Krig

Nasjonale heltar og det ubygde panteonet

Medan ukrainarane fryktar nye luftåtak, reddar legar liv ved å gi sjuke barn organ henta frå døde barn. Og debatten rundt eit panteon for døde heltar har blussa opp igjen.

Folk som overnatta på denne T-banestasjonen i Kyiv, som også var mål for russiske luftåtak natt til 21. juli, vågar seg endeleg ut.
Publisert Sist oppdatert

Sidan invasjonen i Ukraina i 2022 har byen Alabuga i Tatarstan blitt hovudstaden for russisk droneproduksjon. Nye satellittbilete syner at svære produksjonseiningar blir bygde like ved dronefabrikkar som alt er i verksemd. Opptil 40.000 menneske vil snart vere sysselsette i Alabuga. Det vitnar om at talet på dronekomponentar som blir importerte halvlegalt frå Kina illegalt frå USA og Europa, òg vil auke.

Ein ven av meg fann nyleg ein del av ein nedskoten drone nær ei elv. Han skrudde ut tennpluggane frå motoren og såg at dei var laga i Tsjekkia. Desse tennpluggane er rekna som dei beste motorsykkeltennpluggane i Europa. Korleis kom dei til Russland? Gjennom kva tredjeland som helst som ikkje er utsett for sanksjonar.

Samstundes med at dei utvidar droneproduksjonen, har dei russiske militære leiarane endra måten dei bruker dronar og missil på i denne krigen. I to år har dronar og missil terrorisert fleire ukrainske regionar på same tid, men i det siste har åtaka i aukande grad vore konsentrerte om to eller tre byar. Slik har dei gjort maksimal skade på eigedomar og sivile på desse stadene.

Det finst over eit tjuetal store byar i Ukraina, og no lurer innbyggjarane der på om dei kjem til å bli offer for nattleg bombing. Det er tydeleg at den russiske militære overkommandoen har planar for bombing av ukrainske byar, og at planane er godkjende av generalstaben. Mål må peikast ut minst ei veke i førevegen, ettersom spesialistar treng å programmere navigasjonssystema til 500 eller fleire dronar. Dette er eit krevjande arbeid. Ein må ta omsyn til terrenget, plasseringa av ukrainske luftvernsystem som er kjende for russisk etterretning, og mange andre faktorar.

Bombing av Ukraina har lenge vore «kvardagsarbeid» for Russland. I tillegg til dødsfabrikken kalla Alabuga er det andre dødsfabrikkar, som krutproduksjonen i Tambov, så vel som eit tital fabrikkar i andre byar der sprengstoff, missil, glidande bomber og annan ammunisjon blir produsert.

Dei russiske bombeplanane har nyleg omfatta to byar som ikkje har vore bomba før – Tsjernivtsi og Lutsk. No ser vi ruinane av butikkar, bustadblokker og helseinstitusjonar i desse byane òg. Og sjølvsagt blir sivile drepne og skadde der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement