Når skulen ikkje fungerer

Lektor og forfattar Karl-Eirik Kval er ikkje tvil: Vi står framføre ei storstila privatisering av norsk skule.

Publisert Sist oppdatert

Ærlege bøker om norsk skule er ofte ei frygd å lesa, endetidsforteljingar plar vera det. I den vidaregåande skulen er det no friviljug oppmøte, ingen krav, berre rein glede og trivsel. Kvar einaste dag sit titusenvis av norsk ungdom i sin beste alder og chattar med vener på Facebook, Instagram, Snapchat og kva dei no heiter, alle desse nye læringsverktya Utdanningsdirektoratet har så stor tru på.

Dette kan ikkje vera sant, tenkjer vel ein del av dykk som les no, men det er faktisk sant. I boka Det store skolesviket dokumenterer lektor Karl-Eirik Kval det heile. Det er ikkje utan grunn at ingen som tok den lettaste matematikken på studieførebuande line i 2012, fekk karakteren 6, medan 67,3 prosent strauk eller fekk dårlegaste ståkarakter.

–?Klart vi står føre ei storstila privatisering av norsk skule; læringstrykket er fjerna, og mellomlaga kjem ikkje til å akseptera utviklinga, seier Kval.

Men det gjer Utdannings­direktoratet. Sumaren 2010 sende byråkratane der ut eit nytt rundskriv, denne gongen var skrivet berre på 95 sider og skulle «klargjøre bestemmelsene i forskrift til opplæringslova når det gjelder individuell vurdering i grunnskolen og videregående opplæring». Der stod det slikt som at «mang­lende deltakelse eller manglende innleveringer kan ikke trekkes inn i vurderingen», og «heller ikkje innsats i faget skal trekkes inn i vurdering i fag». Rundskrivet kom som eit svar på at lærarane ikkje heilt visste kva dei skulle gjera etter at det same Direktoratet hausten før hadde kravt at skular med fråværstak på 15–20 prosent fjerna grensa, sidan praksisen ikkje var heimla i noko regelverk.

Ja då, det er sant, kvart einaste ord.

Kampen mot vindmylnene

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement