Når naturen blir sjukVed Austersjøen døyr fuglar, fiskar og muslingar av mangel på B-vitaminet tiamin. Svenske forskarar fryktar at den underlege mangelsjukdomen er verdsomspennande.
Ved Austersjøen døyr fuglar, fiskar og muslingar av mangel på B-vitaminet tiamin. Svenske forskarar fryktar at den underlege mangelsjukdomen er verdsomspennande.
Mange av måsane Lennart Balk studerte langs austersjøkysten, var apatiske og ute av stand til å røre seg. Biokjemisk analyse viste at dei leid av alvorleg tiaminmangel.
Foto: Lennart Balk
Soga om tiaminmysteriet tek til med eit merkeleg fenomen i svenske lakseklekkeri i 1990-åra. Mykje av lakseyngelen som skulle setjast ut i svenske elvar, sjukna og døydde utan noka påviseleg årsak, og det same skjedde med sjøauren. Slike episodar var kjende også frå 1970-åra. Forskarane som studerte yngelen, var i villreie om kva problemet var. Så fekk biokjemikaren Lennart Balk ein lys idé, inspirert av den canadiske forskaren John D. Fitzsimons, som hadde påvist at mangelsjukdom tok livet av yngel i canadiske klekkeri. Balk gav den sjuke yngelen tilskot av B-vitaminet tiamin, og dei små fiskane friskna raskt til att.
Men dette var berre starten. I 2004 byrja Balk å studere sjøfuglane i den sørsvenske skjergarden, der det var kjent at mange fuglebestandar hadde krympa raskt. Det han fekk sjå, var urovekkjande. Mange av sjøfuglane oppførte seg underleg. Ærfuglar og måsar verka sløve og apatiske, og dei klarte ikkje å ta til seg mat. Mange av fuglane var for svake til å flyge, og somme av dei var heilt paralyserte.
Apatiske fuglar
– Dødsraten i mange fuglekoloniar var svært høg. Veterinærane kunne ikkje skjøne kva det var som gjekk føre seg, seier Balk, som i dag er professor i biokjemi ved Stockholms Universitet.
Nok ein gong såg det ut til at tiaminmangel var problemet: Injeksjonar med B-vitaminet gjorde i alle fall dei sterkt svekte, apatiske fuglane friske i løpet av to veker, medan ingen av dei sjuke fuglane som ikkje fekk tiamin, kom seg att. Balk konkluderte med at tiaminmangel kunne vere ei viktig årsak til det dramatiske fallet i dei svenske sjøfuglbestandane.
Dei neste åra heldt dette biokjemiske mysteriet fram med å vekse. Også ål fanga i svenske farvatn viste seg å ha tiaminmangel. Og fenomenet dukka opp lenger ned i dyreriket òg: Mange stader langs Austersjøen gjekk blåskjelbestandane attende, og dei svenske forskarane fann alvorleg tiaminmangel også i blåskjel på svenskekysten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.