JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nasjonalfylla

Ein barne- og ungdomspsykiater oppmodar foreldre om å avlyse champagnefrukosten på nasjonaldagen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ifølgje organisasjonen Av-og-til er det sosialt akseptert å byrje nasjonaldagen med alkohol.

Foto: David Fenton / AP / NTB scanpix

3157
20190517
3157
20190517

Det er dagen før 17. mai. Eg er åtte år, har fått ny festdrakt og skal få låne bunadsskoa som mor mi hadde då ho var lita. Flagget og skoa ligg klare i gangen, og eg kan ikkje vente. Eg skal springe eggelaup på fotballbana i bygda, der nasjonaldags­aktivitetane skal gå føre seg, med grønske på knea og is rundt munnen. Eg er nesten utsliten av dagen før han har starta.

16 år seinare er det ei vinflaske som står klar saman med bunadsskoa. Eg er invitert i champagnefrukost. Vi skal ete, drikke og ta den obligatoriske 17. mai-sjølvis­en før vi trekkjer nedover mot toget. Så skal vi vidare på den lokale puben for å drikke meir.

Denne veka oppmoda barne- og ungdomspsykiater Paul Joachim Thorsen foreldre om å avlyse champagnefrukosten på nasjonaldagen. Han er seksjonsoverlækjar ved barneposten på Haukeland sjukehus og har sett ein auke i innleggingar på barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i dagane etter nasjonaldagen. Han er skremd over kor mange foreldre som ikkje ser konsekvensen av alkoholinntaket sitt, melder TV 2.

Foreldre som drikk på 17. mai? Har ein verkeleg tid til champagnefrukost når ein har eit barn som ikkje berre skal stå opp, men ha mat, få på seg festklede og utstyrast med eige flagg, som ein så må passe på ikkje vert nytta til å stikke ut auga på nokon? Eg kjenner urorynka i panna verte litt djupare. Kva tid gjekk vi frå barnetog og «Vi ere en nation vi med» til å gå på bar, på lyse dagen, i bunad?

Men med vinflaska i ei hand og flagget i den andre traskar vi likevel nedover mot huset der frukosten skal haldast. Eg har jo ikkje born.

Året etter er eg i Oslo på 17. mai. I Bergen vert det servert alkohol på restaurantane frå 07.00 på nasjonaldagen, melde NRK i 2017. Medan eg går forbi ein beltestakk med ei Cava-flaske som tilbehøyr, merkar eg at sjølv om restaurantane ikkje har starta like tidleg i Oslo, ser det ut til at mange har vore på polet dagen før.

Ei undersøking gjord av organisasjonen Av-og-til viser òg at ein av fire nordmenn tykkjer ein drikk for mykje alkohol på nasjonaldagen. Og sjølv om eg har vore med på nasjonalfylla, eg òg, får ikkje åtte år gamle eg i bunadsskoa til mor mi dette til å gå opp. For 17. mai har så lenge eg kan hugse, alltid vore bornas dag. Då Bjørnstjerne Bjørnson organiserte det første barnetoget i 1870, braut det med ein tradisjon. Tidlegare var det nemleg politisk motiverte menn med flosshatt som gjekk i tog. I dag tek heile grunnlovsdagen utgangspunkt i skulen og borna.

Med ein strømpekledd fot halvvegs ned i bunadsskoen tenkjer eg at eitt glas til frukosten er noko anna enn ei flaske. Men dersom foreldra mine hadde spretta champagnen medan vi åt frukost i lag, hadde kanskje nasjonaldagen hatt ei anna meining for meg enn han har. Dersom borna er eit av dei viktigaste symbola på nasjonaldagen, lurer eg på kor mykje av dagen unge vaksne på dagsfylla symboliserer. Og om ikkje det er på tide å bryte ein tradisjon til.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kva tid gjekk vi frå barnetoget til å gå på bar i bunad?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Foto: Helge Skodvin

BokMeldingar
Odd W. Surén

Bulletinar frå ein medviten romanperson

Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis