Når nauda veks med tilbodet

Tilbodet om psykisk helsehjelp er kraftig utbygd dei siste åra. Likevel er det lang ventetid for å få kome til psykolog.

Vi går oftare til psykolog enn før, og det vert stadig fleire psykologar å gå til. Men det finst ikkje undersøkingar som seier at fleire er psykisk sjuke i dag enn før.
Vi går oftare til psykolog enn før, og det vert stadig fleire psykologar å gå til. Men det finst ikkje undersøkingar som seier at fleire er psykisk sjuke i dag enn før.

Det har vore stor merksemd om det psykiske helsetilbodet dei siste vekene. Frå fleire stader i landet vert det meldt om lange ventetider for å få psykologhjelp, pasientar som vert avviste i spesialisthelsetenesta, og fastlegar som fortvilar.

Ifølgje Norsk psykologforening er det psykiske helsetilbodet i fleire kommunar ikkje bygt ut godt nok: Mange med milde til moderate psykiske plager eller lidingar får ikkje hjelpa dei treng i primærhelsetenesta, eller dei får medikamentell behandling når dei burde fått samtaleterapi. Nokre av dei vert òg viste til spesialisthelsetenesta, som er dimensjonert for å ta seg av dei sjukaste.

Samstundes er det langt meir psykisk helsehjelp å få i Noreg no enn før. Ifølgje Statistisk sentralbyrå vart det i 2018 gjennomført over 3 millionar polikliniske konsultasjonar i psykisk helsevern, i spesialisthelsetenesta – nær dobbelt så mange som i 2008. På same tid har talet på legar og psykologar som jobbar med psykisk helsevern, auka med 50 prosent.

Ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet er det òg «solid vekst» i talet på psykologar i kommunane, og talet på kommunar og bydelar som har søkt tilskot til psykologstillingar, har auka frå 95 til 380 sidan 2013.

Så korleis heng dette saman? Er vi psykisk sjukare i dag enn vi var før?

Ikkje sjukare

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement