Når sjøen surnar

Havforsuringa er eit kolossalt eksperiment. Både skrei og korallrev kan hamne i faresona.

Skreifiske utanfor Senja, 2015. Ein tysk studie tyder på at skreien kan få problem i eit surare hav.
Skreifiske utanfor Senja, 2015. Ein tysk studie tyder på at skreien kan få problem i eit surare hav.
Publisert

Dei menneskeskapte utsleppa av karbondioksid gjer ikkje berre verda varmare, dei gjer hava surare. Somme har kalla havforsuringa «den like vonde tvillingen til klimaendringane». For eit land som Noreg er det fullt mogleg at forsuringa av sjøvatnet kan gjere vel så mykje skade som klimaendringane.

Dei kjølige hava i nord surnar mykje raskare enn dei varme hava. Og når havet blir surare, kan det skape problem for ei lang rekkje artar som dannar skal eller kropp av kalk. Svært mykje av det som lever i sjøen, skaper seg sjølv på det viset, mellom anna krepsdyr, korallar, muslingar, kråkebollar og mange planktonartar. Og no finst det studiar som tyder på at sjølv ein tilsynelatande robust art som torsken kan få alvorlege problem i eit surare hav.

Surast i nord

Mekanismen bak havforsuringa er slik, i ein forenkla versjon: Kjemien i havet og i atmosfæren har eit tett samspel, og hava tek opp kring ein fjerdedel av karbondioksidet som vi menneske slepper ut. Når CO2 løyser seg i vatnet, blir det danna kolsyre som gjer hava surare. Sidan starten på den industrielle revolusjonen har den gjennomsnittlege pH-verdien i havet falle med omtrent 0,1 pH-eining, frå 8,2 til 8,1. Det høyrest lite ut, men skalaen er logaritmisk, så det tilsvarer ein auke i surleik på nær 30 prosent. Og fordi kaldt vatn tek opp CO2 lettare enn varmt vatn gjer, surnar dei nordlege hava mykje raskare enn dei tropiske. I Norskehavet har pH-verdien i overflatevatnet falle med over 0,1 eining berre på dei siste 30 åra.

Når vatnet blir surare, blir det mindre av stoffet karbonat, som er byggjematerialet for mykje av det som lever i sjøen. Og dette er ikkje den einaste moglege skadeverknaden av havforsuringa. Også fisk kan bli alvorleg påverka, på måtar forskarane framleis ikkje forstår.

Ny kunnskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement