blir lenger mellom flagga i år.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Etterkrigs-Tyskland har i seinare år drive sjølvpisking i forvaltninga av rikets fortid. Dei har eit tungt ord for det gjennomgripande oppgjeret: Vergangensheitsbewältigung.
Byråsjefen er ingen revisjonist, men nøgd med at me også her i landet omsider er i ferd med å føra meir nyanserte bitar inn i forteljinga om «krigen», at det blir mindre mytebygging og vedlikehald og meir avslappa minneforvaltning.
Det var ikkje slik at då Noreg blei angripe av Nazi-Tyskland, stod alle styresmakter og folk flest opp i samla og kraftfull motstand, saboterte, kjempa hardt, sigra til sist og gjennomførte eit mønstergyldig oppgjer med svikarane og dei som svikta.
Sigerherrane som skreiv historia, tona rimelegvis ned vakling som verka nødvendig i samtida, men ikkje såg bra ut i ettertida. Til dømes at Stortinget våren 1940 gjekk inn for å avsetja kongen og koma til ei løysing med okkupasjonsmakta. Eller at landets fremste menn i spissen for Administrasjonsrådet gjekk ein lang veg frå å vilja halda hjula i gang til å bli leiarar i Heimefronten. Forteljinga begynte på nytt 8. mai 1945 og blei skriven bakover.
8. mai 2020 vil vel bli hugsa som dagen med utepils etter åtte harde veker. Pubveteranane jubla, sjølv om dei ikkje kunne handhelsa og slå kvarandre på akslene. Men dei var nære på avstand og fann seg i eteplikt med sandwich eller løksuppe, som blei borne urørte tilbake til kjøkkenet.
I praksis er Byråsjefen eit lojalt tannhjul i Forvaltninga, men han har alltid vore nyfiken på ulike politiske straumdrag, så han har lese Torolv Solheim, Ottar Brox, Hartvig Sætra og andre fossegrimar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.