Når tala er viktigare enn resultata
Politikarane har sett «styringsmål» for å gjera politiet betre. Resultatet har vorte at politiet må prioritera dei sakene som pyntar rekneskapen mest, ikkje dei sakene som gjer at folk kan kjenna seg mest mogeleg trygge.
Gjennomsnittleg oppklåringsprosent for alle typar kriminalitet i Noreg skal vera på 38 prosent. Korleis kan det ha seg at oppklåringsprosenten til politiet for all kriminalitet i fjor var nett 38 prosent?
Lat oss sjå føre oss at det er ein mørk og stormfull aftan: Eit brotsverk har gått føre seg i Andeby. Nokon har brote seg inn hjå Bestemor Duck og stole perlene hennar! Veka etter går det same føre seg, men denne gongen er det hjå Dolly Duck det har vore innbrot. Perlene hennar er òg forsvunne, og Politimeister Fiks byrjar etterforska.
Førebels står han utan konkrete spor i saka, men sidan det er perler som har vorte stolne i båe innbrota, reknar Fiks med at det er den same brotsmannen som står bak. Innbrota er nett slike som Mikro-Midas plar stå bak, so Mikro-Midas får status som mistenkt i saka.
Men ved nærare ettersyn viser det seg at Mikro-Midas sat i fyllearresten i Gåseby båe helgane, so han har alibi for dei aktuelle tidsroma. Dimed vert Mikro-Midas sjekka ut or saka. Er saka då oppklåra? Sjølvsagt ikkje, men sidan oppklåringsprosent vert rekna i personar, ikkje i saker, er oppklåringsprosenten i denne saka alt 50 prosent, for mellom Mikro-Midas og den ukjende brotsmannen er helvta alt oppklåra, jamvel om korkje det fyrste eller det andre innbrotet har vorte oppklåra, og korkje Bestemor eller Dolly har fått perlene attende.
Slikt går sjølvsagt berre føre seg i Andeby. Eller? Nei då, slikt går føre seg i Noreg heile tida.
Styringsmål
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.