JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når sjøen surnar

Havforsuringa er eit kolossalt eksperiment.
Både skrei og korallrev kan hamne i faresona.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skreifiske utanfor Senja, 2015. Ein tysk studie tyder på at skreien kan få problem i eit surare hav.

Foto: NTB scanpix

9474
20190215

Havforsuring

Mykje av CO2-utsleppa blir tekne opp av havet. Dette gjer hava surare

Havet har gått frå ein pH på 8,2 til 8,1 sidan industrirevolusjonen

Mange dyr som bygger skal av kalk, kan få problem i eit surare hav

Havet er no truleg surare enn det har vore på ein million år

Miljø

peranders@dagogtid.no

Dei menneskeskapte utsleppa av karbondioksid gjer ikkje berre verda varmare, dei gjer hava surare. Somme har kalla havforsuringa «den like vonde tvillingen til klimaendringane». For eit land som Noreg er det fullt mogleg at forsuringa av sjøvatnet kan gjere vel så mykje skade som klimaendringane.

Dei kjølige hava i nord surnar mykje raskare enn dei varme hava. Og når havet blir surare, kan det skape problem for ei lang rekkje artar som dannar skal eller kropp av kalk. Svært mykje av det som lever i sjøen, skaper seg sjølv på det viset, mellom anna krepsdyr, korallar, muslingar, kråkebollar og mange planktonartar. Og no finst det studiar som tyder på at sjølv ein tilsynelatande robust art som torsken kan få alvorlege problem i eit surare hav.

Surast i nord

Mekanismen bak havforsuringa er slik, i ein forenkla versjon: Kjemien i havet og i atmosfæren har eit tett samspel, og hava tek opp kring ein fjerdedel av karbondioksidet som vi menneske slepper ut. Når CO2 løyser seg i vatnet, blir det danna kolsyre som gjer hava surare. Sidan starten på den industrielle revolusjonen har den gjennomsnittlege pH-verdien i havet falle med omtrent 0,1 pH-eining, frå 8,2 til 8,1. Det høyrest lite ut, men skalaen er logaritmisk, så det tilsvarer ein auke i surleik på nær 30 prosent. Og fordi kaldt vatn tek opp CO2 lettare enn varmt vatn gjer, surnar dei nordlege hava mykje raskare enn dei tropiske. I Norskehavet har pH-verdien i overflatevatnet falle med over 0,1 eining berre på dei siste 30 åra.

Når vatnet blir surare, blir det mindre av stoffet karbonat, som er byggjematerialet for mykje av det som lever i sjøen. Og dette er ikkje den einaste moglege skadeverknaden av havforsuringa. Også fisk kan bli alvorleg påverka, på måtar forskarane framleis ikkje forstår.

Ny kunnskap

Ordet «kan» dukkar opp mange gonger i denne artikkelen. Slik må det vere, for kunnskapen om havforsuringa er ung og avgrensa. Inntil ganske nyleg var det få som såg for seg at vi menneske var i stand til å endre sjølve havkjemien i nemneverdig grad, og fenomenet har berre vore forska på i kring 20 år. Den amerikanske forskaren Joan A. Kleypas, spesialist på korallrev, har skildra si eiga første erkjenning av problemet i 1998: Midt under ein konferanse innsåg ho brått kva forsuring av hava kunne gjere med korallreva i verda, og reaksjonen var så sterk at ho måtte forlate lokalet for å kaste opp.

Ulike utfall

Ein forskingsartikkel av Kleypas i Science i 1999 vart eit startskot for forskinga på dei biologiske konsekvensane av eit surare hav. Sidan da har interessa for emnet hatt ein eksplosiv auke, og det finst no eit tusental studiar av korleis forsuring kan påverke livet i sjøen. Førebels er ikkje effekten særleg synleg i naturen. Spørsmålet er kva som kjem til å skje når hava blir stadig surare i tiåra som kjem.

Utfalla av laboratorieforsøk med forsuring er svært ulike for ulike artar: Somme sjødyr er upåverka av surare vatn, somme veks seinare, og somme tek alvorleg skade. Frå Noreg finst det mellom anna studiar som viser at hummarlarvar blir sterkt deformerte og kamskjellarvar døyr ved ein pH som er ventande i løpet av dette hundreåret dersom CO2-utsleppa held fram med å auke. Ein nøkkelart som krepsdyret raudåte ser derimot ut til å tole surare vatn godt.

Massedød

Noko av uroa over havforsuringa stammar frå studiar av den djupe historia. Mange forskarar meiner at havforsuring spela ei viktig rolle ved fleire tidlegare masseutryddingar av artar på jorda, ikkje minst den største av dei alle: I perm–trias-utryddinga for kring 252 millionar år sidan kan så mykje som 90 prosent av artane i havet ha blitt borte.

Den gongen kan det ha vore ein epoke med uro i jordskorpa og seriar av store vulkanutbrot som sleppte ut karbondioksid og gjorde hava surare. No er det vi menneske som driv utviklinga, med kraftverka, industrien og bilane våre. Ingenting tyder på at vi er på veg mot ein katastrofe av same målestokk som perm–trias-utryddinga, men spørsmålet her er kor stor skade CO2-utsleppa våre er i ferd med å gjere på livet i havet.

Sårbar skrei

For norske fiskarar og kystsamfunn er det særleg ein studie som gjev grunn til uro. Eit tysk forskarteam gjorde i 2016 laboratorieforsøk med nyklekte larvar av nordaustarktisk torsk, den fisken nordmenn kjenner best under namnet skrei. Forskarane såg på korleis larvane reagerte på vatn med ein pH-verdi som er sannsynleg langs norskekysten i 2100 dersom CO2-utsleppa held fram med å auke gjennom dette hundreåret. Resultata var alarmerande: Den daglege dødsraten til larvane vart dobla samanlikna med larvar klekte i vatn med dagens pH.

Kva biologisk mekanisme som ligg bak dette, er usikkert. Men dersom studien fortel om realiteten langs norskekysten ved utgangen av hundreåret, kan det innebere ein kollaps i verdas største torskebestand. I dei beste åra blir det fiska ein million tonn med nordaustarktisk torsk, og denne bestanden er ein berebjelke for Fiskar-Noreg og mange nordnorske lokalsamfunn.

Pessimisme

Sjølv om denne studien er illevarslande, er det grunn til å ta mange atterhald: Det trengst langt meir forsking før nokon kan seie sikkert korleis torskelarvane – og torskebestanden – i realiteten kjem til å bli prega av eit surare hav. I tillegg tok den tyske studien utgangspunkt i eit ganske pessimistisk framtidsscenario for CO2-utslepp: Vatnet som forsøkslarvane vart klekte ut i, hadde ein pH som er venta dersom eit høgutsleppsscenario frå klimapanelet til FN blir røyndom. Det inneber ei tredobling av CO2-konsentrasjonen i atmosfæren i 2100, samanlikna med situasjonen i dag. Men studien syner i alle fall at eit surare hav også kan påverke den viktigaste av alle artar for norske fiskarar.

Og om vi ikkje får redusert CO2-utsleppa, er det svært sannsynleg at forsuringa kjem til å føre til store endringar i Norskehavet og Barentshavet, dei økosystema skreien lever i. Det går fram av ein stor oversiktsrapport som forskingsprogrammet Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP) publiserte i fjor haust. Endringane av havkjemien kjem til å føre til «vesentlege økologiske og økonomiske konsekvensar», heiter det i innleiinga av rapporten.

Summen av stress

Kor fort forsuringa kjem til å endre dei nordlege økosystema, er uvisst. Men ifølgje AMAP-rapporten kan endringane bli merkbare i løpet av dei neste 30 åra. Sakteveksande dyr med kalkskal, som muslingar, er mest utsette, trur Richard Bellerby, forskar ved Norsk institutt for vassforsking og hovudforfattar av rapporten.

– Framleis veit vi altfor lite om korleis forsuringa vil endre hava. Men det er gode grunnar til å følgje svært nøye med på utviklinga. Vi må ta dette alvorleg.

Ikkje minst er det naudsynt å studere korleis ulike stressfaktorar til saman endrar livet i hava, understrekar Bellerby: I tillegg til at forsuringa går raskare i kalde hav, blir nordområda varma opp mykje raskare enn resten av kloden.

– Heile økosystemet er i endring. Vi kan ikkje berre studere artar som torsk eller isbjørn isolert for å forstå desse endringane, vi må prøve å skjøne sjølve fundamentet dei lever på.

Skaper vinnarar

Som med så mange andre menneskeskapte endringar i naturen er ikkje forsuringa av hava til skade for alle artar. Tare, ålegras og somme typar planteplankton ser ut til å få sterkare vekst i surare vatn, fordi høgare CO2-konsentrasjon fungerer som gjødsel, på same vis som på land. Dette kan igjen vere til gagn for andre artar, til dømes små krepsdyr som et planteplankton. Kombinasjonen av forsuring og oppvarming kan òg redusere talet på kråkebollane som har beita ned tareskogen utanfor Nord-Noreg, noko som vil vere bra for kysttorsken og mange andre artar.

Eit ukjent hav

Forsuringa er ikkje undergangen for livet i havet, og kanskje er noko av frykta overdriven. Forskaren Howard Browman ved Havforskingsinstituttet har peika på at det er lettare å få merksemd om studiar som viser alvorlege effektar av forsuring, enn studiar som viser liten eller ingen effekt. Kanskje vil avisoppslag som denne artikkelen vise seg å vere eit døme på alarmisme.

Men forsuringa og oppvarminga av sjøen er eit eksperiment i kolossal skala, med uvisse konsekvensar. Det havet vi skaper no, er ukjent i historia til mennesket. Vatnet i havoverflata har neppe vore så surt som i dag på minst ein million år, opplyser Ingunn Skjelvan, forskar ved forskingsinstituttet NORCE. Dersom CO2-utsleppa held fram med å auke, kan hava ved utgangen av hundreåret bli surare enn dei har vore dei siste 20 millionar åra, ifølgje National Oceanic and Atmospheric Administration i USA.

Sidan endringa av pH kjem gradvis, er det tenkjeleg at mange artar kan tilpasse seg eit surare hav gjennom evolusjon eller epigenetiske endringar, noko korte laboratoriestudiar ikkje kan fange opp. Men forsuringa no skjer ekstremt raskt samanlikna med tidlegare naturlege endringar av havkjemien. Det gjev livet i sjøen lite tid til å tilpasse seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er gode grunnar til å følgje svært nøye med på utviklinga. Vi må ta dette alvorleg.

Richard Bellerby, forskar ved Norsk institutt for vassforsking

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis