Når staten tilbyd kriminelle giftsprøyte

Den belgiske justisministeren har sagt ja til at ein drapsmann i fengsel kan få avslutta livet sitt. No har femten andre innsette levert inn søknad om eutanasi. Det opnar opp for eutanasi til folk med psykiske lidingar, varskur kritikarar.

Publisert Sist oppdatert

«Dette er ein skamplett for justisen», «det tyder innføring av dødsstraff». Slik var reaksjonane i pressa etter at nyhendet kom om at den belgiske justisministeren har sagt ja til eutanasi til ein fengselsfange.

For fyrste gong i historia skal ein straffedømd person få utført aktiv dødshjelp. Mannen det er tale om, heiter Frank Van Den Bleeken. Som tjueåring utførde han ei rekkje valdtekter, ei av dei enda i drap. Det var i 1980-åra. Men no har han fått nok – han vil ende livet sitt, og det har han altså fått lov til.

Belgia er delt i synet på domen. Kritikarar meiner avgjerda ikkje berre er ei snikinnføring av dødsstraff, men òg opnar for aktiv dødshjelp til personar med demens og sterke psykiske lidingar.

Sårbar drapsmann

Veltalande, intelligent og – ved fyrste augnekast – ein mann med eit sårleg ytre. Slik skildrar belgiske medium Frank Van Den Bleeken. Under rettssaka i 1980-åra erklærte domarane flam­lendingen for utilrekneleg. Men sidan det ikkje fanst ein psykiatrisk institusjon som kunne ta imot han, vart han sett i fengsel.

Lagnaden til Van Den Bleeken peikar på ei uhyggjeleg side ved belgisk psykiatri. På grunn av plassmangel sit meir enn 1100 belgiarar med diagnose som utilrekneleg i belgiske fengsel. Van Den Bleeken har sete om lag tretti år i ei fengselscelle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement